11. jan. 2012

Morgonserenade

Litt morgontrøytt eg sit her, heilt aleine-
og finn fram lysta etter dag.
Eg tèk fram lestar som er reine-
frå snora, der dei heng ilag.
Ein kopp med tè skal inn i kroppen-
so eg får varme heile meg.
Legg mjølk og sukker øvst i koppen-
og gjev ein tanke ut til deg.
Kva gjer vel DU på, no i dagen?
Er du som eg, litt tidleg på?
Snart skal vi båe metta magen-
og ut i virksomheita gå.
Der ute lettar nattesvarta,
der regnar sidelengs, og ned.
Men vinden den har løya farta-
den vil visst gje oss ondsdagsfred.
I takt med timen, strekkjast hender-
og føtene er også med.
Eg ut mot morgon nasen vender,
og ser at lauva dett av tred.
Min dag skal fyllast opp av tankar-
om alt som rørest i mitt liv.
For borna, som mitt hjarte bankar-
for alt som i mi hjerne sviv.
So vàknar minstemann i huset-
han kjem med auger, nattetunge han.
Snart døyvast stilla av alt suset-
slikt sus som gutar laga kan.
Eit sus som seier: " her er EG, mor!"
"Eg er no vàken, frisk og klar!"
Han går frå liten gut til slampstor-
og er det kjæraste eg har.
So kjær som båe to, dei andre-
dei to som no har flytta ut.
Dei i sin eigen dag skal vandre-
mi kjære jente, kjære gut.
Slik sit eg, her - og hentar dagsdyst,
ser liv og levnad fossa fram.
No er det morgon, det er grålyst-
eg kjenner gleda- kjekk og stram.
Eit lite dikt kom ut av "intet",
men no må mora opp og stå!
For morgonen har gjett meg hintet-
om kva slags veg eg no skal gå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar