3. juni 2011

PÅ LIVETS FERD-ILAG

Du gjeng din veg i minefelt,i tornekratt og eine.
Forutan kart,men ikkje tru-at du gjeng dit aleine.

Mitt kjære barn,mitt hjartes sol-eg gjeng dit med deg,nòr.
Kvar enn du trør,eg fylgjer deg-du vesle,eg er mor.

Eg held deg ikkje,men eg held-mitt vern,mi omsorg fast!
So du kan gå ombord i livet,sjølv med ukjend last.

Der vippast du litt opp-litt ned.Eg fylgjer deg eit stykke.
So lyt du setja kursen sjølv,mitt barn-sjølv segla mot di lykke...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar