10. mai 2012

Perler på ei ekspedisjonssnor

Perlesnorane hong og blenkte i sola. Duppa opp og ned i takt med tyngda i seg sjølv. Edderkoppane som hadde lagt ut desse vakre natursmykka, låg godt gøymde i kvar ende av rankene og døste mellom rykka.
Der ho kom dansande, den spretne jentungen- ensa ho knapt vegen ho trødte sprettent på. Ho var høgt og lavt i dagen og levde seg inn i framdrifta med ein vitalitèt få forunt. Heile den vesle kroppen var som ei nyutskòta kule. Full fart frå fyrste knepp, framover..framover.
Perlesnorane, morgondòggsmykka- dei hong der og visste ikkje at eit lite maskineri på to føter var på vèg imot. Nokre av dei vart klipte brått av og draup fredeleg nedover blada på eit lite tre. Edderkoppen var snøgt framme og på sitt utrøyteleg vis samla den snora og vikla den opp på nytt. Perlene laut venta til neste morgon.
Stien var smal og steinete. Vårvatnet hadde drege med seg is og stein på si ferd mot flatare grunn, og det bar stien preg av. Somme stadar måtte jenta hoppe i longe kliv for å forsere små og større avgrunnar. Men ho dansa seg fram og smilehòla bora seg lengre og lengre inn i fregnete småjentekinn.
Ho nynna.
Laga nye melodiar som høyrdest litt stakkato ut på grunn av all dansinga og klivinga. Nye lydar for kvart trinn der ho spratt opp og fram. Ho hadde eit mål for ferda. Sessane. Plassen der tenestetausene og krøterpassarane hadde si kvilepause, sin sess. Ei lita lysning blant einebuskene der det var rydt plass til litt grønt gras og det var laga sitjeplassar av store steinar. Friplass. Rasteplass. Sessane.
Sessane var siste stopp før Store-Elva, og dit hadde ho IKKJE lov å gå. Mor hadde formana i det uendelege om det, og ho brukte å lya mor si.
Men idag, i denne solvermde, perlesnorbuktande morgontimen- var alle formaningar som dògg for sol. Vekk. Gløymde.
Jenta strauk bak det longe håret, runda det bak øyrene og fekk det til å liggja på plass eit augneblink. So dansa det seg framover att og ho gjentok bevegelsen. Omatt og omatt. Utan å tenkje på at ho gjorde det. Ho levde. Musklane stramma og jobba på lag med ho, strekte seg når ho langa ut. Trakk seg ihop når ho tok sats før neste hopp. Og i håret blenkte ei halv perlesnor.
Snart såg ho vollen før Sessane, visste at no kom ho straks til den gule steinen. Olivinsteinen som hadde lege der i minst tusen år og dei som hadde gått forbi, hadde ripa inn navna sine eller teikningar. Hjarter, fyrstikkmenn og ufine teikn ho ikkje skjøna. Ho stogga alltid opp der. Let fingertuppane gli over det innrissa og leita opp dei kjende navna, initialane. O.R.T.Olav Ragnvald Takset. Bestefar. Bestefar Olav som var den eldste ho visste om, og som hadde rissa inn bokstavane sine då han var ein liten gut. På alder med ho sjølv. For tusen år sidan, og litt til!
Steinen var varm av den stadig veksande sola og på ein måte mjuk å ta på sjølv om det var ein stein. Magistein, meinte ho. Ho vart sitjande der ei stund å forma bokstavane til ord. Ord og forteljingar som spann seg rundt desse ukjende menneska som ein gong hadde trakka nett same stien.
Nokre ivrige maur kraup rundt og over der ho sat. Små soldatar som måtte tjene si dronning til dei ikkje orka meir. Bere, lyfte, drage, slite. Slik slapp ho. Ho måtte berre halda romet sitt i orden, mate hønene og plukke egg kvar morgon. Hente avisa når posten kom og hjelpe til under slåttonna. Men, ho hadde nok fri til slike turar som ho no var på. Ekspedisjon. Eit gnuregodt og spanande ord!! E K S P E D I S J O N. Ho var flink å stave, hadde alt lest alle Bobseybarnabøkene til storesyster.
Ho nynna litt igjen, let maurane på steinen vera ifred og gjekk siste biten opp. Det var ein svært stille dag, og no kunne ho høyre elva... Men, ikkje dit! Tanken på mora si formaning streifa innom tankerekkja. Ikkje. Ikkje Store-Elva. Ikkje E K S P E D I S J O N dit. Ikkje åleine.
Dei bautasteinlignande steinsessane stod der som sist. Grove steinplater, heller- som var forma som stolar med ryggstøde og armlener imellom. Dei låg der som om nokon hadde laga klart til gjestebòd. Ventande. I årevis, årtier. Lenge. Ho tykte dei var vakre.
Graset framføre var saftig og grønt, saudene til nabo Geir hadde nok ikkje latt det vera igjen so mykje som eit tygg om dei hadde sloppe dit! Det var godt å berre leggja seg beinast ned i det grøne, sekkja seg ned i det grøne havet og kjenna det kitle på bare armar og knehasar.
Det brusa bakom.
E K S P E D I S J O N.
Lokkande, berusande brus steig og sakk i bakgrunnen. Øyrene formeleg strakk seg etter lyden. Ho røyste seg opp, og lytta. Lèt att augene og tenkte seg bortåt. Stod ved bredda av den svimlande fossinga, og visste at ho måtte prøve seg over.
For kvart brus vart lysta til å gå bort sterkare. No song elva til ho som berre ei Store-Elv kan. Lokka med spenstige tonar. Melodiar som drog lengten ut og sette lovnadane til mora på streng prøve. Kunne ho?
Ho opna augo, og såg til si forundring at ho alt stod ved bredda! Elva kvernde gullstripa vatn i heftige drag nedover. Knuste seg sjølv til molekylar, og slipte steinblokker taktfast til glattskurde juvelar.
Dette var!
Og, det var ikkje lov. Ikkje!
Men..elvedraugen lokka og spann melodiar so øredøyvande at ho ikkje klarde tenkja beint. No hadde ho alt gjort noko ulovleg, då kunne ho vel prøva å.....
Over fossekanten låg der store steinblokker, godt plassert slik at ein KUNNE klare å gå turrskodd over. Om ein var long nok i klivet. Prøve. Prøve uten hjelp frå pappa eller Besten? Kunne ho klare det åleine?
Pusten stogga nesten opp i ho då ho bestemde seg.
Elva song høgare og høgare og alle melodiane strauk håret hennar bak og la seg stilt der før ho tok fyrste steget...
Bakom ho, frå ei grein som var ganske ny av året- strekte ein edderkopp tynne silkerankar over stien. Snart såg du den, snart ikkje. Berre neste morgondags dòggdropar ville avsløra at den var der, med sine blenkjende perler.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar