24. sep. 2012

Kledd til alle døgnets tider

Dagen har tatt hatten av
den vil ha ro og kvile.
Vaskar av seg alt av kàv
og ser seg syn å smile.
Pustar liv i eldebrann
heilt ytterst ut mot randa.
Lèt den lòga litegrann
med flammane mot stranda.
Målar so med mjuke stròk
eit eventyrleg skòde.
Fargevell longt vekk frå bråk
og snart skal natta råde.
Kvelden tek so kappa på
for vern mot nattas kome.
Stjernene er longt ifrå
men skinet kan du få med.
Glitreskin som lokkar lett
der ovanfrå og ned.
Blenkjer, strålar- lett kokett
på hus og alle tred.
Ser du lengje nok kan du
få stjerneskòt i syne.
Hugs å ynskje vekk all gru
før nattestell og dyne.
So kjem natta, pelskleddsvart
og har all verdas tòl.
Set vår dag og kveld til start
og lèt dei gå i mål.





13. sep. 2012

Korleis kom eg HIT?

Korleis kom eg hit?
Ja, ikkje slik " bia-og blomen"-korleis, men korleis vart det slik at eg havna her?? Hos Diggarane og midt i Litteraturens vakuum?

Bøker.
Alltid bøker. Frå eg var ei butt nevestor fregnepetrine, var bøker det kjæraste eg eigde. Eg las mi fyrste "Gulltopp og vennene"-bok då eg var knappe 6 år. Lèt meg riva med inni orda si verd, og kom vel aldri utatt..
Å kunne stilla opp små krokete teikn og få dei til å laga magi, eventyr- var for meg og er det enno, noko av det finaste på jord. Og frå eg skjøna dette med å skriva sjølv, kor rart og stort det vart når andre kunne tyda det som EG hadde knota isaman- har eg elska ord og orda si magiske makt. Ingen ord er for store, ingen for små til å kunne stå der- samla eller aleine og gje meg alle dei blanda kjenslene: Glede, sorg, frusturasjon, håp, spenning, tristhet, lykke, sinne, kjærleik.
"Det er no berre ORD!" seier somme. Javisst! Men når kvar og ein som les dei, tòrer
å leggja dei inn på smakslaukane sine og lata dei små og store orda smelte seg inn i bevisstheita si. DÅ!! Då er dei ikkje "berre" ord, då er dei heile univers av leik og moro, håp og draumar, visdom og mot.

Eg byrja ikkje å skriva tidleg. Likte nok godt skuleoppgåver der vi fritt fekk setja saman ord, sokalla Skulestil, men skrivelysta låg nok longt inne i meg.
Skulegong vart avløyst av arbeidsliv, forelskingar og born. Innimellom desse viktige livsvàla, låg leiken med ord og ulma. Bles seg sjølv sakte til glør, la sitt røykteppe nesten umerksamt i meg og vaks til eit vamt og levandes lite bål.
Skrivelyst.
Kva skriv ein so om når trongda for å nå UT med det ein brenn inne med, veks seg opp? Er det berre å gyve laus med fynd og klem, slengja ut av seg alle orda ein har der inne? Samla alt i sekkar kalla "Roman", "Novelle" eller "Poesi"? Er det berre å skriva det ned og sende det ut?

Eg starta i det minste romet. Vers. Rim. Dikt.
Somme fekk lesa og likte det denne lett slètne husmora med skrivekløe og publikasjonsvegring skreiv. Av ukjende grunnar, vart Facebook eit interessant medium for mor. Sjølveksponeringa small, og brått var grunnen for å skriva ikkje berre mi eiga glede over ordleiken, men også monge fylgjerar.
So lærer ein longsmed. Tek mot til seg der motet ikkje har feste men spikrast likevel og heng på. Er ein heldig, slik eg- får ein verbale spark i ræva og lyt kasta seg mot avgrunnskantar der fallhøgda er enorm. Då lærer ein å sleppa tanken på sikring. For. Kor longt kan ein eigentleg ramla? Ikkje lengre enn heilt ned. Og der nede? Der er det òg ord. Ord som: Sjølvkjensle. Uredd. Flink.

Blog.
Ja, so var vi DER. Når ut. Strekkjer orda vi har dandert ut til so monge som mogleg. Lèt andre få smaka og meir eller mindre sindig tenkje at: " Javisst! Eg kan skrive! Eg KAN skrive, eg MÅ ikkje- men eg KAN! "
Og slik gjorde vi det. Vi som digga orda, tydinga av teikna som vi lærde for ei æve sidan- vi som berre MÅTTE skrive, fordi vi kunne.

Spør deg sjølv:"Korleis kom eg HIT?"
Eg er ganske viss om at svaret er: "Fordi ord gjer sabla godt!!"

No er eg her ilag med deg. Velbekomme!



7. sep. 2012

Plass til orda

Ho tok for mykje plass, sa dei. Var for mykje, sa for mykje..gjorde for mykje utav seg.

Maria var.

Maria var heil i seg sjølv på ein måte som syntes innanfrå og ut. Nokre skjøna det, andre såg berre all plassen ho tok opp. Misunnelse vil vel klokskapen seia. Å ikkje unna nokon dèt ein sjølv mest av alt har hug til å vera, eller gjera- dèt er misunnelse.
Men dei såg berre all plassen ho tok opp, og la slett ikkje skjul på at det ikkje vart akseptert.
Ho skulle berre ikkje koma her og tru ho VAR noko! Jantelova hamra mot Maria, men Maria...?

Maria var.

Det var heile tida ein heil haug med ord som måtte ut av den vesle kvinnejentekroppen. Ord og kjensler som låg til brestepunktet i ho og verkte etter å få delast med dei utanfor. Ord som betydde heilt spesifikke ting for Maria sjølv, og som delt med andre òg kansje kunne få betydning for fleire.
So Maria delte orda. Sette tankane kring orda og alle kjenslene knytt opp imot kvart vedunderleg forma ord- i system, og skreiv dei ned. Lot dei få festa seg i kvarandre som små lekkjer av undring, mot, tristesse, lykke..faenskap. La litt av seg sjølv i, og overlèt det so til dei som deltok å summera opp og ta rekneskap over dei.
  Orda var, og Maria var- romfrekke. Slik Maria tok plass med orda sine, lèt ho òg dei aller fleste få ta plass kring ho. Inkluderte fordi ho VILLE inkludera, ikkje fordi ho MÅTTE. Slik ho såg det, var der meir enn nok plass til dei alle.

Likevel tok ho for mykje plass.
  Nokre gongar, når skuggane kraup makkvis framimot ho og stal lyset- gav ho stille frå seg plassen. Då vart orda mindre, og ein og annan gong forsvann dei heilt frå Maria...orda. Skuggane la seg då som seig korrekturlakk over og rundt ho, og køyvde alt ho prøvde å dela.

Skuggane meska seg på slike dagar. Breia seg sjølvsikkert ut og rundt og draup og rann og køyvde. Ingen av orda til Maria ville delast då, ikkje eingong dei stillaste og minst plasstrengjande som: "varsam" og "lojal". Alt berre knyttest innover og la seg som ein uoversikteleg vàse i Maria sitt ord-rom. Ikkje eingong den alltid smittande entusiasma hennar kunne løysa opp knuten då..ho måtte vente til der vart tildelt lys i skuggen att. Slike skuggedagar kom- og dei fòr. Maria hadde eit ordtak ho hadde henta fram innanfrå ein ordleiken krok i seg, eit slags mantra som ho lèt syngja i seg når skuggane tok ho.
"Livets snerk, gjer meg glad og sterk!"
  Ho hadde bestemt seg for at ikkje eingong den svartaste, kaldaste dag skulle berast fram utan eit anstròk av lys og varme. Ingen skulle få ho til å slutta å vera Maria, ingen skulle få ho til å gje frå seg SIN plass til fordel for noko som ikkje kunne delast med glede og lyst.

Maria var. Var fyrst og fremst Maria, men òg ein del av alt det store. Inkluderinga. Orda hennar var rett nok berre ord, men ordet har- som kjent er- makt. Makt kan brukast, eller misbrukast. Maria ville bruka sine til å lata andre finna sine eigne ord. Gje dei smak av sine eigne plassar i livet. Visa at ein har lov til å ta litt plass, lov til å finna sin eigen vèg- og gå den med heva hovud og ha plass. Ikkje ta plassen til andre, men fylla sin eigen plass slik den er meint å fyllast: med heile seg. Heil. Lovfesta plass i livet, rettmessig eigar av eigeverd.

Slik var Maria.
Plassen hennar, er hennar. Orda hennar er eigne, men til allmen bruk.
  "Gje, so skal du få" står ein plass i Skrifta. Gir du litt av plassen din til andre, kan det henda at du, som Maria- får endå større plass. Plass i hjartet til fleire, og viktigast av alt: din eigen plass: DU!!

Dei som tykte at Maria tok for mykje plass har ikkje mindre plass i Maria sitt liv, tvert imot. Ho har skjøna at dei er ei motvekt til all den plassen HO tek, og det treng vi alle. Ei motvekt som kan vera trygga når ein berre skjønar den og slepp taket i illusjonen skuggen i den er.
For..
Maria såg desse skuggane som ein del av ho sjølv, og innsåg at vi ikkje kan skapa skugge utan lys. Og lyset vèl vi sjølve å anten ha PÅ...eller AV.
Maria var ei som tok stor plass. Ho delte av orda som strøymde i ho like sterkt som lyset ho omgav seg med, og orda gjekk frå lys til skugge...til lys igjen. Av og på. Til alle, for alle.

Ord. Som no er delt.



4. sep. 2012

Å møte døra

Eg møtte døra.
Ho kom for fort.
Der stod eg, fortumla i kulda.

Eg bar vel børa.
Men kom til kort.
Og visste godt kven som bar skulda.

Døra stod stille.
Sa ingenting.
For kva skulle treverket seia?

For, om den ville.
Sjå deg ikring!
Den gjer nok best i å teia!

Ute i verda.
Var ingen nær.
Ingen som eg ville nærast.

Men med på ferda.
Ein tanke kjær:
"Livet er til for å lærast!"

Eg møtte døra.
Og døra meg.
Vi tok kvarandre i hende.

Og tyngste børa-
vi saman dreg.
No helsar eg døra- den kjende.





2. sep. 2012

Ti-tær-på-to

Alt det same kva eg gjer
har eg ti heilt ulike tær!
Ei ganske bittelita ei
som forma på ei barneskei.
Ei anna ei- òg lita den!
..men jamvèl større enn sin venn
den sprikar lett og krøkast ned
og har ei form som lettbøygd knè.
So har eg to som liknar mest
den eine: mulen på ein hest.
Den andre, skeiv som hesjastaur-
den fekk eit bèt eingong av maur!
Ei stor, vel...TO!
..som ikkje heilt er glad i sko.
Dei ruvar godt og tèk nok plass
og skubbar sidelengs på trass.
Den tåa som er nummer sju
er faktisk fin, det må du tru!
Den har litt hår på kruna si,
eg ser det veks òg, vitterlig.
Men so ser eg på siste par,
den eine har ein nagl so hard.
Den veks seg inn og verkjer slik-
at siste tå er bleik som lik.
For den får ikkje puste fritt,
so just for den, er livet stritt..
No kan de sjå og rekna etter,
på Gubbefru og VeslePetter.
Og kansje kan de eingong få
eit glimt av ti ulike sjå!




Far vèl, vèn

Du låg utan pust og eg visste:
"No heilar eg aldri igjen!"
Eit skàl, ein kropp i ei kiste.
Du var ikkje lengre, min vèn.

Det levandes i deg tok ende,
og alt det du stritta imot-
for gleda til livet du kjende
der du gjekk til dødrikets blòt.

Om du ikkje lengre kan danse
slik villskapen i deg tok bu.
Eg vonar du einstad vil sanse,
og minnast- eg lit på mi tru.

I døden er alle ting kalde
men isen i hjartet mitt brast.
Ein von om at dagar er talde-
ei long rekkje dagar før rast.

Mi tåre tek fylgje med songen
den song som er din melodi.
Den du velgde ut sjølv, dengongen
før sluttpusten din gjekk forbi..

"Far vèl, vèn". Dei heilt siste orda.
Dei tyngste som nokon har sagt.
"Far vèl, vèn". Du kvilar i jorda.
Vi gjeng ikkje lengre i takt.







På spissen

Sprikeord
som sultne tøser
spiser blyantspissen frekk.
Kun et viskelær
oppløser
alle sprikeorda vekk.