6. juni 2011

MEG

Utanpå er eg ei jente,ho med smilet alltid på.
Sjølv når eg har sintedagar-trur eg ikkje du kan sjå..
...at eg faktisk ikkje BERRE-er ho blide,ho med smil.
Men ei anna som bur INNI-ho er rampete med stil!
Begge to er meg forstår du,men-dei byter ofte plass.
Te i koppar til den eine,til den andre: vin i glass!
Eg er Gemini,ein Tvilling-ofte lyt eg skifta hàm.
Ein dag snill og mest forstandig,neste dag er eg infam!
Når eg skin frå begge sider,kan eg gå med støe steg.
Då er kroppen i balanse-det du ser er faktisk MEG .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar