4. juni 2011

Vekst-Undring

Pubertèt.Ei frykta tid.
Kroppar veks,og sjeler lid.
Langbeinlemmar hengsla feil-
redd for kjensler,glad i speil.
Altfor trøytt,men kan ei blunda-
tenk om ting skjer nett DENNE stunda??!
Hjartelengslar,tom for ord-
er eg bra nok..er eg stor?
Vil so mykje,orkar lite-
er det verdt alt dette slitet?
Ein dag fell alt stilt på plass-
du får VILJE,ikkje TRASS.
Og du sjølv har fått ei ro-
du har vorte vaksen no...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar