3. juni 2011

HJARTESONG

Inni meg spelar mitt hjarte sin song, ein hamrande song om liv.
Eg veit at det tagnar, stagnar ein gong- men enno det klatrar og kliv.
Det spelar på fjontynne strengjer av lyst- av sorgjer, gledjer og lengt.
Ein Fanitullslått er or hjarta mitt kryst- den opner opp det som var stengt.
Livgjevande tonar som førest ikring, berusande kjensler som fengjer!
Hjartet mitt førest i livsleikarring- eg byd opp, og sjela mi krengjer..
No blandast alt inn i ein rusande leik, eg veit ikkje opp eller ned.
Men kva gjer vel dèt, eg er ikkje veik!Eg har hengsla av hjartet sitt lèd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar