1. juni 2011

INGENTING-OG ALT!

Gjev meg berre DEG-
eg har alt alt det andre.
Syng meg i ein song-
som du aldri vil forandre.
Sjå meg longs ei strand-
som vi har trødd ilag.
Høyr meg om eg ikkje
seier meir idag...
Tòl å stå imot-
når avmakt får innpass.
Når sorga vert for stor-
når dagen står i trass.
Eg gjev deg liv,eg gjev deg
meir enn lyst-eg klargjer sjølve
 DEG`et ditt til dyst!
Så...lov meg ingenting-og ALT!
Du,hjartets sukker-
du,sjelas eige salt....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar