28. juni 2012

Kostnad

Og handa di med sitt milde stryk
den gav meg letta for dagen.
Det kan eg minnast om snora ryk
og slepp laus sorga i magen.
Ditt varme blikk, det med botnar i
det la seg stilt i mitt eige.
Og sjøl når stunda er vèl forbi
eg tek fram tida til leige.
Du sa med augo: "Kom hit til meg-
legg deg inntil, vakre kvinne."
Og eg la landfast tett inntil deg
og lèt mi sjel roa finne.
Men alt har ende og dette òg
for ingenting varar lenge.
Men alt det sagde og alt eg såg
det var ein god lærepenge.

26. juni 2012

Godsynt

Det inste kjem ut og vert heilare slik
vi vrengjest og veit det er rett.
Og når vi lèt brorparten ofra ein flik
då veit vi at "takjet" er tett.
For om vi kan gje av det minste vi har
til nokon som faktisk har "alt".
Og veta at no la du kjensla di bar-
og fekk bota for nokon betalt.
Ja, då smilar håpet sitt lystige smil
og gjev deg sin einvegsbillett.
Og dansar deg framimot ei lykke til
fordi at du nokon har sett.

24. juni 2012

Svar avgitt

Kva er fint og kva er stygt,
kva er skilnaden på dette?
Kva er farleg, kva er trygt-
gjer eg feila mine rette?
Slike spørsmål krev sitt svar,
tumletankar frå min pode.
Svarar at eg ikkje har
adgang til hans spørsmålskode.

Smågodt

"Å, rykk ikkje meg ut or dagen enno!
Eg lyt fyrst få kjenne på kvelden!
Og den synst eg varar til klokka er to-
fyrst då kan du blåsa på elden.
Når ljoset no endeleg kom på besøk,
då tykkjer eg at vi kan feire!
Om du steikjer kjøtet, kan eg hakka løk-
for det kan no eg mykje beire!
So opnar vi opp denne vinflaska her-
den du vann på vinlotteriet.
Og etterpå, når du i natta meg bèr
...skal du få alt smågodteriet..."

Musikktime

Regndråpane krafsa med lette vassklør mot markisa. Traff seglduken som var spent over uteplassen med små hikst, rann avvæpna og forsvann i ein tråd av væte ned mot dei solvarme skiferhellene.
Under sat eg. I mi eiga kokongverd av mjuk fleece og rekogniserte, tok imot alle utenomverdlydar og filtrerte dei. So monge lydar ein stille søndag kan ha i seg, so monge sanseinntrykk vi kan klare å ta inn utan at plassen vert fylt opp og det renn over? Undring.

Slik sat eg, med raua godt planta i ein stol- føtene i ein annan og spana med øyrene. At det ligg mykje musikk og rytme i ein heilt vanleg søndag, er ein ganske fornøyeleg oppdagelse. Der eg sat, i gåavstand til det ikkje-eksisterande bylarmlivet, oppdaga eg ein form for musikalitèt som var for meg ganske ny. Det å ikkje kunne sjå anna enn ein flik av fjell, fjord og nokre hustak i det fjerne frå den begrensa utsikta under markisa...det gav desto større grunnlag for å bruke hørselssansen- øyrene.

Bilane. Den ganske endelause tilstrøyminga av motorisert bevegelighet låg som ei bassline, som ein undertekst i ettermiddagen. Rusing av krefter etter forsèring av farstdumpen. Akselerasjon. Gummi mot asfalt. Puls, fart, krefter...puls, fart, krefter. Same gjentakande lyd, med heller liten variasjon i lydnivå.
Og oppå denne monotome basslina la det seg eit lite, agressivt riff frå dei flygande heltane: måsane, med sitt karakteristiske kaia-kaia-plui. Skjora si evindelige skvatring og kråkehopen sitt hæse kraks. Som om ein DJ hadde sett lydane saman på miksepulten sin , sampla og redigert for so å leggja dei kvasse lydsnuttane over bassen.

Det funka. Det funka som faen for meg! Eg tok meg i å tromme med fingrane mot plaststolen eg sat i, knipsa lett i lufta og nynna endåtil litt. Dette var lyden av søndag. Lyden av sommar og solrike dagar, lyd som alltid VAR der men som brått hadde fått ny tonedrakt. Og ei fornya kontrakt hjå meg.. Dette var den hippaste, mest funky`e beaten eg hadde høyrt på lenge. Lydane sat. Dei gjorde seg i eitt med meg og eg likte det. Øyrene smatta av velbehag og la seg flatt bakover for å få med seg alt.

Longt vekke kunne eg ane flydur, småbåtar som sette farten opp midtfjords, klemta frå ivrige sykkelklokker, skarpe stemmer som prata like skarpt på eit språk eg ikkje forstod, men med ei rytme eg forstod. Det var søndag, sol og sommar. Det var våte dammar etter det flyktige regnet som hadde gjort til at eg flykta innunder kokongmarkisa mi. Det var øyregodt rundt heile meg og tre meter med utsyn til ei heil musikkverd.

" Music was my first love" heiter det i ein song. Vi har det i oss- alle. Evna til å kjenne på det repetative, udefinèrbare mesterverket som ligg i lydar. Lydar skapt av menneskehender, eller slik som no: søndagslydar frå det utanfor oss sjølve som vi ikkje treng SJÅ, berre høyra.
Og...kjenna inni oss.
Musikktimen er over. No skal auger og sinn få metta si. Eg skal lese litt.

23. juni 2012

Tidseksponering

Tida var koma, tid hadde gått
og tid var igjen til oss alle.
Somme treng tida til byggjing av slott-
stålkalde reisverk av galle.
Murar opp, fjernar seg sakte ifrå-
det som vi får ifrå tida:
Lykka ligg oftast i innerste krå-
ei på den grønaste sida..

Det siv

Og kvelden bar og kvelden levde
sitt eige liv.
Og kraftfullt, grønt- på bakken bevde
eit lite siv.
Eit einsamt teikn på at ein åleine
trass strevet-
kan staka kursen, den sanne- beine
og leve.

Rutetid

So kom den- morgondagen, ny.
Den sjeldne, stille sorten.
Den var ikkje til mykje bry-
den opna våkenporten.
Mot ruta mi kom sola på
og ville ha meg ut,
og lokka: "her er meir å få-
til jente og til gut!"
Eg strekte kropp, og tøygde sjel
og fekk på morgonfjeset.
Og sa til sola: " Vent eit bèl-
med dette morgonrèset.
For eg må ha litt betre tid
og få litt mat i kroppen.
Men so skal eg nok gjera flid
og dingla litt i stroppen!"
Og sola venta trufast, ho
og vermde opp der ute.
Og eg vart både varm og god
av sola mot mi rute.

20. juni 2012

Passivitèt

Og alt var godt
og alt var vèl
og reint bedrageri.
Ihjelkokt lygn
til inste bein
der sanninga tok fri.
Og nokon sa
og nokon tok
og ingen snakka sant.
Der lygna stod
og æra brast
der eg betalte pant.
Mi lomme lo
sin hule song
der den var vrengd inn-ut.
Naive skuldrar
køyrdest høgt
mot lygnas skattefut.
Om alt var vel
om alt var godt
kven ville registrere?
At usant snakk
og ureint spel
er lett å akseptere..

Sumarstudine

Å liggja ryggflatt under eit gamalt eiketrè-
og gløyma stad og stunder og berre kjenna fred.
Å tyggja på eit strå som har vokst opp same år-
og ikkje eiga fordom for dei frå andre kår.
Men berre la seg føre i tankens eiga kraft-
og kasta alle børe`og supa jordbærsaft.
Slikt skal eg ta meg tid til- iallefall eingong!
Og då tek eg på solsmil og nynnar sumarssong.

19. juni 2012

Nattsnok

I enden av dagen med nattkroppen på-
ligg nokon å lurar i kroken.
Det er litt for mørkt og eg kan ikkje sjå-
men kjenner den kvæsar, den snoken!
Den buktar og vrir seg- er stålsatt, parat-
og ventar no berre på tur.
Men eg har`kje tenkt å bli nattsnokemat-
til dèt er eg mykje for lur!
Eg latar som om eg er klar for mi seng-
og strekkjer meg som for å sova.
Men grip etter kosten og gir "den" et dæng-
..min nattsnok er vekk, kan eg lova!

18. juni 2012

Mann-i-fest?

Gifta di la seg i òpne sår.
Etsa seg innunder hud.
Kom ikkje du ifrå meintrygge kår?
Når vart DU eigentleg Gud?
Bakom fasada di, utspjåka god-
gror du ut vilje so vond.
Du lærte aldri dei ti rette bòd-
du er ihjelsyra ond.
Men om du trur at du herifrå går
frikjent med æra på plass.
Vit at du alt har fått banegongssår,
flammar et gifta sin gass!
For lukt til Helheimen kjem du tilslutt-
ned til din overmann, raud.
Flammane der gjev ein nedrig salutt-
..då er det DU som ligg daud!

17. juni 2012

Smålåt gråt

Det tåretunge kinnet låg ned mot puta di.
Det mjuke, glatte skinnet som før idag var bli`.
No sov du gråten stille til neste morgonstund.
Og draumen var den snille og i den var Jon Blund.
So vanskelig å være av berre solskinsvèr.
Men alle små lyt læra å skilja rusk frå bær.
Og skjøna når å teia og når å seia frå.
Og det å finne leia dit det er trøyst å få.

Solfilter

Eit lite skifte av dynamikk i lyset. Eit ørlite kast med hovudet i den retninga der lyset traff dei svaiande trea. Og eg var ein annan stad, i ei anna tid.
   
Tunet heime.
Dei velkjende bygningane som kransa mitt vesle rike. Verda mi, verda slik ei lita jente med blå auger og solbleika pannelugg såg den. Den låge kveldssola som varma hustaka med sine siste, lengtande blikk. Fargela verda mi med mjukt filter, nett slik i valøren som ein ser på fotografi ifrå same tidsepoken: syttitalet. Syttitalsgulna og litt sløra skjær.
Alt som jentunge hadde eg denne lett ambivalente kjensla i meg når seinsommarssola la sitt kveldsblikk over tunet. Alt då fekk eg denne trongda til å få vera I det, omfavna stemninga- den lett trolske melankolien som fargane gav...Anda det inn på ein måte som gjorde det lett å ta det fram att når alt vart gråleg og fargelaust. Stod der altså og kneip halvvegs att augene for å sjå med mitt eige filter oppå lyset sitt.
At ei stemning kunne trollbinda ei lita jenta so mykje, so mykje at ho monge år seinare stod ein heilt annan plass enn tunet heime, og kjende seg lita att. Lita, men trygg. For det var dèt som var essensen i dette augneblikket, dèt som gjorde at det stakk i bringa. Stakk med mjukesida av det emosjonelle i meg, tryggleiken eg alltid har forbunde med barndomen min.
Tryggleiken låg kansje ikkje i dei solfarga hustaka. Ikkje i dei fønvindgrasiøse bjørkekrunene som mest hypnotiserte med rørslene sine. Ikkje den varme sanden mellom små tær, eller spelet til svaleakrobatane høgt, høgt der oppe. Ikkje dèt, men likevel akkurat dèt! For...hadde eg ikkje kunne stått DER, som barn- tatt innover meg desse stundene av ro og salig sommarkveld..då hadde eg vel heller ikkje hatt trygga nok til å kunne gjere nett dèt.
Eg VAR trygg. Vi var trygge. Vi fekk tryggleik og vi har hausta av det sidan. Vi kan gå longs ei lett forureina bygate ein stille morgon og sjå lyset treffa ein murvegg. Sjå kirsebærblomar på vaiande trè bli vermde av ei sol som bryt gjennom blytunge skyar, og koma attende til det tunet- til den trygga.

Sola skifta karaktèr, og dynamikken svann. Eg gjekk vidare i dagen min og kjende meg ufatteleg rik og veldig trygg. Bak meg, i ryggen- har eg alltid tunet heime. Framom meg..nye solfarga filteraugneblikk, klare for å lata seg avfotografera til minnebanken.

14. juni 2012

Tonefart

Ein tone sette fast sitt spel
og baud meg opp til dans.
" Eg trur eg stansar her eit bel-
og heng meg på din svans."
Den spurde høfleg, men eg fekk
nok ikkje tid til svar.
Den heiv meg rundt, og fòr so vekk-
den tonen, den var snar!
No høyrer eg den har gått lei
av det å skunde seg.
For no har den blitt tonekei-
og ligg her stilt med meg.

13. juni 2012

Myrkemakt

Og alt var bra og alt var godt
ho såg seg nøgd med alt.
Og alt ho gav og hadde fått
var velstand, kort fortalt.
Dei høge skuldrane var velstandsmakt
var aldri under press.
Ho hadde jamt på gleda smakt
og jàga ikkje stress.
Men likevel sat màren fast
og klora inst i margen.
For livet levdes i ein hast
det syntes godt på fargen.
Slik fargelaus som utan sol
som om du gjeng i dvale.
Slik sat ho no og myrkret mòl
og strigla màrens hale..

11. juni 2012

Vær her.

Om elva renn imot deg med all si elvekraft.
Stå stødt.
Om vatnet fløymer over ditt mot sitt støvleskaft.
Bi litt.
Om vindar blæs og riv med seg alt du skapte.
Hald ut.
Om alt ligg brakt og kjenslene kjenst tapte.
Vær med.
For. Du er liv i livdas form, du barn av jord.
Du vakre.
Og stemma di er meir enn berre ord.
Du ER!

10. juni 2012

Jeksel-veksel

Mi tunge den dansar Zumba idag,
den smyg og den smett rundt i munnen.
For, plutseleg spela`kje tanna på lag,
den bikka seg ut i frå grunnen.
So no er der hòle der jekselen stod,
og tunga dreg rundt og forbi.
Ho klarar nok ikkje å liggja i ro,
min munn fekk ein jekselsortì.

6. juni 2012

Solstikk

Høgt, høgt over verda
der sola sit
er menneskja små og rare.
Når skal vi læra
at spott og spit
er noko vi burde lat fare?
Vi kjenner oss store
i ord og makt
men er ikkje større enn myggen.
Om sola seg gjorde
ei solkongepakt
då burde vi stilt oss i skyggen!
For det vi har gløymt
i vår framdrift, er
at vi kun er brikkar i rømda.
Oss vekk har vi drøymt
og Kong sol han ler..
han ser kva som er i kjømda.

3. juni 2012

Bikube-Sara

Alltid dette ukontrollèrbare sinnet. Svart i magen og stikkjande sint i bringa. Sint bikubesverm som hadde holdt stilt altfor lengje, og no braut ut.
 Sara hadde såre auger av alt det sinte våte som no fløymde over og rann ut. Gadd ikkje tenkja på om dei andre såg at ho gret, no måtte ho berre la det flyta over og gå tomt slik at ingen vart skadd. Ho kjende at ho var redd oppi alt det sinte. Redd for at det skulle være noko gale med ho, at det som gjorde ho so eksplosiv skulle vera noko som var sjukt..noko som ikkje kunne heilast.
  Tårene brann strimar av skuldkjensle på andlètet hennar. La seg tjukt mot fregnene og rubba og skrubba både utanpå og inni. Det gjorde so låkt! So låkt å ha denne bikuba inni seg, og aldri veta når skalet sprakk opp og svermen smatt laus! Slik hadde det vore so lengje ho kunne minnast. Frå ho tok sine fyrste, prøvande stèg over golvet og Merete, storesystra- skubba ho og Sara bikka i kòll. Alt då var svermen der. Jàga opp og ut og fekk ho til å sjå raudt og svart om einannan. Ho hadde ikkje kunna tatt igjen då. Var for lita og for lite mobil. Men, sjøl kor lita ho var, låg dette minnet i ho som ei ulmande glo. Urettferdig, uferdig.
  Hiksta kom i hakkete støt. Ho gøymde andlètet i dei brunbarka nevane og drog pusten inn mellom fingrar, våte av tåreflaumen. Dei andre hadde sikkert gått sin vèg no. Gått knisande avstad for å fortelja fleire om kor teit og snarsint Sara var. Det gjorde vondt. Vondt i det dei vaksne kalla sjela, den staden innom alt det som var kropp, der alle kjenslene låg. Dei andre kunne ikkje forstå ho, kunne aldri skjøna at ho ikkje ville vera sint. Dei berre egla oppunder so snart der var ein sjangs til det, og gjekk derifrå når ho sprakk.
  Lèmen. Det var dèt dei kalla ho. Lèmen. Sint som eit, like snar til å sprekkja når ho vart egla lengje nok. Sinte-Sara, Sinnalusa, Lèmen. Kvifor skjøna dei ikkje at dei skulle halda fred? Kunne dei ikkje berre lata ho få vera? Ikkje hadde ho nokon gong gjort DEI noko, aldri sagt eller gjort noko som dei hadde vondt av. Likevel var dei der stadig og lugga oppunder. Strekte strikken til Sara og sprong når den rauk av.
  Tårene stilna etterkvart og Sara turka kinn og auger halvturre med handflatene. Ho samla all lufta ho trekte inn i lungene og heldt den der til ho såg uklart. So slapp ho pusten fri og kjende på tankane. Kva hadde skjedd denne gongen, kva var det som fekk svermen laus no? Og kvifor klarde ho ikkje å halda att, når ho var so bevisst på korleis det var? Tankane svirra og Sara sette seg ned på autovernet ved sidan av fotballbana og samla seg.
  Dei hadde som vanleg møttest her, ungdomane i bygda. Fem jenter, og tre gutar. Og Sara. Ho hadde følt at ho høyrde litt med denne dagen, og hadde gledd seg stort til å få vera med når dei skulle "henge". Og, det hadde vore fint. Fint å stå ilag med hine og høyra til. Vera ein av dei.  Sommarkvelden held sitt raudgule skin over dei, lufta var tjukk av både varme og andelaus tenåringsflørt. Jentene knisande, gutane brummande karslege. Og dette stod Sara midt i, som ein av hine. Glad. Roleg. Sara.
  Helvetet byrja med P. P for Pia. Pia var bygdas moteikon, og hadde alltid dei hippaste og dyraste klesplagga, tøffaste frisyrane og støtt pengar til snop i bukselommene. Levi`s-bukser sjølvsagt.  No stod ho med hendene i bukselommene og såg verdsvand ut. Kika på Sara med longe mascaravippar og sa: " Gurimalla då, Sara! Du har no på deg dei same kleda som du hadde igår på skulen. Har du ikkje andre klè?"
Dei hine såg på Sara, som vart kald og heit på same tid. Dei andre jentene knisa i fistel bak pastellrosa lipglossmunnar og gutane flira rått. Sara svara ikkje. Ho såg berre ned i grusen og raudna.
"Ja,men so SVAR då di køyse!HAR du ikkje andre klè, eller LIKAR du å gå i skitne klè, kansje?" Pia såg oppbrakt ut, der ho stod med henda no i sida, med ei hånande mine. Sara kjende noko lausna inni ho. Tankane forsvann og ein svart eim av sinne tok plassen der gleda for litt sidan låg. Rundt ho var det fliring og fnising, og stemma til Pia som om den var i enden av ein long tunnell. "Sjå på Skitne-Sara, ho er raud i andlètet!! Snart kjem ho til å sprekkja!!" Dei andre messa med. Sa alle dei orda som berre var ord, men ord som svei. Hausa opp kvarandre med nye kallenavn på Sara, og brått brast det siste skàlet i ho, det som skulle verna ho mot sinnet. Ho brølte! Snerra ut usamanhengjende ord. Lydar som minna om eit såra dyr. Stod der og ropte ut alt det vonde som vart kalla fram av hånorda til gjengen.
  Dei andre vart stille, trakk seg unna og heldt avstand. Sara kjende på Sinte-Saraen i seg. Kjende at Lèmenet i ho ville ta dei, ville sparka, klora, bita og slå. Men, ho gjorde det ikkje. Ho berre stod i raseriets episenter og kjende det var nok no. Nok hån, for ting som ikkje var av stor betydning for dei hine, men som merkte ho sjølv for alltid. Sår som kansje med tida ville gro, men som danna arr. Arr som ikkje var synlege utanpå, men som låg der og gnog inni. I sjelsromet.
  Tårene som kom, gråten og hiksta. Dette vonde, vonde som skulle ha vore ein kjekk kveld med kveldssol og nesten-vaksen-ting. No var det berre tårestrimar og ei tom sårheit att. Sinnet til Sara var lagt lòk på, men for kvar gong sat lòket litt lausare. Og ho var redd. 
..redd for seg sjølv.

2. juni 2012

Trygg tone

Eg legg meg over på svale vindar
og lèt meg føra dit natta vil.
Og over dalar og spisse tindar
eg førest framover, tusen mil.
Ein blåleg tone stryk meg til tårer
eg kjenner vemodet legg seg bàrt.
Men alle sorgjer og alt som sårer
stryks burt med vinden som held meg vàrt.
Med sinnet òpe for alt som rørest
eg spelar natta sin kjærleikssong.
Eg anar ikkje kor hen eg førest
men veit eg landar i ljos- eingong.

Vandringsvise

Under mi yte
fraksjonar av livd
små, kjende bitar som passar.
Vil ikke byte
det som eg har klivd-
bratta, og lettare plassar.

Ber eg mi byrde?
Den eg hev fått?
Eller legg eg den på andre?
Finn eg min hyrde
fær eg det godt-
livda ilag skal vi vandre.