1. juni 2011

TOKAMP

Eg stryk deg ikkje alltid medhårs-
men eg stryk deg
vàrare enn bølgjene mot strand.
Du høyrer ikkje alltid på meg-
men du høyrer
når eg seier,at vi to har eit band.
Eit band,ubryteleg som vinden-
sterkt
med slakk til det vi lystar til iblandt.
Ei slakk,slik at vi to kan einast
midtvègs
når vi har gått til kvar vår kant.
Vi er to,der to må vera-
ilag
men jamvèl kvar for oss.
Vi held-ilag,den same tampen
livlina
når vi skal til å kasta loss...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar