1. juni 2011

FRIDOM

Inst inne
i gøymda av
meg
ligg eg
i mine eigne
dvalestengde rom.
Ikkje!
Slepp
inn
nokon andre!
Ikkje slepp
meg
UT!!
Slits i to
av draget-
jàget
lengta
mot yta..
Låsen går sund
stengslar kverv
draget ut kjem
fær
slepp meg fri.
Smakar fritt
alt!
Innestengd eg
sprellar uredd ute.
Utan vranglås er eg
ein
rein
Døra bak smell i
Låsast
eg
går ikkje innatt
Romet mitt
er vidsynt
eige
Åpent
Heilt.
·

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar