31. mai 2012

Dagsglad ende

Eg kvilar godt.
Har gjett, og fått-
er feststemd innanfrå.
Med tørt og vått
og løyen lått-
eg tygg på dagens strå.

Den dagen her
utan besvær
den var her kun til glede.
Med spriketær
og koseklær
eg har`kje meir å bede!

30. mai 2012

Årsoppgjer

Eit år til
attåt dei hine
kor kjem dei alle, åra-  frå?
Min eigen stil
til andres pine
eg er meg sjølv- det kan du sjå!

Eg kikar bak
på det passerte
og smakar blidt på dei førtitre.
Er inga sak
at eg kasserte
alt det som surt var og gjekk med fred.

Eg seier: "SKÅL!"
Og byrjar festen
min eiga feiring med mykje tull.
Er nokså snål
eg er fyrste gjesten
og kjem det fleire, vert kvota full.

Hipp, hipp- hurra!
Eg drikk av livet.
Eg sigra kampen min nok eit år!
Eg har det bra,
eg har fått det givet
no haustar eg det som livet sår.

28. mai 2012

Månens elev

Den smale månen kika ned
og såg vel heile meg.
Eg undrast om den kjende
at den kun var halve seg.
Vert den litt schizofren
slik den støtt lyt endra form?
Den halv og heilar stendig,
den- i finevèr og storm.
Vi menneskje er heile vi,
frå starten av vårt liv.
Vi slepp å møta verda, halve-
når vi kanten kliv.
So. Måne. Eg beundrar deg,
for motet ditt er stort!
Du skin mot alt og alle,
sjølv når halve du dreg bort.

Vindauge vs. verda

Mitt vindauge mot verda er stort
og òpe.
Alle inntrykka., syna.
For meg?
Det er lov å håpe.
Eg ser ut.
Tèk det inn.
Vaskar ruta rein.
Fangar bilèter.
Fordelar.
Drèg gardina for.
Ifrå.
Ser longt, vidt-
nært.
Rekk EG ut?
Ser nokon meg?
Eller er eg berre ei.
I eit vindauge.
Mot verda.

Kvamsøy

Eg var ny.
20 år ung og med ein 20 årings rastlause liv i lemmane. Utferdstronga var større enn fornufta. Kva skulle eg ta meg til med? Sidan eg var rett skulelei, vart det til at eg søkte meg jobb. Og det på den vesle og for meg ukjende øya: Kvamsøy.
Det valget skulle verte eit valg for meir enn pengebok og utferdstrongd. Øya og opplevelsane derifrå, folkjet og sjela der- er spikra fast. For alltid.
Å koma til ein ny plass, er for dei fleste av oss litt ambivalent. Det er spanande, ja. Ein skal etablera seg med hus og heim, finna sin plass blandt dei meir fastgrodde bebuarane og på ein måte omrokkera både sitt indre og sitt ytre. Gli inn. Vera deltakande..Godkjennast.
  Ho tok vèl imot meg, øya. Mi aller fyrste kjenning med folkjet der, var då eg kom på jobbintervju. Kvamsøy Plastindustri, ein då alt veletablert bauta innan faget. Ein arbeidsplass i vekst, ein mannsdominert bastion lengst ut mot havgapet. Spanande, ja. Der sat eg, ung og relativt uerfart i arbeidslivet. Kring bordet sat eit knippe godt vaksne menn i kjeldressar med kaffikoppane sine, nysgjerrige ansikt under skjegg og sneipar. Aldri hadde vel eg vore på eit jobbintervju før, ikkje visste eg kav dei krevde av meg- kva spørsmål ville dei stilla og kva vart utslagsgjevande for eller imot?
  Sveitte handflater gnura under bordplata. Papir vart flytta, bladd i og lagt vekk. Mine papir. Vitnemål og referansar. Kremt. So kom det. Spørsmålet: " Likar du fotball?" Hæ? Eg såg opp.Om eg likar fotball? Svara eit forfjamsa "Ja, det gjer eg!", og tenkte at "kva var dette for slags spørsmål i eit jobbintervju, tulla dei med meg? Neste: " Spelar du i korps?" Men? Nølande svara eg at eg ikkje gjorde det no, men at eg hadde spela då eg var yngre. Nikking på andre sida av bordet. Stillhet. Røyk og kaffi på karane, sveitt ventetid og undring på meg. Kremt att. " Ja, då er det vel ikkje noko meir å diskutere-jobben er din." Tulla dei med meg?? Fekk eg jobben med å svara ja på desse to spørsmåla om fotball og korpsmusikk?? Eg strauk sveitte handflater mot kleda og takka pent ja.
  Slik byrja det. Mitt forhold til Kvamsøy. Forhold til fotball, korps, dugnadsånd større enn folketalet, Plastindustri, bygdefestar, kjærleik, kjærleikssorg, glede, morslykke, vakker natur, ruskevær, motgong&medgong, samhald og ivaretaking. Mykje kan seiast om dei 9 åra eg budde der, men eg nøyer meg med å oppsummere det i desse orda: Eigentleg er det litt godt å ha lengt. Lengt som strekkjer små armar ut mot det ein ikkje kan sjå eller kjenna, høyra eller smaka. Ein slik lengt som gjer det leveleg sjølv når ein ikkje kan få det ein lengtar imot. Godt fordi ein veit at det ER der. Og at ein har det, jamvel om det er longt vekke.
  Kvamsøy for meg er slik. Det er ikkje ofte eg er der fysisk. Men sjela fylgjer meg kvar einaste dag, og ofte kjem der øyingar innom meg på arbeidsplassen min og materialiserar sjela og ånda til Kvamsøya. Strekkjer små armar attende mot meg, og gjev meg kjensla av inkludering og det å ha komen heim igjen.
  "Nærast er eg når eg er burte", slik er det. Om eg ikkje ruslar på kvite strender med storhavet brusande imot, eller sit i godt lag og kjenner på det spesielle samhaldet..so ER eg der litt likevel
  På Kvamsøy, øya der hjartet mitt har lagt igjen ein haug med aksjer. Aksjer som stig i verdi for kvart år som går.

Valg

Somme finn sorga før ho kjem til.
Vrir seg i pinsla med glede.
Legg seg med vilje i ytterste fil.
Let svartemakta inntrede.

Er ikkje ljoset ein lettare stad?
Bør ikkje livsgleda vinnast?
Reinsar vi kroppen i sorgtunge bad-
kan ikkje solsida finnast.

27. mai 2012

Glimt

Det heng att ei strime
av dagen igår
eit fastbrent minne bak gløymde.
Eit minne til kime
eg ikkje forstår
..kanhende eg dèt berre drøymde?

24. mai 2012

Eg kjenner dine steg

Eg kjenner dine steg.
Lågmælte
Lengtande
Med hælen bak.

Eg kjenner dine steg.
Friskmelde
Ventande
Støde, under rygg so rak.

Kvar gjeng du når du ikkje
gjeng mot meg?
Gjeng du baksida?
Omveg?

Eg kjenner dine steg.
Men ikkje vegen du gjeng.

20. mai 2012

Vårsoldat

Grønsyrleg grasànge nådde nasebora. Den litt skarpe lukta av avklipt grønt kom med mildt vinddrag over altanrekkverket mitt og leita seg fram til sansesenteret mitt: nasa. I nett det augneblinket hjerna fonga opp lukta og orienterte seg fram i koblingane etter plassen der akkurat denne lukta låg, vart det for alvor vår for meg.
 Vi skreiv godt over midten av Mai, og nærma oss vel meir sumar enn vår. Men, det var fyrst no eg kjende på den yre kjensla ein somme gongar får når våren kjem for fullt. Sola strekte seg i heile lengda. Lufta var vårleg skarp, nordavinden stakk kjøleg inn mellom rekkverksborda men varte for kort i strekk til å overskugge solvarmen. Solstolane fekk ein kjapp vask og puter på. Solkrem med datostempel utgått ifjor fekk gjere nytta, og Ulvangulla låg i ein haug på vaskeromet.
 Bikinitid. Bikini.
Dette plagget på størrelse med ein og ein halv kolibri, fekk sin renessanse- sin second chance til å dekkja vinterkvit unevneligheit. Bikiniskilje. Nærmast ein heilagdom før i tida då vi var unge og stolt kunne ha vist det fram for Gud og kvarmann- skiljet. Om vi hadde villa. Statussymbolet på at vi hadde all verdas tid til å late sola boltra seg uhemma med kroppane våra. Late dagar utan andre faste haldepunkt enn at vi avogtil måtte ha i oss mat. Longe dagar på stranda eller eit glattskurd svaberg der strandloppene ikkje kunne nå oss. Sol heile sumaren og ikkje i einaste bekymring, ikkje ansvar for anna enn lommepengar i små, rosa portemònear.
 No var bekymringane større, fleire og av anna slag. Men der eg sat i all mi prakt og velde kunne eg likevel lena meg døsigt bak i stolen og håpe på skilje. Vårkjensla og desse yre luktene kom frå nabohagen. Plenklipparen åt seg hastig innover det irrgrøne landhavet, giljoterte tusen på tusen strunke grassoldatar. Lèt dei liggja att, slegne men ikkje heilt tapte- på slagmarka. Snart skulle dei samlast til felles innsats i kompostbingen. Liggja strå mot strå i vekesvis og rusta seg til nye slag. Kompostkompaniet. Grunnlaget for ny vekst, nye grønsyrlege strå.
 Eg låg der, vinterkvit og smådøsig. Trakk inn lufta. Stengde vekk mindre viktige ting som husvask, kleshaugar og matlaging. Konsentrerte meg kun om den gode kjensla som lukta av nyslege gras gav meg. Roa.
 Det vart vår iår òg, om enn seint. Plenar skal slåast monge gongar før klipparane vert sett i vinteropplag att, og bikinien lyt kansje vike plass for ein ny. Vinteren har nemleg krympa den i skapet.
 God vår!

18. mai 2012

Tidsklem

Eg klemmar deg
du klemmar meg
vi brukar tida vår til dèt.
Eit lite bèl
so kropp og sjel
legg stilt og vi får fred.

Ditt kinn mot mitt
vi såg vårt snitt
til å la hugen dansa.
Eg- hjartevarm
og barm mot barm
so godt når tid kan stansa.

13. mai 2012

Narr

Kansje kraup du ikkje
under huda mi
men du laga merkjer
som er mine.
Ørsmå spor av lengsel
etter stemma di
irrgongar utydeleg
men fine.
Kansje fanst du ikkje
berre i mitt sinn
maskespèl for meg
og ingen andre.
Men eg ser deg enno
sjølv om synet svinn
minner kan ein aldri
heilt forandre.

12. mai 2012

Tomgong

Det var ikkje dei grå håra
som fekk ho irritert.
Ei heller dei djupare strekane
som ein gong var
glatt hud.
Det var ikkje tyngda av kroppen
forfallet
slappheta.
Ikkje alle kleda
i skapet
som ikkje kom på-
for små.
Eller laga med sminke
som låg som
restane etter eit
jordskred.


Det var tomt for vin.

11. mai 2012

Døden- eit innbròt i livet

Når livet endar forstummar sjela
og berre avtrykk stend nakent att.
Eit avtrykk nedfròse djupt i tèla
som ligg og kvilar mot evig natt.
Der er`kje latter og store tankar
der er`kje rørsler frå hud mot bein.
Og ingen fleire mot døra bankar
og seier: " skund deg, du vert for sein!"
No er det nattsvart og gløymd attende
der du ligg innkapsla i ditt skàl.
Og minna om deg er gamle kjende
som gjekk ilag der kor livet stal.

10. mai 2012

Perler på ei ekspedisjonssnor

Perlesnorane hong og blenkte i sola. Duppa opp og ned i takt med tyngda i seg sjølv. Edderkoppane som hadde lagt ut desse vakre natursmykka, låg godt gøymde i kvar ende av rankene og døste mellom rykka.
Der ho kom dansande, den spretne jentungen- ensa ho knapt vegen ho trødte sprettent på. Ho var høgt og lavt i dagen og levde seg inn i framdrifta med ein vitalitèt få forunt. Heile den vesle kroppen var som ei nyutskòta kule. Full fart frå fyrste knepp, framover..framover.
Perlesnorane, morgondòggsmykka- dei hong der og visste ikkje at eit lite maskineri på to føter var på vèg imot. Nokre av dei vart klipte brått av og draup fredeleg nedover blada på eit lite tre. Edderkoppen var snøgt framme og på sitt utrøyteleg vis samla den snora og vikla den opp på nytt. Perlene laut venta til neste morgon.
Stien var smal og steinete. Vårvatnet hadde drege med seg is og stein på si ferd mot flatare grunn, og det bar stien preg av. Somme stadar måtte jenta hoppe i longe kliv for å forsere små og større avgrunnar. Men ho dansa seg fram og smilehòla bora seg lengre og lengre inn i fregnete småjentekinn.
Ho nynna.
Laga nye melodiar som høyrdest litt stakkato ut på grunn av all dansinga og klivinga. Nye lydar for kvart trinn der ho spratt opp og fram. Ho hadde eit mål for ferda. Sessane. Plassen der tenestetausene og krøterpassarane hadde si kvilepause, sin sess. Ei lita lysning blant einebuskene der det var rydt plass til litt grønt gras og det var laga sitjeplassar av store steinar. Friplass. Rasteplass. Sessane.
Sessane var siste stopp før Store-Elva, og dit hadde ho IKKJE lov å gå. Mor hadde formana i det uendelege om det, og ho brukte å lya mor si.
Men idag, i denne solvermde, perlesnorbuktande morgontimen- var alle formaningar som dògg for sol. Vekk. Gløymde.
Jenta strauk bak det longe håret, runda det bak øyrene og fekk det til å liggja på plass eit augneblink. So dansa det seg framover att og ho gjentok bevegelsen. Omatt og omatt. Utan å tenkje på at ho gjorde det. Ho levde. Musklane stramma og jobba på lag med ho, strekte seg når ho langa ut. Trakk seg ihop når ho tok sats før neste hopp. Og i håret blenkte ei halv perlesnor.
Snart såg ho vollen før Sessane, visste at no kom ho straks til den gule steinen. Olivinsteinen som hadde lege der i minst tusen år og dei som hadde gått forbi, hadde ripa inn navna sine eller teikningar. Hjarter, fyrstikkmenn og ufine teikn ho ikkje skjøna. Ho stogga alltid opp der. Let fingertuppane gli over det innrissa og leita opp dei kjende navna, initialane. O.R.T.Olav Ragnvald Takset. Bestefar. Bestefar Olav som var den eldste ho visste om, og som hadde rissa inn bokstavane sine då han var ein liten gut. På alder med ho sjølv. For tusen år sidan, og litt til!
Steinen var varm av den stadig veksande sola og på ein måte mjuk å ta på sjølv om det var ein stein. Magistein, meinte ho. Ho vart sitjande der ei stund å forma bokstavane til ord. Ord og forteljingar som spann seg rundt desse ukjende menneska som ein gong hadde trakka nett same stien.
Nokre ivrige maur kraup rundt og over der ho sat. Små soldatar som måtte tjene si dronning til dei ikkje orka meir. Bere, lyfte, drage, slite. Slik slapp ho. Ho måtte berre halda romet sitt i orden, mate hønene og plukke egg kvar morgon. Hente avisa når posten kom og hjelpe til under slåttonna. Men, ho hadde nok fri til slike turar som ho no var på. Ekspedisjon. Eit gnuregodt og spanande ord!! E K S P E D I S J O N. Ho var flink å stave, hadde alt lest alle Bobseybarnabøkene til storesyster.
Ho nynna litt igjen, let maurane på steinen vera ifred og gjekk siste biten opp. Det var ein svært stille dag, og no kunne ho høyre elva... Men, ikkje dit! Tanken på mora si formaning streifa innom tankerekkja. Ikkje. Ikkje Store-Elva. Ikkje E K S P E D I S J O N dit. Ikkje åleine.
Dei bautasteinlignande steinsessane stod der som sist. Grove steinplater, heller- som var forma som stolar med ryggstøde og armlener imellom. Dei låg der som om nokon hadde laga klart til gjestebòd. Ventande. I årevis, årtier. Lenge. Ho tykte dei var vakre.
Graset framføre var saftig og grønt, saudene til nabo Geir hadde nok ikkje latt det vera igjen so mykje som eit tygg om dei hadde sloppe dit! Det var godt å berre leggja seg beinast ned i det grøne, sekkja seg ned i det grøne havet og kjenna det kitle på bare armar og knehasar.
Det brusa bakom.
E K S P E D I S J O N.
Lokkande, berusande brus steig og sakk i bakgrunnen. Øyrene formeleg strakk seg etter lyden. Ho røyste seg opp, og lytta. Lèt att augene og tenkte seg bortåt. Stod ved bredda av den svimlande fossinga, og visste at ho måtte prøve seg over.
For kvart brus vart lysta til å gå bort sterkare. No song elva til ho som berre ei Store-Elv kan. Lokka med spenstige tonar. Melodiar som drog lengten ut og sette lovnadane til mora på streng prøve. Kunne ho?
Ho opna augo, og såg til si forundring at ho alt stod ved bredda! Elva kvernde gullstripa vatn i heftige drag nedover. Knuste seg sjølv til molekylar, og slipte steinblokker taktfast til glattskurde juvelar.
Dette var!
Og, det var ikkje lov. Ikkje!
Men..elvedraugen lokka og spann melodiar so øredøyvande at ho ikkje klarde tenkja beint. No hadde ho alt gjort noko ulovleg, då kunne ho vel prøva å.....
Over fossekanten låg der store steinblokker, godt plassert slik at ein KUNNE klare å gå turrskodd over. Om ein var long nok i klivet. Prøve. Prøve uten hjelp frå pappa eller Besten? Kunne ho klare det åleine?
Pusten stogga nesten opp i ho då ho bestemde seg.
Elva song høgare og høgare og alle melodiane strauk håret hennar bak og la seg stilt der før ho tok fyrste steget...
Bakom ho, frå ei grein som var ganske ny av året- strekte ein edderkopp tynne silkerankar over stien. Snart såg du den, snart ikkje. Berre neste morgondags dòggdropar ville avsløra at den var der, med sine blenkjende perler.

Skifte

Der skin ein dròpe
bakom smil
bak alt det du
ikkje fekk til.
Ei tåre.

Ho speglar av
di værste natt
og all den sorg
som du har hatt.
Det såre.

Den blenkjer litt
men turkar snart
og smått om senn
ligg kinnet bart.
Som båre..

8. mai 2012

Gamleløda

Vårt rike på jorda. Vårt eige rike, vår friplass- vår leikestove.
Høgt som himmelen under taket og med rikeleg plass til å boltre oss det vi ville, når vi ville. Eller..eigentleg ikkje. For der var restriksjonar på bruken. Ikkje trakke turrhøyet for mykje ned og utover, ikkje klatre på hønsehustakjet og skræme hønene og for all del passe oss for dei skarpe reiskapane som stod i krik og krokar og utgjorde fare for einkvar av oss om vi uforvarande kom borti.
Og trass i desse restriksjonane, desse nokså strenge åtvaringane som kom frå dei vaksne-  boltra vi oss der som vi ville. Når vi ville.
Det store høystålet låg på nedste sida av løda med turrhøy mest heilt opp i mønet på seinsumaren. Det anga tungt av sødme, lufta var tjukkskòra av støvet som gav seg av etter vår ville herjing opp i høgda. Eit finmèle støv som la seg på alt og alle og åt seg inn under sveitte t-skjorter og kortebukser. Limte seg mot solbrun hud ilag med småkryp som vi ikkje merka før vi kom under vatn i badekaret. Lopper.
Lobbebèta var titte og ganske vonde etterkvart, men dei høyrde liksom med i leiken. Tillikes med svaledrit frå dei stupbombandes snøgge. Svaler, småfugl, mus. Rotter og kattar. Alt var som det vera skulle i gamleløda. Luktane, sivet av fjøs frå nedunder. Hønsemøkk frå det integrerte hønsehuset. Turrsild som hong lageleg til for innhògg på smale tròder oppunder takjet. Passe høgt so ikkje kattane og småkryp nådde tak, men vi var kreative og nådde dei sjølv om vi nok utøvde balansestunt verdt Årets Sirkuspris for å få tak i godsakene.
Slik kunne ein ettermiddag gje seg av: Vi samla ein gjeng, vi var ikkje so monge på same alder i bygda men vi var flinke å samlast til leik. So var det å bestemme kva vi skulle leike og kven som skulle få lov til å gjere kva. Ofte berre syfte vi på. Grove djupe gongar i høystålet, til vi hadde laga eit intrikat gongsystem der ingen visste heilt kvar dei andre var. Klatra på øvste bjelkelaga og hengde opp tau, slengtau eller reie. Og kasta oss frå det og borti alt det stikkemjuke. Ikkje noko snev av høgderedsle den gongen!
Midt på lødegolvet var ei luke til å kaste ned høy til dyra i fjøsen. Golvet der midt i løda, var somme stader so nedslete av trakk og køyring at vi kunne mesta sjå igjennom det. Det var sikkert ikkje trygt, for det gav etter og sjølv ein sped 8 årskropp kunne lage svai på treborda. Men vi VAR åtvara, og visste at det var farleg. Det var vel nettop faremomentet med det som gjorde leiken og utprovinga ekstra spanande. Vi datt aldri igjennom, men det var nok lukke meir enn åtafæra!
Maten smakte som aldri før der inne. For vi hadde med oss niste. I ei korg med so stor hank at den nesten subba i golvet når vi minste bar. Godt påsmurde gròvskjever, mamma sine aller beste. Med Per Margarin og Sørdalsfårepølse eller brunost. Surmelkslappar og avogtil ein kjekspakke. Mariekjeks sikkert. Og saft. Raud saft av den heimelaga sorten. Likt og nøye fordelt etter travel leik i ulikt farga plastkoppar med hank. Og alltid var det ein som slubba ut og vi måtte dele av våre eigne.
Mette og godt nøgde la vi oss att og bak i høyet, kika opp mot svalehimmelen og drøymde oss vaksne og rike. Men, vi VAR rike. Vi var rikare enn nokon gong seinare i livet der vi låg og drøymde oss opp mot alt det vi trudde vi skulle bli. Vi eigde ingenting, men likevel so ufatteleg mykje. Vi eigde tid og rom, lyst og fantasi og det kosta oss inkje.
Gamleløda vart reve ned, og nybygg kom. Svalene flyg fortsatt rundt høgt der oppe, men høystålet og turrsilda..er vekk.
Men kvar gong eg kjem frampå lukta av søtlig angande turrhøy, lèt eg att augene eit sekund eller tre og eg ligg på ryggen med magen full av heimbakst og ser alt saman. Gamleløda med all sin rikdom, rikdomen i eit søtstøva minne.

7. mai 2012

Herre, høyr mi bøn!

Min kropp den er eit tempel
der trua uteblir
eit dekka bord til fest
men ingen duk.
Mi bøn er som eit stempel
som veldig sakte glir
eg er min eigen gjest
når eg er sjuk.

Eg ligg med falda hender
eg orkar berre slik
mi panne speileggvarm
og alt er leitt.
Og begge mine lender
får vermd av dyneflik
eg stengjer vekk all larm
og sovnar sveitt.

Men vaknar gjer eg ofte
og tempelet går lei
for ingen intensjonar
er dei beste.
So ligg eg her på loftet
mi bøn er ganske grei
for feberrefleksjonar
eig det meste.

2. mai 2012

Eg er nok

Vi elskar kvarandre i kilo
i kroner og øre og klè.
Og brukar eg tøymyknar, Milo
kan magiske ting byrja skje!
Vi går midt i hopen som blinde
er redde for annaleis ting.
Vi klivrar frå tinde til tinde
og trakkar i meningslaus ring.
Når skal vi ha sjølsnikra tankar?
Kva tid er vi gode NOK, vi?
Mitt hjarte for eigenverd bankar
og levnad med nyskaping i.

1. mai 2012

Forbruk

Eg har slik hug til livet
til byrjinga av alt
men òg ein hug til
andre enden av det.
For er det ikkje slik
at vi alle har betalt
for levnaden
og det som oss er givet?
Vi fangast inn i verda
vi fær i vide rom
opp bratta og på
slakke, grøne engar.
Kva er det so vi gjer, da
med det vi slitest om
i grava har vi ikkje
bruk for pengar.
Eg tek med minnebrikka
med alt av livet på
den skrur seg av
når eg tek jord imot.
Når siste dag har bikka
og eg mi natt får sjå
dei aller siste fàra
frå min fot.
Då smeltast hugen saman
min hug til alt som var
ein samansmelta
forbruksfri èntre.
Og alt av fryd og gaman
eg ikkje lengre har
for døden
den gjer forbruket passè.