28. jan. 2012

Stille natt


Stille, stille.
Det er natt.
Alt av bråk har stagna.
Berre sus frå
busk og kratt.
Dagen min har tagna.
Stille, stille.
Set deg ned.
Legg di kvile mot meg.
Det gjer godt
å no få fred.
Eg vil kvila med deg.
Stille, stille.
Elsk meg vàrt.
Hald mitt hjarte nære.
Skin, mitt ljos
når alt gjeng svart.
Skin for meg, du kjære.
Stille, stille.
Del mi natt.
Lat oss segla tospann.
Eg held kurs
om du held ratt.
..her er vegen EG fann!
Stille, stille.
Snart kjem dag.
Ljoset snart vi møter.
Då gjeng vi
med velbehag.
Stødt på to par føter..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar