29. feb. 2012

Tårer, lygn og Ludo

Eg kunne grine på kommando. Om nokon sa til meg: "Grin litt då, få sjå om du klarer det!"-so grein eg! Store, salte dråpar velta liksom utav meg som om eg ikkje gjorde anna. Såg heilt naturleg ut òg, sa dei. Eg fokuserte berre på ein liten stad inni meg, ein stad der eg kunne sjå attende på ein situasjon som var veldig trist og lei og henta fram att den kjensla det gav meg. VIPS! Tåreflaum og store, triste barneauger og om tjeneleg- eit halvkvalt hulk. Hulka var mykje vanskelegare å få til naturleg enn tårene, dei krevde ei anna sinnsstemning og her måtte eg verkeleg ta fram skòdespelaren i meg!

Klarde eg samstundes med tåreflaum og hulk å liksom sekkja litt i hop med kroppen, som om eg var segneferdig av vonde kjensler- Da Capo Maestro! Ikkje ein einaste gong klarde Besta å late vere å akke og oie seg når eg tok i bruk desse verktya..

Ho leitte fram kva det skulle vere av godsaker. Sukkerkake, bringebærbrus med raudstripa sugerøyr, mjølkesjokolade frå eit uutømeleg kremmarhus som eg visste alltid låg i øvste hylla på spiskammerset. Og Ludo. Ludospelet som var frå lengje før krigen og hadde falma i fargane, men som framleis hadde alle brikkane i behald. Ludospelet som eg berre elska å få lov til å spela, ilag med ho. Om eg utnytta skòdespelet til min fordel? Ubestridt JA! No kanhende eg skjems litt over dèt, men ikkje då. Då var det berre ein snarveg til noko eg elles måtte gjera meg fortent til, anten ved å luke i hagen eller vaske alle mjølkespanna til Besta. Slike ting. Slike beint fram urteite og kjedelege ting, som HO meinte var oppbyggjeleg og godt for både kjød og ande.

Men, for å få grininga heilt truverdig måtte eg ha ei dekkhistorie. Det kunne vera at eg hadde ramla av sykkelen og slått meg, nokre store ungar kunne ha erta meg eller ville slå meg, eg var kvalm, hadde hovudverk, var myrkeredd. Slike trasige ting som Besta ville falle for å tru var sanning. Lygn kallar eg det idag. Reinspikka lygn og fanteri, berre for eiga vinning. Og der stod Besta og visste ikkje kva godt ho skulle gjera for stakkars, vesle meg! Eg slapp tårene laus, og opna opp for hyggje og kos.

Eg sa tidlegare at eg skjems. Litt. Eg kunne nok ha skjems longt meir, hadde det ikkje vore for det faktum at eg etterkvart fekk forståinga av at Besta skjønte kva som gjekk føre seg. Besta var nemleg ikkje fødd igår, viste det seg- og litt longsmed kakeeting og bringebærbrusslurping og Ludospeling, kom det fram at ho visste. Ho sa det ikkje rett ut, det ville ha vore direkte flaut for meg, men ho blunka litt bakom dei brune hornbrillene og smilte.

Besta var slik, ikkje stor i hverken kropp eller ord, men ho hadde eit stort og gavmildt hjarte. Og, kansje det beste: ho ELSKA å spela Ludo, kansje endå meir enn meg!

So slik vart det då at eg, som kunne grina på kommando, og framføra dei beste skòdespel kva tid som helst for eiga vinning- eg slutta med det! Slutta å finna orsakingar for å kunna lura til meg litt kos ein regntung dag, der alle vener var berre inne hjå seg sjølve og eg kjeda meg. Slutta med grining og slutta med lyginga.

Besta såg på meg over det vesle teakbordet på stova og sa: " Din tur, Ludokonge. Slå meg om du kan!"

28. feb. 2012

Svolt

Han løfta det fullendte låret litt opp...såg på det, tok inn synet av linjene med augo og trakk det nærmare seg. Den litt syrlege dufta kilte i naseborane og han såg blikket til ho i sidesynet. Ho smilte lurt. Det var slik ho var, full av leiken ynde og med smilet alltid på plass. Han kjende på ein svolt han aldri hadde kjent før. Alt dette fullendte, plassert slik rett framføre! Han kunne slett ikkje halda att, no måtte han berre smaka.
Aud nikka samtykkjande og han førte leppene mot freistinga. Smakane small i munnhòla alt ved første streif, og han kunne berre ikkje halda tilbake eit stønn av vellyst! Det var så godt at tårene stod i augo, og då han flytte blikket mot Aud, såg han til si store glede at også ho hadde byrja.
.........dei to kyllinglåra var snart fortærte og dei to attmed bordet var samde i at den nye marinaden dei hadde kjøpt, var meir enn vellukka!

26. feb. 2012

Små stèg i livets bok

To steg fram og eitt tilbake-
livet går i takt.
Motgong, medgong får du smake-
livets ektepakt.
Om du sakkar akter, ute-
vert du skubba fram.
For ditt liv har lagt si rute-
den vert halden stram.
Avstikkarar utom leida-
gjer du lurast i
..at du seier: "Takk, men neida"-
slik at du gjeng fri.
Fylgjer du din fot til ende-
dit som målet er.
Kan du siste arket vende-
i den bok du bèr.

Brør og blod

Vi jàga vilt over tuekledde vidder, lèt føtene gå som ungfolar bortetter den ujamne flata. Kasta henda høgt over hovudet og skreik i takt med farta vår. - IIIIIIIYYYAAAAIYYYAAAAOOOOOOOO!!!
Vi var usårlege, udødelege villmenn som nesten flaug og aldri såg oss attende. Skrika våre sende ilingar longsmed våre eigne, bare ryggjar og villskapen syntes nok i augo, om nokon var der og såg. Men vi var frie. Ville, frie og åleine i det store. Berre trea og skogkanten longt der framme i synsranda dit vi aldri trudde vi skulle koma fram til.
Apachar, Arapahoar. Med tomahawkar skarpkvessde på bestefar sin slipestein i tunet heime. Pilkoggera og longbòga på ryggen, stramt festa med grove reimar laga frå ei gamal skinnjakke vi fann på mørkeloftet. Tøft! So tøft og vilt at vi nesten ikkje kunne bera det, so tøft at vi nok tok støyten når dei heime fann ut at sløyekniven til far var borte. Like tøft som i filmane vi sniksåg når dei vaksne trudde vi sov med tung barnepust..
Arne sprong alltid snøggast. Han hadde ei letthet i seg som gjorde at det såg ut som om han nesten ikkje trødde land, han langa berre ut med lette stèg over upløgd mark, uberørt av bevegelsane. Vi hine halsa etter det beste vi kunne, med blodsmaken like til tannrada. Jòg på slik vi meinte det skulle vere.
Alltid den same turen, alltid over markane til Sigurd, alltid mot Storelèdskogen og eventyra mellom treleggane. Alltid vi tre, alltid ALT- vi tre, isaman.
Sola fylgde oss med sitt heite blikk og denne dagen stod ho på med bestesmilet og varma opp ryggane våre og elvekulpen som vi snart skulle overta. Vrengje av oss dei skitblå dongeribuksene med brune skaibelter som nesten rivna ved spenna. Stå der, litt blyge i undikken før vi flira sjølvsikkert og lèt den gå same vegen som dei skitblå og yre gå i det knapt oppvarma vatnet.
Vi var indianarar og brør i blodet, om ikkje i kjødet. Tre tolleknivsnitt i handflata ein gong for ei halv æve sidan- ifjor- beviste dèt, og svergingar på eit urgamalt språk heilaga alt. Brør av blod. Blodsbrør. Tre for alltid, isaman i alt.
Vi trong ikkje sloss om plassane i hierarkiet, det var uuttalt semje og alle tre var godt nøgde med rollefordelinga i livsleiken. Arne var "Flygande pil" og den øvste hòvdingen, den som fekk velja fyrst frå matpakken og kva blad vi skulle lesa i. Blad Knut hadde tjuvlånt av storebroren, Kjell-Petter, blad vi kjende kriblingar frå lengje før vi hadde sett i dei. Manneblad.
"Raude Fjør" var andrehòvding, og Knut passa navnet sitt retteleg godt med sitt knallraude hår og freknespekka andlèt, flink med kniven og fjørlett på handa når noko skulle skruast ihop.
Sjølv var eg ikkje so reint lite nøgd med mitt navn, for sjølv om eg nok var eit hovud mindre enn dei andre to, so var eg smidig og lur og kledde navnet " Lure Rev". Lur nok til å få med nysteikte fiskekaker frå mor, sjølv om alle eigentleg skulle kòlnast og i frysen... Der var vi, tre ville indianarar på tokt i den varme dagen, og med elva som arena nett no. Ingen ante at fara truga, ingen av oss hadde nokon slags formeining om at om berre eit lite solflytt, skulle dagane formørkast og tre samstemte skulle råka ut i ein blodig og ulukkessvanger strid og koma i utakt for alltid..
Sola leika med elvespegelen, vi la oss av i den halvgrunne kulpen og skråla slik gutungar ofte gjer- høglytt og utan begrensingar. Vi var rusa på villskapen vi meinte vi eigde og heldt om kvarandre, glatte og brune og kameratar. Brør i det lyseraude blodet som rann i oss. Brør slik vi alltid hadde vore, heilt sidan vi kom til verda same året. Grannar, klassekameratar. Bestevener for evig og alltid og alltid, og alltid!
Noko skugga litt for sola, eit lite sekund før det var borte. Vi stògga litt opp, men såg inga sky, ingen bomullssau som kom og trua sola sin eksistens og leiken vår.
Vi planla korleis tipien vår skulle byggjast, med hesjaskårer som vi nok kunne tiggja oss til hjå bestefar eller onkelen til Knut-  som hadde slutta med gardsdrift og berre hadde dei liggjande bortpå lødeloftet. Longe, snorbeine skårer som enda i ein Y øvst oppe og som lett kunne setjast isaman og danne reisverkjet til ein flott tipi. Ei plastpresenning kunne vi sikkert finna òg, eller låne. Tau hadde vi i kilometervis. Planane svirra rundt oss i solsteiken lik småbrisne flòger og semja var like stor som dagen.
Sola svann att.
Vi heldt handflatene over augene for å sjå betre, sola blend oss litt då ho kom att, men vi såg ho. HO. Og vart ganske medvètne på at vi ikkje hadde anna på oss en dei brunbarka skinna våre. Medvètne om dette nakne faktum, var villskapen brått som kasta til jord og vi skjøna at det var èin ting å gjera: dukk!
Med vatn i alle opningar og hjarta hamrande i bringa, jòg vi under. Alle tre. Tre bleike stussar vart velsigna av elvevatnet og vi kravla oss bortåt breidda der redninga var. Bomullstrusene kom på raskare på enn av før på dag og vi såg ikkje opp før dei skitblå med skaibelta var godt festa rundt livet.
So såg vi opp.
Ingvild. Ingvild med sommarvindhåret og bringebærmunnen. Ingvild kom-og-kyss-meg- Berghaug. Ho stod der med den sylslanke 12 årskroppen sin avtegna mot sola og ein heilt annan villskap tok over.
Med Ingvild kom ufreden til indianarland. Brør i blodet vart fiendar av blod, og sola varma ikkje heitt lengre..
Ingvild var " Giftige Bær" for oss tre, og hesjaskårene til bestefar og onkelen til Knut, fekk stå i fred.For alltid.
Blod hadde vi delt, no skulle blodet vårt flyte. Utom årane, imellom oss meir enn i. Krigen var starta, og vi vart aldri meir born.

23. feb. 2012

Avspora

Dei svake spora livet var,
dei låg der berre- nakne.
Med merkjer etter alt eg bar,
av longe netter- vàkne.
Dei forma var av vèr og vind,
av fordomsfulle steg.
Dei gjekk frå djupna opp mot tind,
på farefull ein veg.
Små merkjer ser eg her og der,
dei teiknar dagar- grå.
Som holmar mellom kvasse skjer,
der eg lyt passa på!
Litt ujamnt trakk ser eg det vart,
og sidespora- monge.
Eg trådde lett, eg trakka hardt,
med sko, eit hakk for tronge...
Men avogtil kom yre trinn,
og opp på tå eg dansa.
..dei merkja ser eg sakte svinn,
for no hev takta stansa...

20. feb. 2012

Martha og Liv

Døden kom ikkje på stille vengjer for Martha. Den reiv og sleit i ho, vrengde sjelskantane hennar ut- inn og lèt ho få sjå avgrunnen lengje før ho nådde dit. Ikkje at ho hadde store fysiske smerter, Martha. Det som verkte i ho var alt det ugjorde, alle smil ho ikkje hadde smila, alle eventyr ho hadde forspelt.
Det gnog og åt seg inn, brennmerkte dei siste timane med stor kraft og ei intens pine.
 Ho var redd.
 Reddare enn nokon gong. Reddare enn då ho som ung hadde falle på havet frå sjarken til bestefar, og berre sovidt berga livet. Redd. For no skulle ho aldri meir få vera i dette fantastiske livet, aldri sjå nye dagar fødast og blenkje klårt heilt til natta sløkte alt varsamt ned....

Det vart ikkje slik som det skulle, livet. Men, Martha var klar over dèt, og hadde innfunne seg med det - slik vi menneskje plar gjera når vi anar målstreken. Men det som beit, var tankane om det ho BURDE gjort, men ikkje tok seg tid til. Alt som hadde vore godt innanfor rekkjevidde, men som no var forbi.
Martha hadde ingen born. Ingen ætlingar som sat stille ved dødsleiet og venta ilag med ho. Ingen blomar, kort eller bilete stod på nattbordet. Berre vassglaset og nytestamentet. Ikkje at Martha las i dèt nokon gong, medan ho enno hadde ork til det. Ho var ikkje av dei med trua i seg, hadde aldri forsona seg med Jesus eller den Heilage Ande. Martha var Martha. Ho hadde på ein måte hatt den formeininga om at ho hadde vèl nok med seg sjølv. Ikkje skulle HO måtte plagast med å stå på pinne for andre, syta for at andre enn ho fekk til livets opphald og vera vern!!

Monge gonger hadde ho stått ved vàlurna ho òg. Hatt sjangsen til å blomstra ilag med ein livsveiledar, ein partnar i livets leik. For ho var ei vakker kvinne, Martha. Og karane kappast om å kome nær nok til å få ein flik av hjartet hennar. Men....Martha, ho heldt dei på avstand. Ho skulle styra kursen sjølv!!
Ein kan undrast over kva som låg til grunn for dette livsvalget, ingen har vel godt av å berre skulle gå einsam? Men slik var ho, og etter utallige freistnadar bakka dei ut, karane. Ein føre og hine etter. Og Martha gjekk i det, einsam.
No hadde det seg slik at ho kom lett til pengar. Ho var einearving til mongt og mykje av både gods og gull, Martha. Og ho brukte mykje på seg sjølv, reiste og tok utdanning på dei beste skulane. Monge vil vel seie at ho var framfødd, der ho pløgde seg fram og ut, velbeslått og med lite bekymmer.Martha flytta frå den vesle bygda og til storbyen og hadde nok sitt nettverk av dei som gjerne kalla seg vener når det var noko å hente anten sånn eller slik. Men... Martha la seg åleine, og stod oppatt åleine. Ingen mann. Ingen fyrrig elskar som kom og gjekk etter behovet. Ingen born, ingen hund eller katt. Ingen hjartevenninne som ho sat og delte opp og nedturar med. Ingen. Berre tinga, armslaget og seg sjølv
.
"Det kjennest so forferdeleg lite ut, dette som dei kalla døden"- tenkte Martha der ho låg. "Det et meg opp innanfrå, tygg meg, spyttar meg ut, og trakkar på restane som om det ikkje er verdt NOKO!?...so pitrandes lite, men so uendeleg stort alikevel, og eg lyt gå i det utan nokon til å heia meg fram.."
Pleiarane på sjukehuset, kom og gjekk. Skifta på sengeklè, gav ho skei på skei med tynn suppe..som rann utatt mest med det same. Ingenting av det ho tok inn, heldt ho på. Ho var overgådd av kreft, og det var ingenting meir dei kunne gjera. Ho hadde prøvd alt! Alt det pengane hennar kunne kjøpe. Likevel låg ho her no, og hadde tapt. Døden åt ikkje pengane hennar, den åt berre opp tida.
Tida som ho no ikkje hadde meir av, tid som ho no gjerne skulle brukt annarleis.
Det var som om ho heldt seg sjølv i ein tynn, tynn tråd utfor ein fjellkant. Den Martha som hong utanfor kanten var den Martha ho gjerne skulle ha vore om ho hadde kunne gjort om livet. Den Martha som skulle gjett andre lov å ta del, gjett seg sjølv lov å leva med innsida ut. Ut mot verda, mot det levandes livet!
Den andre Martha, ho som stod trygt inne på fjellgrunnen, det var slik ho hadde sett seg sjølv alltid. Trygg når ho var den som heldt avstand frå dei som kansje kunne såra henne. Kansje....Ho hadde kontrollen, ho ordna og staka ut kursen...og gjekk mot målet. Sjølv. Einsam.
Døden trakk ho nærare avgrunnen for kvart beiske andedrag, ho kjende smaken av botnen- beisk i munnen. Like beisk som cellegifta hadde gått i ho, den som ikkje ville virke.
"Åleine er ikkje nokon god plass å vera, korleis kunne eg velga åleine som partnar??"
 Ho kjempa mot avgrunnen, ville ikkje dit, men lèt att håpet. Det kom nok til å ta tid, og ho såg alle redslane som sneik inn mot ho frå alle kantar. Døden var slett ikkje vakker. Slett ikkje ei lette. Ikkje for ho som låg der, einsam og åleine.
"Martha."
Ei djup og mild stemme stogga ferda mot botnen. "Martha"- sa ho igjen, litt klårare, nærare.
Martha freista opne augo, plira sløvt med halvopne gløtt. Såg ingen, og lèt att. Men var årvàken likevel.
Var dette eit triks Døden hadde?? Eit siste hån før beistet stod klar med kjeften på gap for å fortæra henne? Ho visste ikkje, trudde ikkje.
"Eg er her. Ilag med deg"
Den milde igjen! Martha gløtta att. Og, der såg ho! Der sat ei der, ei framand. Martha hadde aldri sett ho før, det var ikkje ei av pleiarane iallefall, då måtte ho isofall vera ny.
"Kven er du? Kva vil du? Kvifor er du her? "
Martha kunne ikkje spørje, kreften hadde ete opp sjangsen til det for lengje sidan.
Ei kjøleg hand tok varsamt Martha si, heldt ho og strauk ho litt. Martha kjende at noko fløymde opp i ho, ein varm straum som ho knappast hadde kjent før. Det var som om avgrunnen avtok, mørkret gav seg over og lyste slapp til!!
Ho gret. For fyrste gong sidan ho var lita jente, gret Martha for slett ingenting! Varme sildr strauk kinna våte og det gjorde ho ingenting! Stemma, den milde- sa :" Slik ja, Martha. Slik ja. Slepp deg sjølv inn, og gå inn i døden med lyset og ikkje med mørkret. Eg er her med deg, eg slepp ikkje taket før du har funne fotfeste i det gode. Det vart ikkje slik du trudde, men du er ikkje åleine no..aldri meir!"
Med desse enkle rettesnororda, viska Martha vekk einsemda, tok imot lyset frå døden, frigav smerten ved å ikkje ha gjort nok...og ho tok farvel med seg sjølv.

Livet sat att ei stund i romet, heldt Martha vàrt i hand og var der heilt til dødens mørkre tok over og Martha var komen fram dit einsemd ikkje var ein tilstand, berre eit minne. So gjekk Livet vidare...

19. feb. 2012

Høyrespel

Somme lydar set igong noko i meg meir enn andre. Set igong myriadar av små filmsnuttar, små historiar oppi hovudet mitt.Eg registrerar knapt lyden før tannhjula i hjerna har teke til seg lydbiletet og bearbeida den.Det er som å trykkja på ein knapp eg ikkje anar kvar er, men trykkjer instinktivt likevel!
Vi er heile livet omgjedde av lydar. Av sanseinntrykk som går frå lydsituasjonen og inn øyro våre- til bearbeidelsessenter:HJERNA. Dei fleste lydane er for oss kjende, kansje monotome og likgyldige. Likefullt er dei der, omgir oss med konsistensen sin og dreg merksemda vår mot dei. Eg kan rett og slett ikkje forestilla meg korleis det må vera å IKKJE høyra! Eg har nedsett hørsel på begge øyrene, og må difor ofte konsentrera meg voldsomt i ulike samanhengar. F.eks om eg pratar i telefonen, og nokon andre står og pratar rundt meg. Då forsvinn mykje av det eg EIGENTLEG burde høyra, til fordel for det som foregår rundt...
Tilbake til desse lydane som set meg igong.
Eg gjeng ofte tur. Åleine. Og har då fullt fokus på omgjevnad og eventuelle lydbilete rundt meg. Eg har tid til å stògga opp om eg vert vàr ein lyd som gjer meg nysgjerrig, tid til å stogga opp og undersøkja om nett DEN lyden kan føra til noko uforutsett interressant! Små forskremde pusemjauelydar under ein vedstabel- korleis kom det vesle silkenøstet seg DIT?....dei lokkande klukka frå ein overivrig vårløysingbekk, den evigvarande gnisselyden frå ei grashoppe- evigvarande heilt til ho vert klar over tilskòdaren og stilnar! Slike lydar. Trygge og gjenkjennende lydar, som passar inn i det biletet omgjevnadane gjev oss.
Men, somme gongar bryts trygga av lydar som slett ikkje høyrer heime der, og vi kvepp. Kjenner det berømde blodet frysa til is, i ein brøkdel av eit augneblikk- og vi spissar faktisk øyrene ekstra. Som kansje for å få oppleva lyden ein gong til, slik at vi kan bekrefta eller avkrefta at : dette lovar ikkje godt!
Skòtlydar f.eks. Utanom hjorte- og småviltjaktsesongen. Ikkje ein velkomen lyd for meg iallefall. Då ser eg for meg dei værst tenkjelege scenene, som henta frå dei argaste krimseriar på fjernsynet. Drap. Mord. Blod og ufattelege basketak med fæle typar!...som oftast er det berre nokon som har vore litt overivrige med luftgevær o.l. Men ein kan aldri veta!!
Der finst monge slike lydar som gjev assosiasjonar ein godt kan vera utan. Men der er og nokre lydar som skapar musikk!
Idag gjekk eg ein slik frisk og fin formiddagstur. Det sludda igårkveld, men slo litt om på morgonen, slik at det hadde fròse på og det var ganske glatt på vegane.
Eg kledde godt på meg, gode og solide vintersko med godt riflemønster i rågummisålen. So gjekk eg. Og frå fyrste steg, kjende eg musikken! For kvart steg eg tok, for kvar lengdemeter veg eg tilbakela...steig det rytmisk musikk opp frå grunnen.
Det som slo meg når sålen møtte fròse sludd, var at denne lyden var
 nesten identisk med den lyden ein framkallar når ein et knekkebrød! Knasande sprø og litt ru lyd som låg godt i hovudet mitt. Ein trygg lyd som samstundes var spanande, med god spenst i. Godlyd! Kansje er eg like kansande sprø som lyden, men eg gjekk der og høyrde på den, tògg på den og nynna etterkvart attåt! Rytmisk i takt med stega mine, den dreiv meg fram og eg tilpassa steglengda etter dei glatte partia, slik at eg bygde opp ein heil liten symfoni. Crescendoet kom då vinden auka på og ula kring meg. Finale. Slutt. .....Da capo?? Tilbaketuren la opp til det. Øyrene og eg var lukkelege lyarar til dagens musikkstykkje, eg spela fyrstefiolin og eg spela godt!
Sola kom fram og let isen smelta i knapt høyrbare små sukk...solkyssa isvatn lirka seg kring nedesnødde bilar og laga sine lydar. Komplett søndagssymfoni med heile verda som arena, men mest berre eg som lyar.
..no sit eg inne og har på radio. Der spelast ein annan slags musikk, lydar sett i system av andre- for alle. Øyregodt.
Men, no høyrer eg berre sånn halvvegs etter. Eg har kopa inn autopiloten, lydane kjem inn. Og går utatt like fort.
Heilt til èin liten spesiell ein stikk seg ut frå mengda att.
Høyr godt etter, kansje lagar lydane høyrespel snart. For deg òg.

15. feb. 2012

I mørkret

Pulsen hamra som etter det villaste ritt og eg tòrde ikkje pusta ut, ifrykt for at han skulle høyra det. Han stod sikkert berre ein knappe meter ifrå, men det var kòlandes mørkt og eg såg han ikkje. Kjende berre at han var der, kjende det eksplosive sinnet hans bak mørkret.
Og, eg høyrde pusten HANS!Støtvise utblås som sikkert kom frå hardt samanknepne tenner.Eg innbilte meg at eg kjende lukta av han, der eg låg. Ein eim av noko som eg frykta, som kom sivande imot meg der i kveldsmørkret.
Det reiv i nasa, ei emmen og litt kvalmandes lukt...var det mi eiga fryktsveitte eg kjende? Eg låg so flat eg berre klarde i den lett fuktige molda, med andletet vendt ifrå der eg ante han stod, for ikkje å synest om eit streif av billykter skulle koma over plassen.
Bilvegen låg like ved, og i den rette vinkelen kunne eit andlèt vera godt synleg om lyset traff. Eg hadde jord overalt kjende eg. Det klødde, men klø meg..dèt kunne eg IKKJE! Den minste bevegelse, eller lyd ville avsløra meg.
"La han snu og gå!!"- bad eg i det inste av meg."Gå din vèg,og la meg vera i fred!!"
Då kjende eg det. Det starta longt nede, nesten i magen- men jobba seg raskt oppover til pustekanalen, til halsen min.Eg måtte hoste! Kva gjer eg no????Tenkte på varm melk som strøymde ned igjennom halsen, lindrandes halspastillar, is, kakao...kva som helst!!!??...Det stògga og gav seg, men hjartet mitt raste som ein tornado utan mål eller meining. Gav seg berre ende over og fòr avstad inne i brystet mitt.
HAN hosta! Brått og karsleg, utan å bry seg om eg høyrde kvar HAN var! Han hadde visst flytt seg litt lengre bort no, eg snudde meg ørlite slik at eg kunne kvila den vonde skuldra mi litt. Den eg hadde skada i flukta. Ho verkte bankande, og det ila varmt i ho då det brått kom blodtilstrøyming i ho att. Vondt, men då virka ho iallefall!
Kor lenge skulle han stå der?Og, det som viktigare var: hadde han aning om kvar nokon av oss var?At vi VAR her endå i det heile? Eg var ikkje heilt viss sjølv. Hadde ikkje oversikt over dei tre andre, om dei hadde klart å stikke av før han vart vàr oss.Visste ikkje, og dèt plaga meg. Det var trass alt EG som hadde lokka dei inn i dette, eg som drog dei med og eg som hadde skulda for at vi no var i denne situasjonen. Det var tungt å svelge, gråten kom i halsen som ein sviandes straum og før eg ante det, gret eg brennheite tårer ned i den svarte makkemòlda.
At eg kunne vera so dum!! At eg sjølv ville prøva, var ein ting. Det kunne eg foreinast med. Men at Hege, Reidun og Britt vart kasta uti dette, var utilgjeveleg..Kordan KUNNE eg!!? Dei snildaste og lydigaste i heile bygda! Som aldri hadde gjort ei flòge fortred eller SAGT noko vondt om andre eingong! Og, no låg dei sikkert her- einkvan plass, og var like redde som eg!!
Aldri, ALDRI meir skulle eg gjere urett  i heile mitt liv, om dette gjekk godt! Aldri skulle eg draga med meg andre inni eventyrlysta mi, den ustòggbare.Aldri! Om berre HAN kunne gå, so vi fekk ta avstad, og redda skinnet og oss sjølve heim.
So monge tankar som snirkla seg inn i hovudet mitt då! Eg tenkte brått på nysteikt brød med smør og ei tjukk og nyhøvla skive brunost på. Hadde ikkje DÈT vore noko no? Sitje på kjøkenet hjå mamma, med vedfyrt ovn som knitra koseleg og flammane som dansa i takt med tygga mine. Melk og eit eple attpå.
...eple ja...
No kom hosten kriblandes oppover mot fri luft att! Eg forbanna alt som ligna på epler, pærer og på frukt i det heile!!! Eg følte meg som Eva i Paradiset no, som freista Adam med EPLET!! Forbanna meg sjølv og lystene mine, forbanna innfallet som gjorde at eg låg grinande i molda ute i ein eplehage. Forbanna epleslang!!!
Eg stivna og tankerekkja mi enda, som klipt av med saks. Nokon pirka borti meg, nokon som laga rare strupelydar. Nokon som lo???
Eg snudde meg på rygg og overgav meg, Overgav fridomen min i ein moldmørk eplehage med siste rest av det som ein gong var ei modig jente,til min overmann. Eg såg opp, såg beint opp i håp om at han kansje tykte det var noko med motet mitt som kunne gje meg fripant..kortare straff.
Det var mørkt, men no var vi so nærme kvarandre at eg såg. Og eg såg. Eg såg Britt!!..og Hege, og Reidun! Dei stod i ring rundt meg og held hendene for munnen og var halvkvalde av latter! Dei stod her, usåra, uredde og LO!!! Lo so ungjentekroppane rista, og då gjekk det opp for meg at vi var berga! Vi hadde tapt slaget om dei freistande, raude epla til KjeppePetter, men- vi hadde vunne fridomen! Og eg låg der, midt i den heile, frie verda og berre lo med.
Kjeft fekk vi sikkert når vi kom heim, men det skulle eg tòle. For eg hadde bestemt meg. ALDRI meir skulle EG gå på epleslang, ALDRI!
.......på heimveg fortalde Britt at dette var det mest spanande ho nokon gong hadde vore med på, og..at ho visste om ein lur plass å gå på plomeslang. I ein hage der det var mykje lettare å stikka av frå. Og eg tenkte: "Plomer er no faktisk ganske godt...."

13. feb. 2012

Eg hadde i utgongspunktet tenkt at denne bloggen skulle tileignast dikt. Men, ser at det kansje vert nokre kvardagsbetraktningar av ymse slag òg. Håper denne vesle forteljinga frå min Måndagsmorgon kan vere til fornøyelse. Kattemat

Den var ein svær brande av ein katt. Ja, no anar ikkje eg om det var ein hann- eller hokatt då, men den var iallefall svær. Og kòlande svart!
Eg kom gåande i sedvanleg moderat fart, på veg til jobb i gryet ein stille måndagsmorgon. Vèret var av det hustrige slaget, so eg hadde parkashetta godt ned i augene då eg vart vàr dette dyret. No var det ikkje dyret i seg sjølv eg beit meg til merkes i,eg såg den berre sånn i sidesynet. Nei, det var noko merkeleg som gjorde at eg stògga litt opp og drog hetta att og bak.
 Dyret var på andre sida av traffikert vèg, kansje ein 5-6 meter frå meg. Den stògga den òg, snudde hovudet mot meg- og det var då eg såg kva som var underleg. Den hadde noko i kjeften, og- det var ikkje ein småspòrv eller eit lite musekrek. Nei! Kattebeistet hadde skoga tak i ei ganske stor skjòr, som flaksa og baksa fast mellom ivrige kattetenner. At den var vitskremd, var lett både å sjå og høyre- og eg tenkte ikkje, berre handla instinktivt.
No er eg ikkje av den lettføtte sorten lengre- so eg overdriv nok betydeleg om eg seier at eg bykste fram!Men...eg tok meg iallefall over vegen(sjølvsagt etter fyrst å ha sett meg til båe sider etter bilar)og ropte samstundes til katten:- Fy pus, fy!!!
Katten stod der. Såg på meg med gule katteauger, heldt stand og berre såg meg kome imot. Hadde eg vore eit sekund raskare, hadde eg kansje stått der med ei skjòr i handa..men, katten var rådsnar og lur, og bykste over på andre sida av vegen før eg fekk summa meg! Nett då kom ei rad med bilar, og eg kunne berre stå der- på feil side og sjå den triumferande mina!
Han håna meg, og- han tok eit nytt jafs innpå bakparten til den stakkars flygefanten. Og fortsatt såg han på meg.
Eg kika opp- og nedetter vegen, i håp om at bilrada skulle minke, men det var visst rushtid. Medan eg stod slik, lettare rådvill og litt halvhjerta i forhold til mitt eige heltemot,kjende eg brått eit kaldt drag i lufta over meg. Såg opp, mot februargrått skydekkje- og der! Der kom luftens heltar i parademarsj! Ein hærskare skjòrar, og kråkefantar òg- det vil i dette tilfellet seie 6 stykk- kom stupande med høglytte skrik og skræk, ned mot kattebeistet.
Dei hadde nok fått med seg at ein av "deira eigne" var teken til fange, og var tett ved å verta tidleg måndagslunsj!
Eg knytte nevane og hoia et seiers -YESS!!! -før eg prøvde å fylgje retretten til den overrumpla katten!
..det siste eg såg, var ein svartbuska hale som stod strak baketter ein katt i kliv oppetter bakkane. Med byttet fortsatt i kjeften!
Der stod eg, redusert frå nær heltinne, til berre ein tilskòdar til ein av livets realitetar. Mat er visst mat, men eg er noko usikker på KVEN som vart mat til slutt her!!..skjòra, eller katten...?
Det seier soga ingenting om....Kansje ser eg dei imorgon?

12. feb. 2012

Flaum

Det renn ei elv av tårer
inn i mitt stengde rom.
Den bølgjer og den bårer
den renn seg aldri tom.
Og somme tider brusar
den hardt mot døra mi.
So òpnast alle slusar
og elva den gjeng fri.
Men, andre gongar fløymer
den stille, mild og lat.
Og, alt det ville gøymer
og legg seg blonk og flat.
Då set eg gløtt på døra
og berre lèt ho stå.
Og ser kor ho vil føra
mi kjensle-elv, mi å..

11. feb. 2012

Liv/Mor

Rakt ut frå
insta di-
kom eg.
Du heldt meg-
tòlsamt
viste veg.
Heldt dagen min
og natta
varm.
Og roa meg
når uroa
var harm.
Heldt ikkje
foredrag
om liv og daude.
Men mildna blikk
når augene
stod raude.
Eg aldri kan
vel klippa
snora-
som held meg
festa hardt
i deg, du mora.
I skugge,sol
du
alltid er.
Mi mor-
mitt opphav,
hjartekjær..
Eg elskar det
å vèta
dette:
Du har gjett
meg
mi levnadslette.

10. feb. 2012

Breid

Legg meg til kvild bak nattstengd dør-
og kyss vekk smak av dagen.
Stryk vekk alt det som vondt var, før-
og snu meg rundt, på magen.
Lat augo dine kila meg,
med lette streif av blåne.
Før du igjen, lyt gå din veg-
og dagen får deg låne..
Breid armane, kring kroppen min-
eg veit du dèt kan klare.
Kviskr stilt i øyro:" du er fin"-
èin gong før du lyt fare.
Slå på mitt ljos, so eg kan sjå-
konturane av kinnet.
Ditt blåe blikk med lysta på-
beheld eg vèl i minnet.
Før sova hentar båe to-
eg kjenner på ei smerte.
Men den er varm og nattegod,
den vermer sjel og hjerte.
Om du enn fær når dagen renn-
so er du med i stunda.
Og natta er vår beste venn,
..no vil EG også blunda...

La Vida

Høyr vinden, den fær over alt som er skapt.
Den smakar på landet den møter.
Den vilsnar og kjenner vel styrka si, knapt-
den rykkjer opp verda med røter.
               ......
Kjenn vinden, som leikar i nyvaska hår.
Dei smektande kjærteikn mot huda.
Den ber med seg lovnad om gryande vår.
Vi ynskjer velkomen dei buda.
              ......
Sjå vinden, den fongar opp leikande born.
Den nappar i skjorter på snora.
Og den fører vidare groklare korn-
som snart ligg og spirar i jorda.
             ......
No blæs eg avgarde, no reiser eg lett.
Eg førest med vinden i tida.
Min tanke er luftig av det eg har sett-
eg har gjort mi gjerning...La Vida.

9. feb. 2012

Den siste song

Ingen visste,
ingen såg-
at han strevde.
Ikkje visste han,
der han låg-
at han levde.
Berre skàlet,
gav eit skìn-
som eit avtrykk.
Like velstelt,
like fin-
våre inntrykk.
Longt der inne,
song det såre-
melodiar.
Lagt til kvile,
på ei båre-
sympatiar.
No slepp ingen
lengre inn-
stengetida.
Ljoset slòknar,
ånda svinn-
sleppe lida.
Siste klåre
augneblikk-
er forsvunne.
Alle smil og
god mimikk-
gått til grunne.
Alle ser at
han er vekk-
frå oss andre.
Ingen visste kva
han fekk-
for å vandre...

Hokus krokus

Som små soldatar med ryggar ràke
dei stend i tèla og veks seg strake.
Korleis dei klarer å veksa er-
for meg eit under som håpet bèr.
Med fargar klåre som dagen min,
dei bukkar djupt over frostlagt rim.
Og sjølv når vinden tek tak i dei-
dei stend og smilar med knopp på snei.
Eg neiar litt for dei søte, små-
og plukkar ein for å lukte på.
Då anar eg at dei andre vil,
bli plukka òg, for å høyra til.
Slik gjekk det til at eg ganske lett,
fekk med årets fyrste krokusbukett!

UT

Då eg var lita frøken, eg ville vera gut.
Eg ynskte mest for spøken- eg hadde ikkje tut.
Med nevane i lomma, og lomma full av ting-
eg kunne ofte bomma, på saker sett i sving.
Når gode råd var dyre, og peka gjekk for vidt.
Då steig mi magesyre, då var det ikkje stridt!
Men straffa tok eg endå, om det var harde tak!
Og so litt kalde blås på, min ganske såre bak.
Eg likte meg i skogen, det var min andre heim.
Eg var som hest for plogen, med nyoppstramma reim!
Der var ei sikle- småstilt, som eg fann stri og stor!
For meg rann den so fossvilt, men fekk lov visst- av mor.
Der segla eg med båtar, som laga var av bark.
El ferge, skip og flåtar- og endåtil ein sjark!
I eitt med Mor Natur var, eg ven med maur og makk.
Men når det mørkna- styggsnar!..eg heim til trygga stakk.
Eg var vel som dei fleste, litt ottesam for dèt-
å ikkje sjå det meste, men berre skumle tre.
Min barndom var som smaken, av jordbær trædd på strå.
Som solskinnskyss mot baken-  som nysteikt brød å få.
Vèl var det monge stundar, der ikkje alt var greitt.
Om eg på dette grundar, eg smilar endå breitt!
For. Eg fekk lov å vera, ei lita frifast taus.
Og med meg dette bera: Lev UTOVER, vær raus.
..om eg ser ei slik kvikk ei, som leikar ho er gut,
då vil eg til ho sjøl sei:- vær DEG, sjå fram- sprett ut!!

Ambivalens

Hjartet dansar, det smilar.
Hjerna stansar, den tvilar.
Opp er nede, og omvendt.
Kjenner glede, hit tilsendt.
Varm i magen, av lykke.
Tek av dagen, eit stykke.
Kan`kje blunda, er sleten.
Stend i stunda, medveten.
Slær litt væte, på gløra.
Vil`kje ete.Steng døra!
Trippar tåspiss, er konge.
Full av skepsis, på vronge..
Går frå hine, er berre.
Ser alt fine, alt verre.
Er i utakt, men dansar.
Kjenner avmakt og sansar.
Denne uro, den pirrar.
Døra att slo, den dirrar.
Slik er nærleik frå di hand.
Kjenn på kjærleikens avstand..

6. feb. 2012

Vogg meg til liv

Vogg meg sakte
vogg meg no.
Alt er myrkt og stille.
Alle kjensler
ligg i ro.
Ingen gjeng til spille.
Vogg meg vaken
vogg meg hardt.
Drag meg ut av blunda!
Eg vil kjenna
livet snart.
..nett no- denne stunda.

       ....
Hald meg du
og hald meg fast.
Sjå meg vekkja dagen.
Gje meg inga
langsam rast.
Pust meg inn
med magen.
Hald meg ikkje
hald meg no!
Høyr mitt liv som vekkjast.
I di favn
kan eg få ro.
Når mi livsgneist svekkjast...

5. feb. 2012

Tidslina

Når botnen lyser svart mot deg, og alt av håp er borte.
Når inga stjerne viser veg, og dagane er korte.
Då lyt du sjølv ta kampen- hard, og klivra deg til målet.
Og leggja bak alt det som var, og halda liv i bålet.
Det liv vi har er berre vårt- til odel men til leige.
Med tunge dagar, hjartesårt- med gledestimar, seige.
So. Bruk det rett, sjå beinast fram- og bruk kvar time riktig.
Då held du levnadslina stram, den som for DEG er viktig.

1. feb. 2012

Kattedans

Din djupe latter rullar grov, men fløyelsmjuk mot meg.
Du er ein katt på natteròv, her lyt ein passa seg!!
Det glimtar leik i augo ditt, du strekk deg etter meg.
Du vil ha meg heilt kostnadsfritt, men eg får ikkje deg..
Eg spelar med, er pusemjuk- men smett og smyg min veg.
Du stend og ventar, elskovsjuk- og ser på at eg dreg.
Slik kattedans gjev lite vòn, men er som trening bra.
Vår flørt er tru og unison- til vi finn ein å ha.