20. juli 2012

Elloskatalogen

So kom den endeleg!

Hjartet banka forventningsfullt hardt gjennom fingertuppa som heldt i det som låg inni plastemballasjen. Endeleg var det denne tida igjen, denne søte og sødmefylte tida som kvart år kom like sikkert som hjartet mitt no banka. Ellostid.
  Sommaren var på sitt høgste, slåttane var unnagjort og svalene flaug høgt, høgt med godeveiret. Myggstikka låg snorbeine etter leggane og over naserota hadde sola kyssa meg uteljelege gongar. Det var gode dagar med tidlege morgenar i shorts som eigentleg berre var den litt for korte dongeribuksa frå ifjor, og som mamma no hadde klipt av midt på låret. Sommar, fri og lengje til skulestart.
  Kvar dag var ein ny dag fylt med grenselaus fridom. Eg hadde nok av plikter, som å henta egg hjå hønene, mate dei og hjelpe til heime. Men dette var plikter som tok relativt lite tid, og dagane hong opp-ned i eit trè og berre flaut avstad. Det var stille kring meg for dei fleste andre på min alder var vekke på ferie hjå besteforeldre ein annan stad, eller på bilferie med kombicamp og telt. Slik som sydenturar var heller ein sjeldan ferieforeteelse dengongen.
  Postbilen hadde nett køyrd vidare longs ruta si denne føremiddagen. Eg hadde komt fyrst til og fekk ta med avisa til Besten og Besta, og den tjukke plastemballerte pakken innatt til mamma. Det var høgtidsamt, kribling i magen og det var Elloskatalogtid!
  Plasten var av.
Forsida, det glansa og fargerike omslaget- skein imot meg. Inni meg vaks det fram ein varm straum av ekte lykke og eg er viss på at eg smila! Sidene vart saumferne, om og om igjen. Eseløyrer vart bretta der eg ville kike fleire gongar, og når eg endeleg var klar på KVA eg ville ha, sette eg blå kulepennkryss attom kvart klesplagg. Ikkje dermed sagt at eg fekk desse, men det var no likevel på ein måte MITT alt. Eg hadde sett på det, likt, kryssa av og hadde iallefall ein fair sjangse til å få det.
  Kva var det so med denne katalogen med kle og skotøy side opp og side ned, som gjorde slike lykkekrumspring i meg? Kva skilde nett DÈN frå alle andre magasin, pryda med smekre kroppar innehylla i fashion? Kva var det med denne Elloskatalogen, denne kleskolleksjon i glansa papir- som gjorde meg so beint fram lukkeleg?
  Om mamma no sette si godkjenning ved sida av kulepennkryssa mine. Om ho no skreiv opp bestillinga, la den sirleg i ein kvit konvolutt, frankerte og leverte den til postdama ved neste postlevering. Om ho no gjorde det, med mine ynskjer ilag med systrene mine sine. Då visste eg at om eitpar overskuelege veker, kom resultatet i posten. Ein stor og kvit pakke med Elloslogo på topp og sider ville då stå på kjøkenbordet, det gråspraglete respatexbordet med blonke stålføter. Og oppi pakken,  der ville forventningane mine liggja: Nye skuleklè!
  Men. Det var ikkje so mykje dei nye kleda. Ikkje kjensla av ein knallblå joggegensar med trykk framme, ikkje den myrkeraude smalstripa fløyelsbuksa med smale stikklommer i sidene, ikkje nye joggesko som ikkje var kjøpte i butikk- som gjorde det for meg. Det var vissheita om at NO, no var det straks skule igjen. Snart eit nytt skuleår med moglegheit til å knyta fast endå litt meir lærdom. Tid til friminutt med småforelskingar, tid til viskelær med jordbærduft og nye lesebøker med gjennomsiktig plastbrede kjøpt på bokhandelen i Syvden. Tid til alt det eg ikkje kunne gjera når det "berre" var sommar, feire og alt stoppa opp.
  Kansje er det rart å lesa om ei ung jente, kansje var eg 12 denne sommaren- som gledde seg meir til å byrja på skule att enn det å ha ferie og fri. Kansje det. Men kansje ikkje. Kansje sit de her no og les dette vesle stykkjet om meg, og dett litt attende til ein slik sommar. Til ubekymmer, forventningar og Elloskatalogar fulle av lykke.
  Her sit iallefall eg. Sommaren stend like høgt som svalene flyg. Det ligg ingen Elloskatalog på mitt kjøkenbord, her blir det meste handla i butikk rett utanfor stovedøra. Eg har ingen skulegong å tenkja på om nokre veker fram i tid, ikkje for meg. Men eg kan fortsatt kjenna på den sitrande søte og sødmefylte spenninga som knoppa seg nett på denne tida, frå då eg var ung. Kjenna at der er tid og god plass til å ha forventningar av ymse slag. Kjenna på lysta til å forvente og glede meg over noko heilt lite og banalt.
  Idag skal eg glede meg til skulestart igjen. Ikkje min eigen, toget har forlete stasjonen for lengst. Men til skulestarten til alle dei tusenvis av born og unge som akkurat no kansje vaknar til ein ny sommarferiedag, anten hjå besteforeldre, i syden eller endåtil i ein kombicamp frå syttitalet! Vaknar med kjensla av forventning. Kansje har DEI fått nye klè til skulestart. Kansje ikkje frå Ellos, men dèt spelar mindre rolle. Forventingane er akkurat dei same for dei som dei var for meg, sjølv om dei kansje ikkje gler seg like mykje til sjølve skulegongen som eg gjorde.....
  Den som aldri forventar, kan heller ikkje forvente å motta forventningars lykkekjensle.
 

...eg trur eg må på bokhandelen idag. Stryka litt over glansa bokomslag, sjå på viskelær og bokbrede..Og kansje, kansje sjå ei ung jente kjøpe ny ransel, og med eit stort og fregnete smil gle seg til skulestart om få veker!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar