10. jan. 2012

Frå meg. Til deg.

Du veks
Eg veks òg- i kjærleiken
til din vokster
Kvart innpust
krev eit utpust
krev vokster
Du veks
fylgjer snart øvste kant på
køysenga
inste rom i meg
Veks du frå meg?
Forbi?
Hugsar då du vaks utav
meg
Den beste voksesmerta-
utvekst
Vi veks
Litt i kvar vår retning- isaman
uskilbare vègskiljer
Eg ser tankane dine som veks
pløger vèg utfrå meg`et som
du er
Vesle mann- min veksande knute
Veks i vèg!Opp
Ut!
Større tankar, større ord- størst
..som min viltveksande kjærleik til
deg
Du veks- utfrå meg, bortfrå meg
slik eg vil du skal veksa, vesle mann
sòn
Veks fritt, høgt!
Til du når opp til
deg

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Nydelig, akkurat slik vi vil at våre gutter skal vokse!

    SvarSlett