2. juni 2011

Dette diktet vart til etter eit minne frå eigen barndom..Då heile verda var ein tumleplass,og eg..var ofte litt for lita,eller-litt for stor ;) LITEN

Rastlaus sundag sakte går-
når ein berre er 6 år.
Kvifor MÅ dei vaksne prate-
drikke kaffi,vera late??
Eg vil ut!!Slå hjul i gleda!!
..men,eg har på sundagskleda..
Ingen søledam å plaska-
buksa har mor nettop vaska!
Eg har maur og makk i rompa-
brått eg borti bordet skompa!
Blomstervasen velta vart-
under bordet-i ein fart!
Ingen ser meg her eg sit-
vaksenprat gjeng hit-og dit.
Pratens monotome dur tèk meg-
inn i svevn med 6 årsstèg.
Og,der-på draumeverdas tram:
Eg til knès i søledam!!

1 kommentar: