1. juni 2011

ANGSTEN

 Du er eit lydlaust skrik.
Eit skrik innanfrå-ikkje ut.
Du er-
spisse taggar
som riv i meg.
Men-
ingen ser.
Du leikar i kanten av blikket mitt.
Der-ingen ser..
Hòla du lagar vert større
dersom eg prøvar å nå tak i deg.
Du-styrar showet.
Eg
er tråddokke.
underbetalt-overarbeidd.
Kan ikkje sova-får ikkje!
..og ingen ser.
For du gjev meg gode forkledningar-
slik at...ingen ser.
Eg er skriket i meg sjølv som ikkje kjem ut!
Fastfròse i kanten av mitt blikk.
Du er-angsten
...som-ingen ser.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar