14. juli 2012

Dauding

Han hong der. Hong med hals og hovud frå takrenna, omtrent akkurat på midten av uthuset. Inga rykkvis og livslengtande dingling med verken armar eller bein, berre ovanfrå og ned. Hengd. Stille.
Ikkje eit drag av vind i nattelufta. Ikkje lyd anna enn frå skvulpet av fjordvatn mot strandstein og bryggekant. Heilt stille og berre ein anelse klam eigenpust i natta.
  Eg stod med ei halv kroppslengd utom hyttenòva. Nattedòggen låg kaldsleikt mot berre føter og den svarte kjensla av væte drog seg oppover leggane og inn i meg. Augene vende seg langsamt til det gråsprengde myrkret, braut opp bleggsvarta og skilde konturar frå den store nattetavla som svevnen laga til å byrja med.
  Han hong der. Hong der med full styrke i dragninga mot seg og eg sleits i tu. Noko av meg ville beinflyge attende til den køyvande varmen inne under teppa.Noko av meg ville kasta seg gispande framimot den strangulerte veggpryden og gje han landkjenning...Eg berre stod. Faststøypt i sanningas augneblink, sementert i klårsynet av å ikkje kunne gjera meir.
  Ei ørlita strime av daggry la seg i augekroken. Fekk fokuset vekk frå veggpryden i eit nanosekund. Nett dette forstyrrande momentet gjorde meg vàken nok, vàken nok til at natta mjukna mi stivna form, vàken nok til å rasjonalisera lagnaden.
  Lyset kom på ein måte på inne i tankesenteret mitt, draumesløret og svevnskòdda svann og eg   skjøna. Han som hong der måtte berre få henga. Han fòr ingen plass, gjorde ikkje nokon fortred, var ikkje sakna. Han skulle få hengja der ifred, det var natteplass til han der både inatt og dei neste.
  Ærendet mitt i grålyset vart besegla med næring til jordsmonnet og han som hadde gjett meg redsler og pine der han stille hong med heile seg, skulle få kvile til eigaren tok han i bruk utpå dagen.
  I myrkret er alle dykkardrakter grå og usæle. Dei heng som daudingar frå takrenner og uthus, heng i kvile for dag og virke. Heng som skàl av sitt utspring i ei heilheit som berre gjer seg eins når den er i bruk, ellers er den berre eit skàl- veggpryd...dykkardraktdauding.

4 kommentarer:

  1. Så herlig :-) Akkurat like herlig som forventet faktisk!

    SvarSlett
  2. So kjekt at du faktisk he forventninga til det ej skrive, Vidar!! Tusen takk :)

    SvarSlett
  3. Åh, du Ken du Ken :O) Hehehe...veitkje om ej he det "i" mej endå...men ...tja???? :O)

    SvarSlett