28. mai 2012

Kvamsøy

Eg var ny.
20 år ung og med ein 20 årings rastlause liv i lemmane. Utferdstronga var større enn fornufta. Kva skulle eg ta meg til med? Sidan eg var rett skulelei, vart det til at eg søkte meg jobb. Og det på den vesle og for meg ukjende øya: Kvamsøy.
Det valget skulle verte eit valg for meir enn pengebok og utferdstrongd. Øya og opplevelsane derifrå, folkjet og sjela der- er spikra fast. For alltid.
Å koma til ein ny plass, er for dei fleste av oss litt ambivalent. Det er spanande, ja. Ein skal etablera seg med hus og heim, finna sin plass blandt dei meir fastgrodde bebuarane og på ein måte omrokkera både sitt indre og sitt ytre. Gli inn. Vera deltakande..Godkjennast.
  Ho tok vèl imot meg, øya. Mi aller fyrste kjenning med folkjet der, var då eg kom på jobbintervju. Kvamsøy Plastindustri, ein då alt veletablert bauta innan faget. Ein arbeidsplass i vekst, ein mannsdominert bastion lengst ut mot havgapet. Spanande, ja. Der sat eg, ung og relativt uerfart i arbeidslivet. Kring bordet sat eit knippe godt vaksne menn i kjeldressar med kaffikoppane sine, nysgjerrige ansikt under skjegg og sneipar. Aldri hadde vel eg vore på eit jobbintervju før, ikkje visste eg kav dei krevde av meg- kva spørsmål ville dei stilla og kva vart utslagsgjevande for eller imot?
  Sveitte handflater gnura under bordplata. Papir vart flytta, bladd i og lagt vekk. Mine papir. Vitnemål og referansar. Kremt. So kom det. Spørsmålet: " Likar du fotball?" Hæ? Eg såg opp.Om eg likar fotball? Svara eit forfjamsa "Ja, det gjer eg!", og tenkte at "kva var dette for slags spørsmål i eit jobbintervju, tulla dei med meg? Neste: " Spelar du i korps?" Men? Nølande svara eg at eg ikkje gjorde det no, men at eg hadde spela då eg var yngre. Nikking på andre sida av bordet. Stillhet. Røyk og kaffi på karane, sveitt ventetid og undring på meg. Kremt att. " Ja, då er det vel ikkje noko meir å diskutere-jobben er din." Tulla dei med meg?? Fekk eg jobben med å svara ja på desse to spørsmåla om fotball og korpsmusikk?? Eg strauk sveitte handflater mot kleda og takka pent ja.
  Slik byrja det. Mitt forhold til Kvamsøy. Forhold til fotball, korps, dugnadsånd større enn folketalet, Plastindustri, bygdefestar, kjærleik, kjærleikssorg, glede, morslykke, vakker natur, ruskevær, motgong&medgong, samhald og ivaretaking. Mykje kan seiast om dei 9 åra eg budde der, men eg nøyer meg med å oppsummere det i desse orda: Eigentleg er det litt godt å ha lengt. Lengt som strekkjer små armar ut mot det ein ikkje kan sjå eller kjenna, høyra eller smaka. Ein slik lengt som gjer det leveleg sjølv når ein ikkje kan få det ein lengtar imot. Godt fordi ein veit at det ER der. Og at ein har det, jamvel om det er longt vekke.
  Kvamsøy for meg er slik. Det er ikkje ofte eg er der fysisk. Men sjela fylgjer meg kvar einaste dag, og ofte kjem der øyingar innom meg på arbeidsplassen min og materialiserar sjela og ånda til Kvamsøya. Strekkjer små armar attende mot meg, og gjev meg kjensla av inkludering og det å ha komen heim igjen.
  "Nærast er eg når eg er burte", slik er det. Om eg ikkje ruslar på kvite strender med storhavet brusande imot, eller sit i godt lag og kjenner på det spesielle samhaldet..so ER eg der litt likevel
  På Kvamsøy, øya der hjartet mitt har lagt igjen ein haug med aksjer. Aksjer som stig i verdi for kvart år som går.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar