10. jan. 2012

Bestevèn (Etter inspirasjon frå boka "Vaffelhjarte")

Ein bestevèn er ein som held hjartet ditt ved sitt,
og stryk ditt kinn so kjærleg når livet er mest stritt.
Ein bestevèn har tida, når andre dreg i hast-
og stend støtt ved di side, i alt av last og brast.
Når dagen gjeng i vase og tårene renn salt-
då kjem din vèn og er der, og sorga bleiknar alt.
Og hev du slik ein god ein, som også seier frå-
so stend alt tungt i klårheit, det du har undra på..
..då veit du at DU sjølv er ein bestevèn til han-
då stend de to isaman, og allting ordnast kan!
Ein bestevèn er den som kan tilgje deg for alt-
som varmar deg med kjærleik når hjartet ditt er kaldt.
Strekk handa bort åt vènen, og smil med heile deg-
gjev kinnet hans eit kjærteikn, og sei:-  eg elskar deg.

2 kommentarer:

  1. Ditta var veldig fint,las det akkurat for min kjære:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker!! Kjekt at dikta mine vert lesne, og vidareformidla!! :)

      Slett