24. juni 2012

Musikktime

Regndråpane krafsa med lette vassklør mot markisa. Traff seglduken som var spent over uteplassen med små hikst, rann avvæpna og forsvann i ein tråd av væte ned mot dei solvarme skiferhellene.
Under sat eg. I mi eiga kokongverd av mjuk fleece og rekogniserte, tok imot alle utenomverdlydar og filtrerte dei. So monge lydar ein stille søndag kan ha i seg, so monge sanseinntrykk vi kan klare å ta inn utan at plassen vert fylt opp og det renn over? Undring.

Slik sat eg, med raua godt planta i ein stol- føtene i ein annan og spana med øyrene. At det ligg mykje musikk og rytme i ein heilt vanleg søndag, er ein ganske fornøyeleg oppdagelse. Der eg sat, i gåavstand til det ikkje-eksisterande bylarmlivet, oppdaga eg ein form for musikalitèt som var for meg ganske ny. Det å ikkje kunne sjå anna enn ein flik av fjell, fjord og nokre hustak i det fjerne frå den begrensa utsikta under markisa...det gav desto større grunnlag for å bruke hørselssansen- øyrene.

Bilane. Den ganske endelause tilstrøyminga av motorisert bevegelighet låg som ei bassline, som ein undertekst i ettermiddagen. Rusing av krefter etter forsèring av farstdumpen. Akselerasjon. Gummi mot asfalt. Puls, fart, krefter...puls, fart, krefter. Same gjentakande lyd, med heller liten variasjon i lydnivå.
Og oppå denne monotome basslina la det seg eit lite, agressivt riff frå dei flygande heltane: måsane, med sitt karakteristiske kaia-kaia-plui. Skjora si evindelige skvatring og kråkehopen sitt hæse kraks. Som om ein DJ hadde sett lydane saman på miksepulten sin , sampla og redigert for so å leggja dei kvasse lydsnuttane over bassen.

Det funka. Det funka som faen for meg! Eg tok meg i å tromme med fingrane mot plaststolen eg sat i, knipsa lett i lufta og nynna endåtil litt. Dette var lyden av søndag. Lyden av sommar og solrike dagar, lyd som alltid VAR der men som brått hadde fått ny tonedrakt. Og ei fornya kontrakt hjå meg.. Dette var den hippaste, mest funky`e beaten eg hadde høyrt på lenge. Lydane sat. Dei gjorde seg i eitt med meg og eg likte det. Øyrene smatta av velbehag og la seg flatt bakover for å få med seg alt.

Longt vekke kunne eg ane flydur, småbåtar som sette farten opp midtfjords, klemta frå ivrige sykkelklokker, skarpe stemmer som prata like skarpt på eit språk eg ikkje forstod, men med ei rytme eg forstod. Det var søndag, sol og sommar. Det var våte dammar etter det flyktige regnet som hadde gjort til at eg flykta innunder kokongmarkisa mi. Det var øyregodt rundt heile meg og tre meter med utsyn til ei heil musikkverd.

" Music was my first love" heiter det i ein song. Vi har det i oss- alle. Evna til å kjenne på det repetative, udefinèrbare mesterverket som ligg i lydar. Lydar skapt av menneskehender, eller slik som no: søndagslydar frå det utanfor oss sjølve som vi ikkje treng SJÅ, berre høyra.
Og...kjenna inni oss.
Musikktimen er over. No skal auger og sinn få metta si. Eg skal lese litt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar