8. mai 2012

Gamleløda

Vårt rike på jorda. Vårt eige rike, vår friplass- vår leikestove.
Høgt som himmelen under taket og med rikeleg plass til å boltre oss det vi ville, når vi ville. Eller..eigentleg ikkje. For der var restriksjonar på bruken. Ikkje trakke turrhøyet for mykje ned og utover, ikkje klatre på hønsehustakjet og skræme hønene og for all del passe oss for dei skarpe reiskapane som stod i krik og krokar og utgjorde fare for einkvar av oss om vi uforvarande kom borti.
Og trass i desse restriksjonane, desse nokså strenge åtvaringane som kom frå dei vaksne-  boltra vi oss der som vi ville. Når vi ville.
Det store høystålet låg på nedste sida av løda med turrhøy mest heilt opp i mønet på seinsumaren. Det anga tungt av sødme, lufta var tjukkskòra av støvet som gav seg av etter vår ville herjing opp i høgda. Eit finmèle støv som la seg på alt og alle og åt seg inn under sveitte t-skjorter og kortebukser. Limte seg mot solbrun hud ilag med småkryp som vi ikkje merka før vi kom under vatn i badekaret. Lopper.
Lobbebèta var titte og ganske vonde etterkvart, men dei høyrde liksom med i leiken. Tillikes med svaledrit frå dei stupbombandes snøgge. Svaler, småfugl, mus. Rotter og kattar. Alt var som det vera skulle i gamleløda. Luktane, sivet av fjøs frå nedunder. Hønsemøkk frå det integrerte hønsehuset. Turrsild som hong lageleg til for innhògg på smale tròder oppunder takjet. Passe høgt so ikkje kattane og småkryp nådde tak, men vi var kreative og nådde dei sjølv om vi nok utøvde balansestunt verdt Årets Sirkuspris for å få tak i godsakene.
Slik kunne ein ettermiddag gje seg av: Vi samla ein gjeng, vi var ikkje so monge på same alder i bygda men vi var flinke å samlast til leik. So var det å bestemme kva vi skulle leike og kven som skulle få lov til å gjere kva. Ofte berre syfte vi på. Grove djupe gongar i høystålet, til vi hadde laga eit intrikat gongsystem der ingen visste heilt kvar dei andre var. Klatra på øvste bjelkelaga og hengde opp tau, slengtau eller reie. Og kasta oss frå det og borti alt det stikkemjuke. Ikkje noko snev av høgderedsle den gongen!
Midt på lødegolvet var ei luke til å kaste ned høy til dyra i fjøsen. Golvet der midt i løda, var somme stader so nedslete av trakk og køyring at vi kunne mesta sjå igjennom det. Det var sikkert ikkje trygt, for det gav etter og sjølv ein sped 8 årskropp kunne lage svai på treborda. Men vi VAR åtvara, og visste at det var farleg. Det var vel nettop faremomentet med det som gjorde leiken og utprovinga ekstra spanande. Vi datt aldri igjennom, men det var nok lukke meir enn åtafæra!
Maten smakte som aldri før der inne. For vi hadde med oss niste. I ei korg med so stor hank at den nesten subba i golvet når vi minste bar. Godt påsmurde gròvskjever, mamma sine aller beste. Med Per Margarin og Sørdalsfårepølse eller brunost. Surmelkslappar og avogtil ein kjekspakke. Mariekjeks sikkert. Og saft. Raud saft av den heimelaga sorten. Likt og nøye fordelt etter travel leik i ulikt farga plastkoppar med hank. Og alltid var det ein som slubba ut og vi måtte dele av våre eigne.
Mette og godt nøgde la vi oss att og bak i høyet, kika opp mot svalehimmelen og drøymde oss vaksne og rike. Men, vi VAR rike. Vi var rikare enn nokon gong seinare i livet der vi låg og drøymde oss opp mot alt det vi trudde vi skulle bli. Vi eigde ingenting, men likevel so ufatteleg mykje. Vi eigde tid og rom, lyst og fantasi og det kosta oss inkje.
Gamleløda vart reve ned, og nybygg kom. Svalene flyg fortsatt rundt høgt der oppe, men høystålet og turrsilda..er vekk.
Men kvar gong eg kjem frampå lukta av søtlig angande turrhøy, lèt eg att augene eit sekund eller tre og eg ligg på ryggen med magen full av heimbakst og ser alt saman. Gamleløda med all sin rikdom, rikdomen i eit søtstøva minne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar