6. jun. 2011

Skòddeband

Skòdda ligg som band kring land, luftig-seig med tòlmod i.
Klebar seg som kvaehand, legg seg over, rundt-forbi.
Pressar tinninga mi heilt inn- trykkjer, mel og tygg!
Og mitt indre gjeng i spinn...ståket opp seg bygg!!
At litt fukt kan gjera slikt, kveste slik mitt åk.
Skòdda gjev oss dårleg sikt...vòna er ei råk!!
Redninga kjem ifrå Nord, pløger veg i snerk.
Blès vekk fukta over fjord...vekk med hovudverk!

MEG

Utanpå er eg ei jente,ho med smilet alltid på.
Sjølv når eg har sintedagar-trur eg ikkje du kan sjå..
...at eg faktisk ikkje BERRE-er ho blide,ho med smil.
Men ei anna som bur INNI-ho er rampete med stil!
Begge to er meg forstår du,men-dei byter ofte plass.
Te i koppar til den eine,til den andre: vin i glass!
Eg er Gemini,ein Tvilling-ofte lyt eg skifta hàm.
Ein dag snill og mest forstandig,neste dag er eg infam!
Når eg skin frå begge sider,kan eg gå med støe steg.
Då er kroppen i balanse-det du ser er faktisk MEG .

Forandring

Du stend landfast.Bølgja di hev nådd deg att.Kvar enn du vender deg- er ho like attom.
Stå ikkje der og vent på at havet dreg seg attende,kast deg like uti!Det er dit du skal!Våg å
verta skyld på land ein annan stad,våg å trø vatn utan livlina fast...Bølgja di sig attende til
nullpunkt,men DU skal gå på søkjande føter innpå ukjend grunn.Trakk nye stiar,anda inn eit
eventyr der du er forteljar og prins i eitt.Lat bølgja di slå i deg,lat ho krevja land-og trekkja
seg stilt attende....Du er horisont no,der hav og land,bølgje og grunne-er eins.....

Myrkeredsle

Det er natt, og vinden pustar-
liv i gamal,inngrodd angst.
Eg kan høyra skrymt som ropar!!
Kallar på meg-eg er fangst.
Kvifor vert vi slik i myrkret?
Små og sårbare-utan mot?
Vinden jàgar og eg anar:
eg er gjest i midnattsblòt!!
Utan lyset frå mi lampe,er eg lita-
saknar mor!Eg vil vekk frå denne
fara,eg vil vàkna-vera stor!
...vinden stagnar,alt vert stille.
Dagen kjem med ljos-og trøyst.
Men,eg kvir meg alt til natta.
..Inni meg ligg vindens røyst...

5. jun. 2011

Eg fekk denne linja "Vandring i sin egen bok" som ei utfordring om å skrive nokre ord utifrå den..Slik vart då diktet til..

VANDRING I SIN EGEN BOK

Siste kapittel var så skrevet ned-
reisen var over, nå fikk hun fred.
Alle de ordene som hadde vært-
de var nå brukt opp, oppspist-fortært.
Når permene lukkes, da er boken slutt-
men innholdet lever, hvert avsnittsminutt.
Hun lener seg bak og betrakter det skrevne-
vet at tilbakeblikk åpner en revne..
Blar likevel i sin vandringsnovelle-
Akk!-Hvor hun lyster til å fortelle!
Med langsomme blikk-skritt, hun rusler avsted-
til steder hvor sjelsrommet hennes får fred.
Så er hun ved omslaget, bredet er matt-
sidene lukkes...hun vandrer i natt..

Klokkeklemt

Vil du ha min siste tanke, du som stilt der bak meg går?
Gjev du meg din varme lanke, kan vi fylgjast år- for år.
Ingen er skapt for å vera, einsame til livets slutt.
Einsemda vil på oss tæra, vi vil stå der- skadeskutt!
Gjev meg so ditt smil, din varme- so skal DU få litt av meg.
Møtast vi mest utan harme, skal du sjå- det ordnar sèg.
Legg ditt hovud, mot mi bringe- so legg eg mitt hjarta bart.
Saman vil vår klokke ringe- eg trur at ho byrjar snart!

Mitt (u)vèsen

Mitt vèsen snakkar ofte, eg kan ikkje stagna dèt.
Det skyt ifrå mi hofte, orsakar akk ò vè!!
Alt det som ligg INNI meg, lyt jamvel koma UT-
for det å bita I seg- slikt, er vifting med raud klut!!
Eg lyt få lov å fremje, mitt vèsens høge skrik,
og koma til ei semje...om en kan seia slik.
Om ikkje eg kan teie, ja-also halda munn..
so lyt De vera greie....Eg er no god på bunn.

Å bøye av

"Eg bøyer meg",sa blomen-når stormen blåste hardt.
Ja-gjer DU dèt",sa stormen "då skal EG fara vàrt!"
Og stormen sparte blomen,den krumma knapt dens knopp.
På grunn av blomens audmjukhet-so fekk den veksa opp!!
..Slik kan VI også lære å bøye av iblandt-
og ikkje berre storme til kvar vår furtne kant!
Å vera audmjukt liten,er ikkje å ha tapt.
Men heller å ha neia -for det som GUD har skapt!
So lær no av ein blome,bøy av i kampens strid.
Og du vil hauste siger-om enn i annan tid...

Motpolar

Eg er her,som du er der-

vi er isaman,kvar for oss.

Du er taus,eg pratar støtt-

vi er som islagd fjord-og foss!!

To ulike lagnadar,ulike i mål-

men like i det inste av rom...

Begge to veit at utan sin motpol-

er livsveven forundarleg tom..

Morsånd

Eg er mor sjølv når borna hev flòge or reir-
sjølv når stilla ligg mjukt over hus.
Eg er mor jamvel når eg ikkje ER meir-
når alt som att av meg..er sus...
Eit sus over alt det som morsånda var-
som tåreturk,kjærleik og song.
Eg er mor no idag,og eg ynskjer at DÈT-
vert hugsa av mine,eingong.

4. jun. 2011

Tidsferda

Tida renn sakte for ein som er liten,
for alle dei ventande- den som er sliten.
Men,tid strøymer ut av kvar klokke som går-
tida er dagstøtt-år etter år.
Grip tida og-bruk den!Gjev den ein sjangse-
vert den brukt rett,får du livstidsavanse.
Vi lever i nuet,og nuet er- NO.Ein time til ein annan-
so hev du fått TO!
Vi lever I tida,FOR tida-og..... MED.
Grip dagen,kjenn tida-og smak på dens fred..

Kjærleik

Du held hovudet mitt over vatnet,kjære-
når søkkjet vert tungt.
Du gjev livsglaset påfyll-du held sinnet
mitt ungt.
Du er nærvær og tryggleik når eg sjølv
er for veik.
Du er roa ved alvor-
du er pådriv til leik.
Di kjærleik er gleda eg får ved ditt smil-
då skjønar eg grunnen for at eg er til.
Og alt det du gjev meg,det får du igjen.
For du er mi kjærleik,min elskar-min venn...

Vekst-Undring

Pubertèt.Ei frykta tid.
Kroppar veks,og sjeler lid.
Langbeinlemmar hengsla feil-
redd for kjensler,glad i speil.
Altfor trøytt,men kan ei blunda-
tenk om ting skjer nett DENNE stunda??!
Hjartelengslar,tom for ord-
er eg bra nok..er eg stor?
Vil so mykje,orkar lite-
er det verdt alt dette slitet?
Ein dag fell alt stilt på plass-
du får VILJE,ikkje TRASS.
Og du sjølv har fått ei ro-
du har vorte vaksen no...

Idag er eg så heldig at eg får lov å dele orda til flinke Julia Bjørkedal på bloggen min.Veldig godt skrevet,takk Julia:

Ego

Egoisme!
så sjølvopptatte
så negative
så vanskeleg å oppfatte

Sjølvinnsnevra!
så smalsynte
så missnøygde
så lett for å grynte

Egosentrisk!
så einsamt
så keisamt
så ufatteleg tamt

Sjølvmedlidande!
så tungt
så mørkt
så roterande eit punkt.

3. jun. 2011

PÅ LIVETS FERD-ILAG

Du gjeng din veg i minefelt,i tornekratt og eine.
Forutan kart,men ikkje tru-at du gjeng dit aleine.

Mitt kjære barn,mitt hjartes sol-eg gjeng dit med deg,nòr.
Kvar enn du trør,eg fylgjer deg-du vesle,eg er mor.

Eg held deg ikkje,men eg held-mitt vern,mi omsorg fast!
So du kan gå ombord i livet,sjølv med ukjend last.

Der vippast du litt opp-litt ned.Eg fylgjer deg eit stykke.
So lyt du setja kursen sjølv,mitt barn-sjølv segla mot di lykke...

Eg skriv for det meste på Nynorsk , godt blanda med eiga dialekt.Men, nokre gongar snik det seg inn eit anstròk av Bokmål..Her er eit:

EN HØNE-GJØR BONDEN METT

En høneflokk satt kaklende og kikket på veninnen,som klatret altfor høyt-og ramlet ned fra pinnen.
Nå lå hun der med nebbet igjen,det rykket i en fot."Tilpass!"sa høneflokken,"nå kan hun gjøre bot!"
Hun var av dem som trodde at hun var av edel rase.SÅ edel var hun ikke da de hørte nakken knase!!
Da Libby,som den døde het,kom hit til deres bur-kom hanen brusende som GAL-og ville gjøre kur.
Men,Libby hadde kun et mål:å briske seg med kroppen..hun klatret målbevisst avsted,og snart var hun
på toppen!Der kaklet hun i vei,og laget store scener.De andre høner tenkte:"Libby er visst Hvit Italiener!!"
Men,hva hjelper det med stamtavle,når nakken sier"KNEKK"???Da Libby tok en piruett,så gled hun på
en flekk!...moralen her er:Om du kun er dyktig til å skryte-da ender DU som høna-fort som mat i bondens
gryte!!!

ETTERMÆLE vart til etter at eg las om ein fars kamp for sitt barns rusmisbruk..Det greip meg hardt!!

ETTERMÆLE

Jeg savner dine øyne-
og duften av ditt hår..
Du valgte bort å leve-
du gikk din egen vei.
Du visste kansje ikke-
hvor høyt jeg elsket deg!
Du bar for mange sorger-
på dine skuldrer små..
..du ville ikke tro på-
at det var hjelp å få.
Du lukket deg helt inne-
så vendte du deg bort.
Så var det hele over-
og dagen gikk i sort.
Jeg håper jeg når inn til-
de ANDRE små jeg har,
at jeg får gi dem støtte-
og jeg får være FAR!
Jeg savner deg,min lille-
men håper du har fått:
din egenvalgte frihet,
og at du har det godt..

HJARTESONG

Inni meg spelar mitt hjarte sin song, ein hamrande song om liv.
Eg veit at det tagnar, stagnar ein gong- men enno det klatrar og kliv.
Det spelar på fjontynne strengjer av lyst- av sorgjer, gledjer og lengt.
Ein Fanitullslått er or hjarta mitt kryst- den opner opp det som var stengt.
Livgjevande tonar som førest ikring, berusande kjensler som fengjer!
Hjartet mitt førest i livsleikarring- eg byd opp, og sjela mi krengjer..
No blandast alt inn i ein rusande leik, eg veit ikkje opp eller ned.
Men kva gjer vel dèt, eg er ikkje veik!Eg har hengsla av hjartet sitt lèd.

OPNINGSTIDER

 Alt det fargelause òpna seg,blømde og fekk liv!

Tèla gjekk i fròsne meg, eg fekk ein heilt ny giv.

Å koma ut av vinteren, utav sin eigen dvale-

er som å flyga, sikringslaust-som sumaryr ei svale.

Eg kastar meg på djupna ut.. for botnen ser eg ei!

Eg berre fylgjer fargane, og vårens varme leid.

Slik treng vi alle- oppvàkning, frå vinterkuldas klør-

det er ei fryd å kjenne på- ei sumarsòpa dør!!

BORTANFOR DAGEN

Svevn!Før meg avstad-vogg meg til nattmjuke strender!

Strender der sova smyg armane rundt meg, og held mine dagtrøytte lender.

Eg treng sårt til kvila, eg treng draumar òg-men mest av alt treng eg ro.

So-vogg meg, eg smakar draumsand mot kropp.Den er her, eg kan kjenna den no...

VENTETID

Mitt hjarte ligg ventande-òpe for hogg,ein sårbar lekam i dvale.

Inn tikkar meldingar-alt utan stògg,dei freistar å få meg i tale.

Men EG `et er ikkje heilt med på dèt,vil helst at det fell stilt på plass.

So-hjartet får ventande vera i fred,ein skal ikkje òpna på trass!!

2. jun. 2011

TANKENS KRAFT

 Bakom augo, bak ditt smil
skapast tankane.
Strekk seg over stolthet-tvil
syd so bankande.
Alt du meiner,vil og trur
smyg seg sakte inn.
Meiningar på viljetur
i ditt eige sinn.
Styrer du ditt mål, mon tru?
..eller er du kjøpt?
Solgt til viljestyrkas bu
..der ditt løp er løpt..
Framom augo, er du smil
skapt av vilja di.
Trekk no fram ein tanke til
..om ditt sinn har tid.

Dette diktet vart til etter eit minne frå eigen barndom..Då heile verda var ein tumleplass,og eg..var ofte litt for lita,eller-litt for stor ;) LITEN

Rastlaus sundag sakte går-
når ein berre er 6 år.
Kvifor MÅ dei vaksne prate-
drikke kaffi,vera late??
Eg vil ut!!Slå hjul i gleda!!
..men,eg har på sundagskleda..
Ingen søledam å plaska-
buksa har mor nettop vaska!
Eg har maur og makk i rompa-
brått eg borti bordet skompa!
Blomstervasen velta vart-
under bordet-i ein fart!
Ingen ser meg her eg sit-
vaksenprat gjeng hit-og dit.
Pratens monotome dur tèk meg-
inn i svevn med 6 årsstèg.
Og,der-på draumeverdas tram:
Eg til knès i søledam!!

VÅRLENGT

Gøymd under isen ligg livet på vent-små grønskodde knoppar mot tèla.
Dei drøymer om det som der oppe er kjent:at dei under sol snart får knela.
Dei sukkar i svevnen,små vårspiresukk-eg anar det under min såle.
Det er nesten som eit litt vàgt bekkeklukk-slik at eg nok meir frost kan tòle..
Ei aning i lufta,ein skimt av ny vår-eg held nesten pusten av age!
Vi held ut-vi strekkjest,vi tòler LITT meir..når vi snart i vårluft kan jàge.

ATTGLØYMD

Ute stod eit tre i vårregn,rista av seg vinterhàm-strekte sønderfròsne greiner,
der det stod i tøveirsdam."Gje meg sol og ljose dagar,gje meg varme til min "kropp",
slik at eg kan risla av meg-kulde,frost og slå i knopp!"
Moder Jord var god-og høyrde,på det vesle treèts bøn.Og ho sende frå sitt indre,
strålar varme-vind i føn.Treèt vaks og bar fram frukter-gledde fleir enn sjølve seg.
Monge små,og nokre store-metta fekk ved landeveg....
Inne-godt og varmt i huset,sat eit menneske og fraus.Skutta seg trass stovevarmen-
einsemdkald ho sat der-taus."Gje meg varme til MITT indre,gje meg kjærleik,omsorg-
fred!Eg forsvinn om ingen ensar,det EG er-og tek meg med!Eg treng vatn,brød til metta-
men til LIVET treng eg meir!Eg er dødsdømd utan andre,som eit egg i attgløymd reir...
Sjå meg!Høyr meg!Gjer meg verdsett.Då kan EG òg dyrka fram:eigne frukter,delt med andre-
kjærleiksfrukt frå tøveirsdam..."

1. jun. 2011

ANGSTEN

 Du er eit lydlaust skrik.
Eit skrik innanfrå-ikkje ut.
Du er-
spisse taggar
som riv i meg.
Men-
ingen ser.
Du leikar i kanten av blikket mitt.
Der-ingen ser..
Hòla du lagar vert større
dersom eg prøvar å nå tak i deg.
Du-styrar showet.
Eg
er tråddokke.
underbetalt-overarbeidd.
Kan ikkje sova-får ikkje!
..og ingen ser.
For du gjev meg gode forkledningar-
slik at...ingen ser.
Eg er skriket i meg sjølv som ikkje kjem ut!
Fastfròse i kanten av mitt blikk.
Du er-angsten
...som-ingen ser.

INGENTING-OG ALT!

Gjev meg berre DEG-
eg har alt alt det andre.
Syng meg i ein song-
som du aldri vil forandre.
Sjå meg longs ei strand-
som vi har trødd ilag.
Høyr meg om eg ikkje
seier meir idag...
Tòl å stå imot-
når avmakt får innpass.
Når sorga vert for stor-
når dagen står i trass.
Eg gjev deg liv,eg gjev deg
meir enn lyst-eg klargjer sjølve
 DEG`et ditt til dyst!
Så...lov meg ingenting-og ALT!
Du,hjartets sukker-
du,sjelas eige salt....

FRIDOM

Inst inne
i gøymda av
meg
ligg eg
i mine eigne
dvalestengde rom.
Ikkje!
Slepp
inn
nokon andre!
Ikkje slepp
meg
UT!!
Slits i to
av draget-
jàget
lengta
mot yta..
Låsen går sund
stengslar kverv
draget ut kjem
fær
slepp meg fri.
Smakar fritt
alt!
Innestengd eg
sprellar uredd ute.
Utan vranglås er eg
ein
rein
Døra bak smell i
Låsast
eg
går ikkje innatt
Romet mitt
er vidsynt
eige
Åpent
Heilt.
·

MÅNESKINSSONATE 1

 Måneskalk, kom tal til meg!Kom gje meg av deg sjølv!
Eg ser du heng, der oppe-høgt, din bòge er av sølv.
I kvelden sit eg-tenksam her, og ser opp mot ditt skin.
Kva ser DU på, der oppe frå-kan du sjå tanken min?
Du måneskalk, du sigd av ljos-er lufta fri der oppe?
Syg du, som eg-inn livskraftluft-som får deg til å hoppe?
Mi verd, ser du-er ikkje stor, men romar tankar store.
Og eg er nøgd med det eg hev,og det..vert siste ordet.

TOKAMP

Eg stryk deg ikkje alltid medhårs-
men eg stryk deg
vàrare enn bølgjene mot strand.
Du høyrer ikkje alltid på meg-
men du høyrer
når eg seier,at vi to har eit band.
Eit band,ubryteleg som vinden-
sterkt
med slakk til det vi lystar til iblandt.
Ei slakk,slik at vi to kan einast
midtvègs
når vi har gått til kvar vår kant.
Vi er to,der to må vera-
ilag
men jamvèl kvar for oss.
Vi held-ilag,den same tampen
livlina
når vi skal til å kasta loss...

TIMEOUT

Kvelden dansar skumringsdans på min vegg-
i mitt hus ,som har gått i dvale.
Skuggane smyg seg legg imot legg,dei har
kropp med hovud-og hale!
Her senkast skuldrar og eg sig inn-
i ein døsig spiral av ro.
Eg kjem i eit modus der TID ikkje er-
og eg kjenner at no-er det NO.

HÅPET BER MEG OVER

Svartstròke hav -
eg dregst inn mot mitt indre.
Lengtande uro-
eg kjenner meg mindre..
Kven er eg?Kvar går eg?
Kjem fjella til meg?
Vert nokon med meg-
når eg legg i vèg?
Eg stend her,ser vegen-
mi leid over hav.
Skal eg gå dit,i han?
Lat kav vera kav?
Lèt blikket mitt flyta,
til strendene gøymt-
dit ro kansje stundar
med sorgene gløymt..
Om eg kjem meg dithen,
er handa DI der?
..tèk sjangsen,flyt over-
dit håpet meg bèr.

Min Dag

Det er MIN dag, seiast det-
vel, ein dag blandt alle hine..

Ikkje ein dag skal få fred-
alle saman er vel mine?

Eller-ingen EIG vel tid og stad-
vi heng fast i saman her.

Og har dagane ilag..
ikkje einskild-og især.

Men! Eg veljer meg no EIN-
som eg held litt meir enn andre.

Ein som ligg der, ny og rein-
ein som ingen kan forandre...

Denne dagen er IDAG-
for no stend eg midt i den.

..og DU kan få vær ilag.
for der kjem ein ny igjen.

Unni