11. jan. 2012

Snu!

Ved fyrste, raske augnekast- var han lurvete og grå.
Ho hadde gjort ein liten rast- på turen ut og gå.
Der ho sat andetung og mo, kom han so stilt forbi.
Hans andlèt det var fylt av ro- ho hadde dårleg tid.
Ei hand rekt ut-  den lurvegrå,  ho snudde augo bort.
Men inga mine til å gå, han gav seg ikkje fort!
Kven var han- denne mann av ro? Kva ville han med ho?
Ho såg på sine gåtursko, og såg at dei var to.
Då sakk det i ho, stilt på plass- at han var her for HO!
Ho angra at ho før var krass- HAN var nok berre god!
Ho snudde seg med smilet sitt,og rørte ved det grå.
Då såg ho at han hadde blitt- det fagraste å sjå.
Slik kan det ende, om ein vil- og evnar opna sinn.
For ikkje alt er liketil, der under lurveskinn....

2 kommentarer:

  1. Veldig vakkert, Unni... Ikkje alltid ein skal stole på fyrsteinntrykket, nei...

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for gode ord, Sonja :)Nei, det er sant, fyrsteinntrykkjet kan skjule so mongt anna, av både godt og vondt!!

      Slett