26. juli 2012

Kriminell-sprell

Eg svettar meg ferdig
eg bit og eg gneg
eg skjelv i min eigen kokong!
No slit eg iherdig
og katten min dreg
så puta mi endrar fasong!
Eg sukkar og styn
eg har inga aning
om kar dette endar, på rim!
Eg er litt av eit syn
for dei som på spaning
ser på MEG, når EG ser på krim!

24. juli 2012

Inst i yta

..og augene dine
med rav i midte
Såg på meg
lokaliserte
Fann fram og
braut distansen
mellom då
og no
Augeåt meg
inst

..og leppene dine
mannmjuke og brå
Òv-etande og svoltne
Mjukt mot mjukt
og hardna lyst
Prøvesmaking
ytst

..og du
Og eg og du
som oss
Vinglande i duett
avstandsheile saman
inni
utover
i fellesfavn.

23. juli 2012

Sterk

I motbakkar
i bratte kår
der det er tungt å leve.
Der veks det blomar
år for år
sjøl om dei nok lyt streve.
Dei kryp or markja
sakte fram
og kjem seg opp i dagen.
Og stend med stengel
sterk og stram
som om dei vaks i hagen.
Slik desse blomar
kjempar sitt
med alle odds imot,
slik ser eg no
på livet mitt
der det ligg rakt for fot.
Eg skjønar no
at det EG er
er likeeins med dei.
For eg er sterk
som livet bèr
..men vatn meg, er du grei!

22. juli 2012

Korsamling

Ein einsleg mann
heldt oss i sjakk
og verda vår slo brest.
Kven var vel han?
Ein åtselmakk?
Eit djevelsk manifest?
Vår verd si sorg
vårt vesle land
tok kampen opp- og vann!
Vi stod som borg
og hand-i-hand
og hatet av oss rann.
For ingen kan
stå rakt imot
den styrka i vårt band.
Ein svært sjuk mann
med feiltrødd fot
har samla Noregs land!
Slik stend vi no
eit år har gått
og kjærleiken er stor.
Vår sorg fekk ro
vi stødt hev stått
..vi syng i samla kor.

20. juli 2012

Elloskatalogen

So kom den endeleg!

Hjartet banka forventningsfullt hardt gjennom fingertuppa som heldt i det som låg inni plastemballasjen. Endeleg var det denne tida igjen, denne søte og sødmefylte tida som kvart år kom like sikkert som hjartet mitt no banka. Ellostid.
  Sommaren var på sitt høgste, slåttane var unnagjort og svalene flaug høgt, høgt med godeveiret. Myggstikka låg snorbeine etter leggane og over naserota hadde sola kyssa meg uteljelege gongar. Det var gode dagar med tidlege morgenar i shorts som eigentleg berre var den litt for korte dongeribuksa frå ifjor, og som mamma no hadde klipt av midt på låret. Sommar, fri og lengje til skulestart.
  Kvar dag var ein ny dag fylt med grenselaus fridom. Eg hadde nok av plikter, som å henta egg hjå hønene, mate dei og hjelpe til heime. Men dette var plikter som tok relativt lite tid, og dagane hong opp-ned i eit trè og berre flaut avstad. Det var stille kring meg for dei fleste andre på min alder var vekke på ferie hjå besteforeldre ein annan stad, eller på bilferie med kombicamp og telt. Slik som sydenturar var heller ein sjeldan ferieforeteelse dengongen.
  Postbilen hadde nett køyrd vidare longs ruta si denne føremiddagen. Eg hadde komt fyrst til og fekk ta med avisa til Besten og Besta, og den tjukke plastemballerte pakken innatt til mamma. Det var høgtidsamt, kribling i magen og det var Elloskatalogtid!
  Plasten var av.
Forsida, det glansa og fargerike omslaget- skein imot meg. Inni meg vaks det fram ein varm straum av ekte lykke og eg er viss på at eg smila! Sidene vart saumferne, om og om igjen. Eseløyrer vart bretta der eg ville kike fleire gongar, og når eg endeleg var klar på KVA eg ville ha, sette eg blå kulepennkryss attom kvart klesplagg. Ikkje dermed sagt at eg fekk desse, men det var no likevel på ein måte MITT alt. Eg hadde sett på det, likt, kryssa av og hadde iallefall ein fair sjangse til å få det.
  Kva var det so med denne katalogen med kle og skotøy side opp og side ned, som gjorde slike lykkekrumspring i meg? Kva skilde nett DÈN frå alle andre magasin, pryda med smekre kroppar innehylla i fashion? Kva var det med denne Elloskatalogen, denne kleskolleksjon i glansa papir- som gjorde meg so beint fram lukkeleg?
  Om mamma no sette si godkjenning ved sida av kulepennkryssa mine. Om ho no skreiv opp bestillinga, la den sirleg i ein kvit konvolutt, frankerte og leverte den til postdama ved neste postlevering. Om ho no gjorde det, med mine ynskjer ilag med systrene mine sine. Då visste eg at om eitpar overskuelege veker, kom resultatet i posten. Ein stor og kvit pakke med Elloslogo på topp og sider ville då stå på kjøkenbordet, det gråspraglete respatexbordet med blonke stålføter. Og oppi pakken,  der ville forventningane mine liggja: Nye skuleklè!
  Men. Det var ikkje so mykje dei nye kleda. Ikkje kjensla av ein knallblå joggegensar med trykk framme, ikkje den myrkeraude smalstripa fløyelsbuksa med smale stikklommer i sidene, ikkje nye joggesko som ikkje var kjøpte i butikk- som gjorde det for meg. Det var vissheita om at NO, no var det straks skule igjen. Snart eit nytt skuleår med moglegheit til å knyta fast endå litt meir lærdom. Tid til friminutt med småforelskingar, tid til viskelær med jordbærduft og nye lesebøker med gjennomsiktig plastbrede kjøpt på bokhandelen i Syvden. Tid til alt det eg ikkje kunne gjera når det "berre" var sommar, feire og alt stoppa opp.
  Kansje er det rart å lesa om ei ung jente, kansje var eg 12 denne sommaren- som gledde seg meir til å byrja på skule att enn det å ha ferie og fri. Kansje det. Men kansje ikkje. Kansje sit de her no og les dette vesle stykkjet om meg, og dett litt attende til ein slik sommar. Til ubekymmer, forventningar og Elloskatalogar fulle av lykke.
  Her sit iallefall eg. Sommaren stend like høgt som svalene flyg. Det ligg ingen Elloskatalog på mitt kjøkenbord, her blir det meste handla i butikk rett utanfor stovedøra. Eg har ingen skulegong å tenkja på om nokre veker fram i tid, ikkje for meg. Men eg kan fortsatt kjenna på den sitrande søte og sødmefylte spenninga som knoppa seg nett på denne tida, frå då eg var ung. Kjenna at der er tid og god plass til å ha forventningar av ymse slag. Kjenna på lysta til å forvente og glede meg over noko heilt lite og banalt.
  Idag skal eg glede meg til skulestart igjen. Ikkje min eigen, toget har forlete stasjonen for lengst. Men til skulestarten til alle dei tusenvis av born og unge som akkurat no kansje vaknar til ein ny sommarferiedag, anten hjå besteforeldre, i syden eller endåtil i ein kombicamp frå syttitalet! Vaknar med kjensla av forventning. Kansje har DEI fått nye klè til skulestart. Kansje ikkje frå Ellos, men dèt spelar mindre rolle. Forventingane er akkurat dei same for dei som dei var for meg, sjølv om dei kansje ikkje gler seg like mykje til sjølve skulegongen som eg gjorde.....
  Den som aldri forventar, kan heller ikkje forvente å motta forventningars lykkekjensle.
 

...eg trur eg må på bokhandelen idag. Stryka litt over glansa bokomslag, sjå på viskelær og bokbrede..Og kansje, kansje sjå ei ung jente kjøpe ny ransel, og med eit stort og fregnete smil gle seg til skulestart om få veker!
 

Tidsnok

Når tankane gjeng rundt i ring
som tannhjul i ei klokke
og kjenslene dei sprett og spring
og let seg lett nok lokke.
Då set eg begge bremser på
og ryggelysa blenkjer.
For mållinja er longt ifrå
og du har fortidslenkjer.
Slik køyrer eg, med sakte fart
og legg meg ut til sida.
Og turen går forutan kart
for eg er midt i tida.

17. juli 2012

Luftig håp

Bak skylaget
det bomullsgrå
er alle vindar like.
Dei smyg seg rundt
blandt himlar blå
og gjennom alle slike.
Og vindane dreg
longt på tur
til stadar vi kan ane.
Og tek med seg
ein regnværsskur
der på si luftferdsbane.
Men vindar kjem
og vindar fær
og vil ei nødig bli.
Og so har vi
fått solskinsvær
og vinden- har fått fri!

15. juli 2012

Spissrotgong

Då sola bakom fjella gjekk
og dagen bar alt det eg fekk
og siste sveip av ljos svann hen
og alt vart blånemjukt igjen.
Då la eg bakom nok ein dag
der eg var spiss på eige lag
og førdest fram til målet mitt
det som eg fekk av godt og stridt.
Og nettkjende det heile der
i kanten av mi vesle verd.
So la eg stilt, tok natt imot
og gjekk i den med lett-trødd fot
med dagen bak og vòn om ny
der sola sprengjer regnværssky
og nye mål ligg framfor meg
der, på min eigen einmannsveg.

Siste stikk

Den satte seg på leggen
og penetrerte hud.
Den åt på meg, den kleggen
men no er den hjå Gud.

14. juli 2012

Dauding

Han hong der. Hong med hals og hovud frå takrenna, omtrent akkurat på midten av uthuset. Inga rykkvis og livslengtande dingling med verken armar eller bein, berre ovanfrå og ned. Hengd. Stille.
Ikkje eit drag av vind i nattelufta. Ikkje lyd anna enn frå skvulpet av fjordvatn mot strandstein og bryggekant. Heilt stille og berre ein anelse klam eigenpust i natta.
  Eg stod med ei halv kroppslengd utom hyttenòva. Nattedòggen låg kaldsleikt mot berre føter og den svarte kjensla av væte drog seg oppover leggane og inn i meg. Augene vende seg langsamt til det gråsprengde myrkret, braut opp bleggsvarta og skilde konturar frå den store nattetavla som svevnen laga til å byrja med.
  Han hong der. Hong der med full styrke i dragninga mot seg og eg sleits i tu. Noko av meg ville beinflyge attende til den køyvande varmen inne under teppa.Noko av meg ville kasta seg gispande framimot den strangulerte veggpryden og gje han landkjenning...Eg berre stod. Faststøypt i sanningas augneblink, sementert i klårsynet av å ikkje kunne gjera meir.
  Ei ørlita strime av daggry la seg i augekroken. Fekk fokuset vekk frå veggpryden i eit nanosekund. Nett dette forstyrrande momentet gjorde meg vàken nok, vàken nok til at natta mjukna mi stivna form, vàken nok til å rasjonalisera lagnaden.
  Lyset kom på ein måte på inne i tankesenteret mitt, draumesløret og svevnskòdda svann og eg   skjøna. Han som hong der måtte berre få henga. Han fòr ingen plass, gjorde ikkje nokon fortred, var ikkje sakna. Han skulle få hengja der ifred, det var natteplass til han der både inatt og dei neste.
  Ærendet mitt i grålyset vart besegla med næring til jordsmonnet og han som hadde gjett meg redsler og pine der han stille hong med heile seg, skulle få kvile til eigaren tok han i bruk utpå dagen.
  I myrkret er alle dykkardrakter grå og usæle. Dei heng som daudingar frå takrenner og uthus, heng i kvile for dag og virke. Heng som skàl av sitt utspring i ei heilheit som berre gjer seg eins når den er i bruk, ellers er den berre eit skàl- veggpryd...dykkardraktdauding.