7. mai 2012

Herre, høyr mi bøn!

Min kropp den er eit tempel
der trua uteblir
eit dekka bord til fest
men ingen duk.
Mi bøn er som eit stempel
som veldig sakte glir
eg er min eigen gjest
når eg er sjuk.

Eg ligg med falda hender
eg orkar berre slik
mi panne speileggvarm
og alt er leitt.
Og begge mine lender
får vermd av dyneflik
eg stengjer vekk all larm
og sovnar sveitt.

Men vaknar gjer eg ofte
og tempelet går lei
for ingen intensjonar
er dei beste.
So ligg eg her på loftet
mi bøn er ganske grei
for feberrefleksjonar
eig det meste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar