29. feb. 2012

Tårer, lygn og Ludo

Eg kunne grine på kommando. Om nokon sa til meg: "Grin litt då, få sjå om du klarer det!"-so grein eg! Store, salte dråpar velta liksom utav meg som om eg ikkje gjorde anna. Såg heilt naturleg ut òg, sa dei. Eg fokuserte berre på ein liten stad inni meg, ein stad der eg kunne sjå attende på ein situasjon som var veldig trist og lei og henta fram att den kjensla det gav meg. VIPS! Tåreflaum og store, triste barneauger og om tjeneleg- eit halvkvalt hulk. Hulka var mykje vanskelegare å få til naturleg enn tårene, dei krevde ei anna sinnsstemning og her måtte eg verkeleg ta fram skòdespelaren i meg!

Klarde eg samstundes med tåreflaum og hulk å liksom sekkja litt i hop med kroppen, som om eg var segneferdig av vonde kjensler- Da Capo Maestro! Ikkje ein einaste gong klarde Besta å late vere å akke og oie seg når eg tok i bruk desse verktya..

Ho leitte fram kva det skulle vere av godsaker. Sukkerkake, bringebærbrus med raudstripa sugerøyr, mjølkesjokolade frå eit uutømeleg kremmarhus som eg visste alltid låg i øvste hylla på spiskammerset. Og Ludo. Ludospelet som var frå lengje før krigen og hadde falma i fargane, men som framleis hadde alle brikkane i behald. Ludospelet som eg berre elska å få lov til å spela, ilag med ho. Om eg utnytta skòdespelet til min fordel? Ubestridt JA! No kanhende eg skjems litt over dèt, men ikkje då. Då var det berre ein snarveg til noko eg elles måtte gjera meg fortent til, anten ved å luke i hagen eller vaske alle mjølkespanna til Besta. Slike ting. Slike beint fram urteite og kjedelege ting, som HO meinte var oppbyggjeleg og godt for både kjød og ande.

Men, for å få grininga heilt truverdig måtte eg ha ei dekkhistorie. Det kunne vera at eg hadde ramla av sykkelen og slått meg, nokre store ungar kunne ha erta meg eller ville slå meg, eg var kvalm, hadde hovudverk, var myrkeredd. Slike trasige ting som Besta ville falle for å tru var sanning. Lygn kallar eg det idag. Reinspikka lygn og fanteri, berre for eiga vinning. Og der stod Besta og visste ikkje kva godt ho skulle gjera for stakkars, vesle meg! Eg slapp tårene laus, og opna opp for hyggje og kos.

Eg sa tidlegare at eg skjems. Litt. Eg kunne nok ha skjems longt meir, hadde det ikkje vore for det faktum at eg etterkvart fekk forståinga av at Besta skjønte kva som gjekk føre seg. Besta var nemleg ikkje fødd igår, viste det seg- og litt longsmed kakeeting og bringebærbrusslurping og Ludospeling, kom det fram at ho visste. Ho sa det ikkje rett ut, det ville ha vore direkte flaut for meg, men ho blunka litt bakom dei brune hornbrillene og smilte.

Besta var slik, ikkje stor i hverken kropp eller ord, men ho hadde eit stort og gavmildt hjarte. Og, kansje det beste: ho ELSKA å spela Ludo, kansje endå meir enn meg!

So slik vart det då at eg, som kunne grina på kommando, og framføra dei beste skòdespel kva tid som helst for eiga vinning- eg slutta med det! Slutta å finna orsakingar for å kunna lura til meg litt kos ein regntung dag, der alle vener var berre inne hjå seg sjølve og eg kjeda meg. Slutta med grining og slutta med lyginga.

Besta såg på meg over det vesle teakbordet på stova og sa: " Din tur, Ludokonge. Slå meg om du kan!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar