27. jan. 2012

Livberging

Mi vesle stemme sa til meg : " Eg er `kje bra nok, eg!"
Ho stod litt attom motet mitt og berre gøymde seg.
Ei tåre snirkla stilt ein sti på vinterturre kinn.
Då brått kom du, held òpa dør- og sa til meg: "kom inn".
Eg tok med meg mi stemme, sår- og skrudde motet på.
Du såg på meg med kjærleg blikk, eg ville ikkje gå.
"Her i min heim, er DU ein gjest, ein eg har vona i-
eg ser at du er ganske redd, men òg det du kan bli".
Eg støkk litt då, kva såg du der? Inn i mitt vesle EG?
Du kjenner meg, vèl like lite som eg kjenner DEG?
Ditt blikk var fast, og augo skein i glede av å ha-
ei innbitt tru, på at eit anna menneskje var bra!
No stend eg strak, mi stemme òg- om enn ho lita er.
For ho, som eg- fekk kjenna at ein annan har oss kjær.
Å sjå potensialet i ein liten, framand kropp-
kan berga liv, gje lovnad ny- når motet seier "stopp".

2 kommentarer:

  1. Herremin så godt at noen driver med slik livredning! At noen evner å "ta imot" når man er i ferd med å falle. Nært, varmt og sårt på en gang.

    SvarSlett