18. juni 2012

Mann-i-fest?

Gifta di la seg i òpne sår.
Etsa seg innunder hud.
Kom ikkje du ifrå meintrygge kår?
Når vart DU eigentleg Gud?
Bakom fasada di, utspjåka god-
gror du ut vilje so vond.
Du lærte aldri dei ti rette bòd-
du er ihjelsyra ond.
Men om du trur at du herifrå går
frikjent med æra på plass.
Vit at du alt har fått banegongssår,
flammar et gifta sin gass!
For lukt til Helheimen kjem du tilslutt-
ned til din overmann, raud.
Flammane der gjev ein nedrig salutt-
..då er det DU som ligg daud!

2 kommentarer:

  1. Du kved godt, Møy! den frodne...

    SvarSlett
    Svar
    1. Hill deg, vyrde skjeggbaron!! Eg takkar deg for gode ord, og svingar lett på stakkjen:O)

      Slett