30. jan. 2012

Sluttpust

Din dag kvarv bort , kom aldri att-
og andedraga stilna.
Du førdest ut, heldt natt mot natt-
ditt tome blikk, det mildna.
Eit liv med stramme skuldrar, har-
får kvile, no- til æve.
Di hand so sterk og mjuk den var-
no slepp den meir å streve.
Eg stryk eit siste stryk mot hud-
du anar ikkje dette.
No er du hjå din frelsar, Gud-
no har du fått di lette..

29. jan. 2012

Kjensleknytt undring

Du er i ljose dagar
du er i myrke natt.
Du alltid meg behagar
kor stòda enn er fatt.
Alltid nært ved mi side
aldri eit stèg ifrå.
Om eg hev dagar stride
deg kan eg stola på.
Der andre kansje kvir seg
er du min bautastein.
Alt er for deg fullt mogleg
du stakar kursen, bein.
Kva kan eg gje attende?
Kva vil du ha av MEG?
Eg alt av stein vil vende
for eg er glad i deg!

Døden på vent

Om vi meiner at vi er, halvvegs inn i døden-
vil det seie at vi gjer, lite godt for føden?
Fokuset bør vera dèt, at vi heller seier:
-Ein dag skal eg halda fred, når eg INKJE greier!!
Men til dess er eg på nett, gliser breidt mot livet.
Du skal sjå at eg får rett!..DETTE, er oss givet!
Knus ein spegel, skræm ein katt- av dei store, svarte.
Bryt EIN regel, døgn ei natt- merk av meg på kartet.
Lev med heile kroppen i, balansèr på kanten.
Sløs ei krone, gjerne ti!..vern om flaskepanten..
Dans til håret ditt er vått, og du pust må hente.
Dette livet har vi fått- døden..den kan vente!

Minnesinne

Sinnet kokte, eg var harm.
Piggane stod ute.
Pulsen slo, var hard og varm-
magen som ein knute.
Neglene stakk spisse inn
i min knytta neve.
Raud var fargen på mitt kinn.
Roa den var rève.
Pusten gjekk, på inn og ut-
rask som flògevengjer.
Ord som kom ifrå min trut,
burde stògga lenger..
Såg at orda, harde- traff.
Burde håna, dansa.
Men, no stend eg i mi straff.
..gleda mi hev stansa.
Eit minutt av livet mitt,
brukte eg på sinne.
Burde heller pusta litt-
..no er du eit minne.

28. jan. 2012

Stille natt


Stille, stille.
Det er natt.
Alt av bråk har stagna.
Berre sus frå
busk og kratt.
Dagen min har tagna.
Stille, stille.
Set deg ned.
Legg di kvile mot meg.
Det gjer godt
å no få fred.
Eg vil kvila med deg.
Stille, stille.
Elsk meg vàrt.
Hald mitt hjarte nære.
Skin, mitt ljos
når alt gjeng svart.
Skin for meg, du kjære.
Stille, stille.
Del mi natt.
Lat oss segla tospann.
Eg held kurs
om du held ratt.
..her er vegen EG fann!
Stille, stille.
Snart kjem dag.
Ljoset snart vi møter.
Då gjeng vi
med velbehag.
Stødt på to par føter..

27. jan. 2012

Livberging

Mi vesle stemme sa til meg : " Eg er `kje bra nok, eg!"
Ho stod litt attom motet mitt og berre gøymde seg.
Ei tåre snirkla stilt ein sti på vinterturre kinn.
Då brått kom du, held òpa dør- og sa til meg: "kom inn".
Eg tok med meg mi stemme, sår- og skrudde motet på.
Du såg på meg med kjærleg blikk, eg ville ikkje gå.
"Her i min heim, er DU ein gjest, ein eg har vona i-
eg ser at du er ganske redd, men òg det du kan bli".
Eg støkk litt då, kva såg du der? Inn i mitt vesle EG?
Du kjenner meg, vèl like lite som eg kjenner DEG?
Ditt blikk var fast, og augo skein i glede av å ha-
ei innbitt tru, på at eit anna menneskje var bra!
No stend eg strak, mi stemme òg- om enn ho lita er.
For ho, som eg- fekk kjenna at ein annan har oss kjær.
Å sjå potensialet i ein liten, framand kropp-
kan berga liv, gje lovnad ny- når motet seier "stopp".

25. jan. 2012

Alle får!

Heilt til margen er eg sliten, overtrøytt og bitteliten.
Men eg kan ikkje få ro.
Kropp og hjerne jobbar sakte, dei gjer meir enn dei kan makte.
Bikkar over båe to.
Burde leggja meg på kvile, slutte med å skru på smilet.
Det er vanskeleg å love.
For det finst so monge kjekke, ting å gjere heime- vekke...
eg har ikkje tid å sove!!
Kansje om eg ikkje rimar, kan eg få att nokre timar-
..sa eg kansje?
Eg er bitt av rimbasillen, burde funne sovepillen.
Burde stanse!
Men!! Eg er rett og slett iherdig, køyrer løpet mitt heilt ferdig.
Stend i fallet.
So, då sit eg her og knotar- vonar De er med på notar.
..har til alle!!

22. jan. 2012

Motparti

Varme. Kulde. Vått og tørt.
Alle ting hev motpart.
Alle syn tilbakeført.
Målet er krystallklart.
Vondt med godt fordrivast kan,
berre ein hev tòlmod.
Eg grov djupt, men sjå!Eg fann!
Øyregodt og velljòd!
Den musikk som rørar inst,
det er den som sorg bèr.
Takker for at slike finst-
motbøra til gledjer.
Frys du kan du varmast fort.
Om du vågar tòre.
Låke tankar velgjast bort-
smilet tèk det såre.
Tårer, latter, vondt og godt.
Alle kan vi vende.
Vern om ALT det du hev fått!
..livet- kjem til ende..

Flukt

Måsevengjer stryk mot hav.
I lufta stend dei stille.
Frigjorde frå kvardagskav.
Inga tid til spille.
Eg vil gjerne flyga med.
Sleppa vilja fri.
Flyte på ein straum av fred.
Leggja livet i.
Brysthugen har oppdrift no.
Vengjene skytst opp.
Øvst frå vilja får dei gro.
Utifrå min kropp.
Førest so med vinden, vekk.
Over hav og land.
Veit eg ikkje heimatt rekk.
Tida renn i sand.
Lèt att augo,motet veks.
No flyg eg min veg.
..vekkjast stille kvart på seks.
Eg flaug visst til DEG!!

20. jan. 2012

Kva les du??

Når eg skriv er hjerna "på"-
skapartrongda vàken.
Lesaren skal kunne "sjå-
og å kjenna "smaken".
Orda som kjem ut av meg-
er nok lik dei andre,
dei som ut av alle dreg-
men- eg vil forandre!
Endra litt ditt syn på ord-
gje eit hint av lykke.
Ordverda er magisk stor-
eg kan gje eit stykke..
Flyt og driv i klartekst er-
vanskeleg, men viktig!!
Finn eg rette formel her?
Skriv eg teksten riktig??
Du som les og smakar no-
gje meg kritisk tale.
Då får eg ei større glo-
og mitt verk får hale.
Søte ord, og vonde med!
Det skal eg nok tòle!!
Om du les meg, får eg fred-
på min veg mot målet!

18. jan. 2012

Rektangulær lykke

Rektangulær lykke.
Frå fast form
til flytande smelt.
Ganemassasje
med meirsmak.
Mørk.
Vanedannande.
Trufast utruskap-
mot mitt manifest
...frå igår.
Idag er alt gløymt.
..Troikapardiset er evigt!
Rektangulær lykke.
I ein bit som aldri, aldri
kan delast!
Min.
Min.
Min.

16. jan. 2012

Gje, so skal du få

Om vi gjeng isaman og ikkje især, er livet ei lettare byrde.
Er du med i tankane til den som slær, kan du vera frelse og hyrde.
Lat ikkje urett få trykkja deg ned, stå rakt i dèt- slepp motet til!
Om nokon bed, stille:-høyr, eg vil ha fred!..Trå varsamt, men gje han ditt smil.
Vi er ganske ulike, nokon fær hardt- medan andre er lågmælte frendar.
Brems farta forsiktig til han som hev fart- ein veit aldri når livet endar..
Smi strålar av hjartelag kvar enn du går, det kostar so ørandes lite.
For, summen av livet er det som vi får- om vi berre sluttar å bite..

15. jan. 2012

Logg ut

"Eg er lita men eg kan, balansera line!!"
Blodet brusa, motet brann- der eg såg på hine.
Ville ikkje visa dei, at eg var den feige.
Viljestyrka mi var grei, hjarteslaga- seige.
Fyrst eit stèg, og so eit til- fokuset mot målet.
Ikkje tid for redsle, tvil- blikket skarpt som stålet!
Midtvegs over repet, stramt- sakk det i meg:..høgda!!
Frykta angreip,stygt og ramt- beinslo alt av nøgda.
Vaklande til hòpens hiss- dei som frykta nørte,
huka eg meg, kald og spiss- EG lèt frykta flørte!
Kom meg over- skjelven, yr- såg at hopen stògga.
..vàkna frå mitt eventyr- ut frå frykta logga....

Motbakkar er òg bakkar!

Du kom inn i stengde rom-
vekte meg frå kvilen.
Eg såg ikkje at du kom-
kjende alt på tvilen.
Du var hard, men mjuk i ord-
songen din draup dråpar.
Isen smelta, tela fòr-
..kjærleik er for tåpar..

Mor

Livet har forma meg, gjeve meg mot-
sparka meg bak med erfaringars fot.
Trykt meg i søla med andlètet ned-
fylgt meg i årtier, aldri gjett fred.
Livet, det beinharde- alltid på plass
sett alt mitt elende, sorger og trass!
Strødd salt i såra med hard rettferdshand-
varma mi sjel nett som solvarma sand.
Opna for gleda, for trua på MEG-
livet det ER der, når alt anna dreg.
Frå eg var inkje, eit såkorn i deg-
har dette livet gjett vokster på vèg.
Støypt i di form, men i biletet MITT-
MOR- du er limet når livet er stritt...

12. jan. 2012

Kveldsgràf

No snart kjem tankane, springjandes mot
dagen har gøymd seg-  og natta har fot.
Alle små borna ligg godt under tak
månen heng fremst framme- sola heng bak.
Ei skjorte ligg over stolen sin rygg
buksa var skiten, men denne er trygg.
Vassvaska stend eg med andlètet vendt
kvelden er avsløkt- blåtimen er endt.
Spegelen helsar med luretaktikk
snart er eg også draumstatistikk..

11. jan. 2012

Fùret, vèrbitt ut i livet

Kvar fure i mitt andlèt er merkjer etter slag-
slag utkjempa i livets øydemark.
Og nokre av dei, djupe- det ensa eg idag-
dei visest godt, som ormgongar i bark.
Frå alle netter utan svevn, med handa mot eit kinn-
då månelyset låg mot ruta mi.
Eg vàka over småborna, høgt elska kjerubsinn-
og andlètet la mjuke faldar i.
Mot veir og vind eg fram har gått, med heile meg som skjold-
og famna om alt som har gått imot.
For irrgongar som dèt har gjett, har eg betalt min toll-
eg ber mitt livsverk lett- på dansefot.
Når nokon ser meg smila, sprekk mitt andlèt opp som is!
Og furene som dannast, vert ein veg.
Dei furene fortel deg at :-ho der er sikkert vis!
- Ho smiler slik at LIVET, visest MEG!

Utsyn - Innsikt

Mitt vindauge er rama kring alt det som er der ute.
To stolar stend og samlar støv,treryggane er lute.
Ein ugraskvast held skugge for ei anna lita gro.
Dei stend der,veks seg ulike-men saman er dei to.
Arbeidarmaur ber byrdene til dronningmaurens fest.
Dei slit seg fram,i to og to-for saman er dei best.
Slik samskipnad på livets leid,det gjev oss styrke-no.
For stend vi saman har vi kraft-og lagånd gjev oss ro.
Mitt vindauge mot verda mi,har rama inn mi tru.
Ei tru på at vi saman kan i denne verda bu!

Snu!

Ved fyrste, raske augnekast- var han lurvete og grå.
Ho hadde gjort ein liten rast- på turen ut og gå.
Der ho sat andetung og mo, kom han so stilt forbi.
Hans andlèt det var fylt av ro- ho hadde dårleg tid.
Ei hand rekt ut-  den lurvegrå,  ho snudde augo bort.
Men inga mine til å gå, han gav seg ikkje fort!
Kven var han- denne mann av ro? Kva ville han med ho?
Ho såg på sine gåtursko, og såg at dei var to.
Då sakk det i ho, stilt på plass- at han var her for HO!
Ho angra at ho før var krass- HAN var nok berre god!
Ho snudde seg med smilet sitt,og rørte ved det grå.
Då såg ho at han hadde blitt- det fagraste å sjå.
Slik kan det ende, om ein vil- og evnar opna sinn.
For ikkje alt er liketil, der under lurveskinn....

Likevektsproblematikk

Han hadde lite framme.
Ho hadde tyngda bak.
Slik sat dei i si pramme-
der botnen i den lak....

Trygg

Stemma di er sterk og trygg
vermer ut mot romet.
Lyset, mjukt mot naken rygg
glasa dei stend tome.
Alt det som var usagt er
diskusjonsforbi.
Vi har rett i det vi gjer
enighetssorti.
Vi har stròke håra MOT
altfor, altfor lenge.
Natta no er til for bot
samlivslærepenge.
Ingen fleire meg og mitt
ikkje meire stikking.
Lysta nærmast, litt om litt
gåsehudlaus prikking.
Stemma di, som syng eit:- Du!
tryggleikssikker song.
Eg slits ikkje meir i tu
natta vår er long..

liten/STOR

Guten, han var liten.
Dagen hans- var stor!
Han sat der, so sliten-
lengta etter mor.
Hadde fått eit skrubbsår
på eit lite knè.
"Om eg ikkje mor får-
får eg ikkje fred!!"
Jamra vesle poden
einsam der han sat-
sår og tåremoden,
klar for aftensmat.
Snufsa ned i erma
ville vera stor.
So vart sola skjerma-
der stod kjære mor!
Tok han ømt i eie
turka tårekinn.
Vekk var alt det leie,
då dei to gjekk inn.
Mor sa han var dyktig
og at han var STOR!!
Tårene svann flyktig-
snart sat han ved bord.
Ingen kan vel fylle
sjelasorg som mor.
For ei mor kan trylle-
liten om til stor!

Livsverket

Når eg eingong, har trakka siste teigen-
når sæle kvila mi,ustoppeleg har komt.
Når kroppen ikkje lenger er min eigen-
når glaset mitt er botntørt og tomt.
Og alle sidene i  denne minneboka
er lesne gjennom, og ser baksida tilslutt.
Om eg har løyst opp siste,harde flòka-
som eg har kjemt, so nøyesamt og trutt.
Når båten min når bortom levnadsyta-
med begge årane so trøsteslaust ombord.
DÅ!- kan de som igjen er,kansje nyta-
mitt livsverk- alle skrevne æresord.

...og bakom syng livet

Mitt kikhòl er lite, mot verda so stor-
blunkar eg, missar eg fokus.
Eg ser nesten ikkje dei finmaska spor-
eit snøsmelt, eit blad frå ein krokus.
Når stìret vert fastlåst i framtidsvisjon-
og eg ikkje lengre ser bak.
Då mistar eg målet, min fyrste misjon-
der fortida fronta mi sak.
For det som har vore, er maska so tett-
ihopvevde sjaklar frå livet.
Og gløymer ein dèt, slår vår lagnad retrett-
for det bakom oss, er oss givet.
No vender eg kikhòlet attom og bak,
og saufær det godt som har vore.
Og vegen framføre, den veit eg er rak-
og baklengskik-skal eg nok tòre!!

Indre vilje

Dans du mi sorg over engar av gråt.
Trø du min veg dit eg stundar.
Ro du mitt blødande hjarte i båt-
vògg meg so heim til eg blundar.
Hald månen høgt, når den nyar eingong-
lat den få nyskine mot meg.
Drag såre tonar- som eg kallar song,
ut frå det innerste i deg.
Vend tungsinn ut- ikkje steng døra inn!
Leik, som om dagen var over.
Før meg i dansen til solrøda svinn-
hald fast ved alt dèt du lover.
Stryk silkehanda mot mine ru kinn,
gråt når du treng dèt å gråte.
Eg veit at om eg vel aldri DEG finn,
veit eg korleis du skal låte.
Inni oss huser vi alle ein streng-
kima til kjærleiken i oss.
Hjartet sin vilje, er ALT det vi treng,
vi VEIT når vi kastar loss!

Morgonserenade

Litt morgontrøytt eg sit her, heilt aleine-
og finn fram lysta etter dag.
Eg tèk fram lestar som er reine-
frå snora, der dei heng ilag.
Ein kopp med tè skal inn i kroppen-
so eg får varme heile meg.
Legg mjølk og sukker øvst i koppen-
og gjev ein tanke ut til deg.
Kva gjer vel DU på, no i dagen?
Er du som eg, litt tidleg på?
Snart skal vi båe metta magen-
og ut i virksomheita gå.
Der ute lettar nattesvarta,
der regnar sidelengs, og ned.
Men vinden den har løya farta-
den vil visst gje oss ondsdagsfred.
I takt med timen, strekkjast hender-
og føtene er også med.
Eg ut mot morgon nasen vender,
og ser at lauva dett av tred.
Min dag skal fyllast opp av tankar-
om alt som rørest i mitt liv.
For borna, som mitt hjarte bankar-
for alt som i mi hjerne sviv.
So vàknar minstemann i huset-
han kjem med auger, nattetunge han.
Snart døyvast stilla av alt suset-
slikt sus som gutar laga kan.
Eit sus som seier: " her er EG, mor!"
"Eg er no vàken, frisk og klar!"
Han går frå liten gut til slampstor-
og er det kjæraste eg har.
So kjær som båe to, dei andre-
dei to som no har flytta ut.
Dei i sin eigen dag skal vandre-
mi kjære jente, kjære gut.
Slik sit eg, her - og hentar dagsdyst,
ser liv og levnad fossa fram.
No er det morgon, det er grålyst-
eg kjenner gleda- kjekk og stram.
Eit lite dikt kom ut av "intet",
men no må mora opp og stå!
For morgonen har gjett meg hintet-
om kva slags veg eg no skal gå.

10. jan. 2012

Nattflyging med lysa på

Lyft meg, bèr meg over nattkledde fjell-
hald meg i handa og flyg!
No er eg bunden, ein nattetidstrell-
svevnen gjeng rundt meg , er blyg.
Alle dei tankar og håp som eg bar-
legg eg til kvile og ro.
Om du eit ynskje om einsemd enn har-
lyt du forkasta det no.
To flyg nok tyngre i natta enn ein-
men eg skal bèra deg òg!
Hjarta mitt bankar med blod imot bein-
bein som mot bringa di låg.
Går vi i tospann, er tryggja vår der-
einsemd i natta er feil.
Vil du so held eg deg frifast og nær-
over den fjellkjeda, steil.
Men om du vegrar og ikkje har vòn-
flyg eg vel autopilot.
Ingen skal MÅTTE er min tradisjon-
eg likar meiningars mot.
Stend no på flystripa, fullasta- klar,
sèt so min kurs- lysa på!
Målet er vegen vi menneskjer har-
vegen er den EG kan sjå...

Bestevèn (Etter inspirasjon frå boka "Vaffelhjarte")

Ein bestevèn er ein som held hjartet ditt ved sitt,
og stryk ditt kinn so kjærleg når livet er mest stritt.
Ein bestevèn har tida, når andre dreg i hast-
og stend støtt ved di side, i alt av last og brast.
Når dagen gjeng i vase og tårene renn salt-
då kjem din vèn og er der, og sorga bleiknar alt.
Og hev du slik ein god ein, som også seier frå-
so stend alt tungt i klårheit, det du har undra på..
..då veit du at DU sjølv er ein bestevèn til han-
då stend de to isaman, og allting ordnast kan!
Ein bestevèn er den som kan tilgje deg for alt-
som varmar deg med kjærleik når hjartet ditt er kaldt.
Strekk handa bort åt vènen, og smil med heile deg-
gjev kinnet hans eit kjærteikn, og sei:-  eg elskar deg.

Frå meg. Til deg.

Du veks
Eg veks òg- i kjærleiken
til din vokster
Kvart innpust
krev eit utpust
krev vokster
Du veks
fylgjer snart øvste kant på
køysenga
inste rom i meg
Veks du frå meg?
Forbi?
Hugsar då du vaks utav
meg
Den beste voksesmerta-
utvekst
Vi veks
Litt i kvar vår retning- isaman
uskilbare vègskiljer
Eg ser tankane dine som veks
pløger vèg utfrå meg`et som
du er
Vesle mann- min veksande knute
Veks i vèg!Opp
Ut!
Større tankar, større ord- størst
..som min viltveksande kjærleik til
deg
Du veks- utfrå meg, bortfrå meg
slik eg vil du skal veksa, vesle mann
sòn
Veks fritt, høgt!
Til du når opp til
deg

Munngodt

Bøy du deg ned og ta min munn, den òpnast ømt mot deg.
Du treng ikkje ein endå grunn, til å ha hug i meg.
For blindt i lidenskapens ròv, dit kan vi gå- ilag.
Minn munn er mjuk mot din, litt gròv. Høyr!..to par hjarteslag...

Òpningsseremoni

Saumen mot sårkanten, raknar og svinn
snart ligg det òpe og bart.
Hjartet - so nakent som nybarbert kinn
ligg og pulserar heilt vàrt.
Aldri har du openbèra-  slik no
aldri vist innsida ut.
Eg kjenner bruset frå ditt raude blod
sterkt, som den hardaste lùt!!
Lat meg ein reinsande tanke få gje
slik at du heilast på ny.
Ver ikkje blyg, eller vanskeleg å be
einsemd gjer ingen mann kry.
Lov ikkje at du skal vera her støtt
lovnadar kjem- og dei fær.
Sjå berre til meg med smilet ditt, bløtt
det som MI auge hev kjær.
So ligg du barbreitt, uendeleg klar
alt strøymer or deg som natt.
Eg tek imot alt det beste du har
all tid du evig har hatt...

Ein+Ein=Berre Ein!!

Med seige armar tok du meg
og heldt di makt so fast.
Eg kunne ikkje gå frå deg
du var mi siste last.
I dine auge såg eg gøymd
som ingen visste om.
Den låg der, einsam og litt gløymd
og trudde ingen kom.
"Kva vil du meg?"- sa stemma di
den brast og gjekk i tu.
"Eg har vel ingenting å gi-
so gå din veg, og snu!!"
Men roleg strauk eg sjela di
og ba deg halda meg.
"Eg vil at du skal vera MI,
og aldri gå"- sa eg!
Med blikket fyld av motsetnad
du smaug di arm kring meg.
At du heldt meg, var alt eg bad
..no ser eg at du dreg.
Ditt mot var ikkje større enn
at du kom, tok- og gjekk.
No sit eg einsam att- igjen
di makt var alt eg fekk..
Styr kursen heim til hjartet ditt
du vesle, såre hùg.
Du har ein flik av hjartet mitt
..du veit det, ikkje jug!
Om du held blikket vendt mot hit
skal eg sjå rakt din veg.
Og gje deg sjangsen til ein bit
for eg har mot til deg!

Motivasjon

Ho sa til han: "Din til døden!"
Rak i blikket, hjartet brann.
Åra gjekk, og også gløden-
lovnader i gløymda svann.
Kva er det som gjer oss svake,
når vi bygde sterke er?
Trua ligg som sild i lake-
marinert med håpets bær.
Er det vanskeleg å lova?
Er det altfor lett å gå?
Somme håp stend attom nòva-
ventande på tru å få.
Din til døden er for alltid.
Kast det ikkje lett på hand.
Kjærleiken er seig og fotsid-
men er òg som fisk på land.
Plei din neste som ditt eige,
ikkje tenk for mykje fram.
Kjenn på hjarteslaga- seige,
ikkje kjenn på frykta- klam!
Stå med begge fotblad planta.
Stå i dèt som lukka gjev.
Håpet gjer at inkje vantar,
om du freistar strid og strev.
Betre enn å lova "EVIG!" -
er å lova "Her og no!"
For vi har eit liv med tilsig,
NO, er lukka for oss to!!