30. aug. 2012

Redd Frykt

Rakt bak den stengde døra
sat Redd og gøymde seg.
Han bar den tyngste børa
han venta Frykt sitt stèg.
Frykt stod med hògg i halsen
han ville banka på-
men feiga ut i valsen
og so gjekk Frykt i stå.
Redd sat og pusta stille.
Han lya etter Frykt.
Og pulsen rasa ille-
her var det ikkje trygt!
På trappa stod som fròse
det Frykta skulle gje:
Ei isna Frykt si rose
og Frykt på sine knè.
Frykt sa med lita stemme:
"Eg har slik hug til deg.
Vær god å gløym mi blemme,
og kom ut hit til meg!"
Då gjekk Redd ut til frenden,
og tok imot hans kvast.
Og slik tok Frykta enden-
og Redd si redsle brast.



24. aug. 2012

Invasjon

Dei glefste etter han, snerra med svarthòla kjeftar med berre avgrunn i. Svart materie, svart avgrunnsdjupn utan ende.

Han pirka på den stadig veksande sårskorpa på olbogen. Det låg grøn puss under, eit sikkert teikn på at han burde lat den vera ifred. Men det å pirke i det, opne opp verken endå ein gong- gav han ei form for tilfredshet. Fred. Kvar gong såret nesten var grodd, nesten fritt for grøn verk...då pirka han på det att, for å forlengja kjensla av fred.
  Kva såret kom ifrå, hugsa han ikkje lengre. Det var utan betydning, no- og han gav dessutan ein blanke noksagt i om det nokon gong grodde! Berre han fekk sitja ifred frå alle krava som kvar dag hagla over han som skarpsmidde taggar. Krav. Oppmodingar. Spørsmål og mas i ein jamn straum som ikkje hadde verken byrjing eller ende. Alle berre gnog og åt og glefste mot han med kjeftar svarthòla av gift.

"Havtor...Værsåsnill..kom ut!!! "
Stemma frå utsida av døra var den same som alle gongane før. Masete. Bydande. Sytande nasal og krevjande svart. Døra stod som silkepapir imellom stemma og han sjøl, der inne i fredens sentrum.
Pirka og pirka på sårskorpa og sende ein klebrig strime puss og blodvatn nedetter underarma.
"Hald kjeft og gå!!!!"
Havtor sa aldri noko, berre tenkte det. Kjeften der utanfor var altfor nær, altfor ràm i eimen til at han turde opna opp for svar. Var viss om at han kom til å bli lynsja, halshøgd- fortært, om han gav seg i kast med dialog. Det var altfor farleg å late opp døra òg. Han gjorde det berre når vibrasjonane frå utsida av silkepapirstengsla stogga og svann. Og når han hadde telt til tusen fire gongar, kroppa på skorpa til den opna seg att og endeleg opna augene..då kunne han puste inn. Då nådde ikkje gifta han lengre, ingenting kunne nå han då.

Augo gløste rundt i det halvmørke romet. Bak i nakken ila det kaldt. Der rann kvite makkar opp og ned longsmed nakkegrop og hårfeste. Det hadde ikkje virka denne gongen! No var sårskorpa vekk, heile såret låg òpe, bart og med ein sakte straum av væske. Dei kvite makkane åt seg innunder nakkehårshuda og rett i nervesenteret. Frykta. No var det for seint å telja!! For seint å gjera dei trygge tinga som gjorde at han kunne gå ut. Fryktknappen var trykt på, av noko utanfor han sjølv- noko eller nokon som ikkje var på hans lag hadde trykt på knappen. Trykt so hardt at noko brast og den ikkje kunne reparerast. Same kor monge gongar han i rasande fart telde til tusen, kraup berre makkane lengre og lengre inn. Inn mot Kommandosentralen, dit ingen skulle koma..berre Havtor.

" Vi fann det naudsynt å gje han sterkare medisin, men det var kome for longt og tvangstrøye og isolat var det sikraste. Denne gongen vart det verkeleg ille, og vi kan ikkje ha slike episoder her. Det har med sikkerheita til både medpasientar og personale og gjera. De kan skriva under på fullmakta her, eller senda inn klage til leiinga. Uansett har vi vårt på det tørre!"

Han kjende kor dei åt seg inn i kommandosentralen. Åt seg feite og svartna på vegen inn. Men han gjorde inga motstand lengre, alt var berre flatt- vakuumisert. Sårskorpa var nesten grodd. Det kunne han kjenne gjennom det stramme lerretsstoffet som tvang armane att og bakom. Ingen sjangse til å pirke laus ein flik ein gong, ikkje ork til å telja til tusen...

Svarthòlskjeftane hadde stilna i bakgrunnen, men dei eingong so kvite makkane byrja å lage lyd, messa sin kvislande song:
"...tusen gongar, tusen glefs. Ingen nåde, berre refs! Tusen kjeftar èt deg no, smakar søtt di indre ro!!!..."

Dei lydisolerte veggane gav knapt frå seg resonnans då han vrengde lydane sine ut..

23. aug. 2012

Mi eiga stamme stend stødt

Kveldshungrig stend profilen mot dei gråe fjella, bar.
Eit omriss av eit tre som fjellstøtt stend.
Skjelv litt ytst i blada, som til haustfall gjer seg klar.
Snart snur sola opp og gjer si vend.
Ned longs stamma snirklar det seg furer, gamle sår.
Stilt sin kamp mot vinden syng dei no.
Alle fine merkjer etter motstand, år for år.
Legg seg lag på lag og lèt seg gro.
Sevjestraumen stilnar ikkje før når frosten tek.
Då legg den seg kald og berre dormar.
Ligg i dvale, inst i lyet- der er ingen snèk.
Ingen krig mot veir og ville stormar.
Berre uredd vilje, som stend opp for sjølve seg-
motstandskraftig livsånd- tru på livet!
Veit du?..slik som trèet viljar, viljar også EG!
Dvalar litt og stend so i det givet!

21. aug. 2012

Verdsleg blåtid

Mitt hus det stilna
det gjekk til ro.
I gangen stod der
eit par med sko
..dei rådde grunnen åleine.

Blå kom so kvelden
med drag av haust.
Den låg kring nòva
mot fast- og laust
..og sleikte vindauga reine.

Eit kattekrèk passa byttet opp
sneik silkepotar mot mold.
Snart stilna skrika som jàget gav
til metta, ikkje av vold
..stilt inn mot nattematferda.

Mot natt kom månen
den gule Gud.
Og kledde alle
i natteskrud
..og sløkte ned halve verda.






19. aug. 2012

Unison/Union

Og alle gjekk til sitt.
Dei hadde nok å gjera.
For livet det var stritt.
For menneskja i verda.
Snautt landet deira låg.
Med golde, aude strender.
Men der var fugl i flòg
som vårvisst heimmot vender.

Og alle tok til sitt.
Til arbeid, hardt som stål.
Snart var det berrfrostfritt
og vermd frå røykjebål.
Der alle sat i ly
mot vind og i mot råket.
Heilt stille, utan kny
i utkanten av bråket.

Og alle tenkte sitt.
På dei som reiste føre.
Ein tanke slik, kjem titt
som onglar på eit snøre.
Dei som var trygge no
der himmelen stod stille.
Der alt av korn fekk gro
slik det her ikkje ville.

Og èin steig opp og sa:
" Vi hev eit valg- ei retning
Vi kan herifrå dra!"
-sa han i same setning.
"Kan DEI, kan også vi!
Alt vi treng no er håpet!
For ingen treng å bli
ein rævdiltande tåpe!!"

Og somme berre gjekk.
Men nokre vart attende.
Slik kvar ein lagnad fekk
si eiga torv å vende.
I flokk kan fødast vòn
om berre èin stend føre.
Og skipar union
og dreg i samla snøre..









13. aug. 2012

Avslått dag

Pute!
Legg bi no og klargjer for natt.
No skal mi verd snart stå stille.
Natta kjem smyglett som kjælnaste katt.
Draumsongen min den skal trille.

Tanke!
Sløkk ned og tak minnene med.
No bakom dagen kjem sova.
Alt som var rørsler skal no gå i fred.
Draumer gjer godt, kan eg lova!


Nasedrag

Nasa sanka lukta av turrhøy på ei eng
og fire modne blåbær på eit strå.
Slikt eit lukteminne eg tek fram når eg treng
når dagane vert kortare og grå.

Same nasa drog inn ein snek av nedbrent bål
av pølser-på-eit-spyd og plomesaft.
Lukt av varme dagar og ein som heitte Pål
som spikka sverd av mormors kosteskaft.

Når dag gjekk inn mot natta der nattedufta låg
når kveldsdisen kom skòddetung og kvit.
Då tok mi nase retning mot der mitt auge såg
og åt inn smak av sumar, bit for bit.

I natta fekk ho kvile og låg heilt rolig, ho
fekk kvild for alle luktane av dag.
Men sjølv i drøyme, stille- der i si nattero
kraup eimane i løynde andedrag.

Eit søtleg siv av myrke, eit svartkledd pust av natt
kom virvlande på vindar i ein draum.
Og nasa fanga opp alle streif av slikt, betatt
lèt opp si dør og slapp inn denne straum.

Slik fangast alle bilder, dei som har lukter i
dei setjast inn i ramene vi har.
Vi trekkjer berre pusten og plutseleg er vi
tilbake dit vårt lukteminne var!



9. aug. 2012

Nakent ynskje kledd i håp

Eg vil ha ein som kan elska alle linjer på mitt skinn
som stryk håret, det som grånar vekk frå kantane av kinn.
Held meg nære når eg rasar og skrik villskapen min mot han.
Elskar meg med strake auger slik som berre denne kan.
Aldri bøyer denne nakken, vrir seg unna mine blikk-
men står i det når det væsnar, tòler meiningslaus kritikk.
Kan han finnast? Lyt eg leita, eller leiast han mot meg?
Eg tygg håp og stend i trua, kansje når mitt ynskje deg.

7. aug. 2012

Spireri

Ho gjekk der einsam
ploga spor
men utan såkorn
til si jord.

Kvart steg ho gjekk
kvar augneblikk
ein gjennomtrekk
eit einsemdstikk.

Og åra la seg attepå
heilt utan eld
men no og då
bittersøt kveld.

Longs fara var ho sterk og trygg
men tom inni det inste.
"Kva er det vel eg driv og bygg?
Eg- einsam. Eg- den minste?"
"Treng eg vel jordisk paradis
eit simpelt liv til leige?
Når einsemda sin største pris
er meg, eg sjølv til eige?"

Og tanken spratt som trollet fram
den kom so straks attende.
Der sjela kjendest smal og stram
der alt av tvil tok ende.

Om der no var ein større plan
ein plan med såkorn i.
Då var der vatn i hennar kran
til framtidsspireri!

For livet- ser du, vil oss godt
men spesielt for somme,
og kven veit, kansje har ho fått
eit såkorn i si lomme..

Pallplass

Balletak på livet- tida
knip meg fast med klørne på!
Spring meg opp på lengste sida
ser at der er plass til få.
Sigrar sjeldan men får gull-
bit og kjenner smaken.
Min pokalplass den er full,
du kan få ein maken.
Om du øvst på pallen stend
seiersrik aleine.
Ser utover gard og grend
som den fremste, eine.
Vit då at der sit eit hav,
alle du passerte-
som er rike i sitt kav
DU er den blaserte!
Ikkje alle treng til gull
eller plass på kartet.
Sjølv dei med poengplass null
spring sitt liv med hjartet..

Overfokusering

Når hjartet slær som ei discotromme
og pusten hylar i opè svelg
Når tankane ikkje meir er fromme
og kvardagen bikkar opp mot helg
Då veit du godt at du burde stògge
og roe ned alt av ståk og stress
Men du vert ved det å trene, jogge
og ligg i svime i treningsdress..

6. aug. 2012

Eg speglast av

So var det oss att, spegelen og eg.

Kvar morgon det same ritualet, kvar dag eit stille nikk og ein stille aksept frå eine sida til hi. Aldri usemje, aldri vonde ord. Berre ei stilletiande avtale om å fara vèl med den andre.
Vi har vokst opp ilag, vi to. Spegelen har nok blitt bytt ut ettersom åra har gått, men eg har nok ikkje vore heilt den same heile tida eg heller...Stendig i endring, nye sveisar, hårfargar, sminka/usminka, trøytt, energisk, smilande, ettertenksam, ung...eldre.
Nett dette siste aspektet har slått i meg som ei rot i det siste. Eg har blitt eldre. Det har eg no jevnt og truttsamt blitt heile tida, men det er som om eg no har skjøna det- akseptert. At eg er eldre, vaksen i min andre del av livet.
Eg har sett endringane so gradvis jevnt at eg somme dagar lyt lata att augo som for å erindre korleis eg såg meg sjølv for ein del år tilbake.Yngre, men likevel eg. No er eg den eldre utgåva. Men likefullt meg.
Skikkelsen der inne i spegelverda, er eldre- ja, men meir MED. Meir heil inni, meir tilfreds, meir meg.
Eldre i skinnet so vel som i sinnet, men nærare spegelbiletet enn før. Eg kan sjå heile meg, alle dei kroppslege, sokalla skavankane. Dei eg før helst ville skjule både for meg, for andre og for spegelvenen min.. No ser eg dei same uopprettelege erfaringssåra. Ser at dagar og år har teke meg med over bratte fjell og ned djupe dalar. Ser gledene og lykka som har laga fine plogfurer longsmed smila mine, desse små forgreiningane av levd liv som sakte grev seg inn under huda og inn i kjerna av ein sjølv: rynkene.
Eg har eit minne om min eigen morfar, han vart ingen svært gamal mann- men levde nok eit fysisk hardare live enn det vi gjer no. Han hadde eit slik vèrbitt andlet, eit andlet med merkjer etter alle turar ute. Merkjer etter sine slag, sitt livslaup. Og eg minnast kor godt det var som lita jente å sitja på morfarfong og ta på desse merkja. Kjenna linjene som sprakk opp kvar gong han smila eller song og undrast på korleis dei hadde kome dit- til andletet hans. Og eg tykte dei var vakre. Uendelig fine, som silketrådar i eit spinn, mjuke ringar på eit stille vatn...
No ser eg slike silketrådar i mitt eige andlet, og istaden for å skjemmes eller prøve å viske dei ut med sparkel, helsar eg dei velkomen. Uansett har dei kome for å bli. Kome for å fortelja meg MI historie sett i ein spegel som heng der, trufast.
Eg er glad i det trufaste. Men eg er òg glad i det å erkjenna endring. Eg veit kva som ligg bak endringane, veit årsaka til linjene, silketrådane og aldringa. Det eg IKKJE veit, det som fortsatt endrast og vil gjera det lenge enno- dèt veit eg mindre om. Men...eg veit at spegelen min vil fortelja meg det etterkvart som dei kjem- endringane. Og saman finn vi ut av det og aksepterar stilt.
Ein dag, monge dagar etter denne- vil berre spegelen stå att. Han vil halde eit stumt minne om ho som alltid stod skulerett framføre, og veta at den siste endringa...er konstant.
..eg innsåg noko anna her ein dag: Eg såg nemleg, der i spegelen min- at eg er eit slags spegelbilete av MI mor...slik HO var av si. Og at mine etterkomerar er spegelbileter av meg. Slik bitt vi på ein måte saman endringane til ei ubryteleg lekkje av endring, arv og framdrift.
Og spegelen kastar bileta fram og tilbake over baderomsvaskar og entrèar...og seier lite, men likevel alt!

1. aug. 2012

Tikk-Takk

Kvar kjem ho frå
den tida vår
frå sida, skrå
år etter år?
Den samlar håp
og draumars mot
og gjeng til dåp
med luftig fot.
Tid brest og bygg
og synest ei
men gjev oss trygg
og rettlagd lei.
Og tid hev gått
og tid er no
og gjeng den trått
og stend i ro-
so bèr den fram
og longt iveg
til trappetram
med tidlaust steg.
For slikt eit ord
som tida er
gjev vekst for jord
og det den ber.
Og om einkvan
hev tid til deg
ei kvinne- mann
før dagen dreg.
So ver I den
ver tida du
og få igjen
det tapte NU!!

Blodig alvor

Kniven delte
skar dei snøgt
sakte rann det raude.
Blodraudt belte
kappa, høggt
men dei var alt daude..

Vrengde blikk
som såg seg mette
åstaden var her.
Tungeslikk
og sveltelette
årets fyrste bær!