10. jan. 2012

Nattflyging med lysa på

Lyft meg, bèr meg over nattkledde fjell-
hald meg i handa og flyg!
No er eg bunden, ein nattetidstrell-
svevnen gjeng rundt meg , er blyg.
Alle dei tankar og håp som eg bar-
legg eg til kvile og ro.
Om du eit ynskje om einsemd enn har-
lyt du forkasta det no.
To flyg nok tyngre i natta enn ein-
men eg skal bèra deg òg!
Hjarta mitt bankar med blod imot bein-
bein som mot bringa di låg.
Går vi i tospann, er tryggja vår der-
einsemd i natta er feil.
Vil du so held eg deg frifast og nær-
over den fjellkjeda, steil.
Men om du vegrar og ikkje har vòn-
flyg eg vel autopilot.
Ingen skal MÅTTE er min tradisjon-
eg likar meiningars mot.
Stend no på flystripa, fullasta- klar,
sèt so min kurs- lysa på!
Målet er vegen vi menneskjer har-
vegen er den EG kan sjå...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar