17. juni 2012

Solfilter

Eit lite skifte av dynamikk i lyset. Eit ørlite kast med hovudet i den retninga der lyset traff dei svaiande trea. Og eg var ein annan stad, i ei anna tid.
   
Tunet heime.
Dei velkjende bygningane som kransa mitt vesle rike. Verda mi, verda slik ei lita jente med blå auger og solbleika pannelugg såg den. Den låge kveldssola som varma hustaka med sine siste, lengtande blikk. Fargela verda mi med mjukt filter, nett slik i valøren som ein ser på fotografi ifrå same tidsepoken: syttitalet. Syttitalsgulna og litt sløra skjær.
Alt som jentunge hadde eg denne lett ambivalente kjensla i meg når seinsommarssola la sitt kveldsblikk over tunet. Alt då fekk eg denne trongda til å få vera I det, omfavna stemninga- den lett trolske melankolien som fargane gav...Anda det inn på ein måte som gjorde det lett å ta det fram att når alt vart gråleg og fargelaust. Stod der altså og kneip halvvegs att augene for å sjå med mitt eige filter oppå lyset sitt.
At ei stemning kunne trollbinda ei lita jenta so mykje, so mykje at ho monge år seinare stod ein heilt annan plass enn tunet heime, og kjende seg lita att. Lita, men trygg. For det var dèt som var essensen i dette augneblikket, dèt som gjorde at det stakk i bringa. Stakk med mjukesida av det emosjonelle i meg, tryggleiken eg alltid har forbunde med barndomen min.
Tryggleiken låg kansje ikkje i dei solfarga hustaka. Ikkje i dei fønvindgrasiøse bjørkekrunene som mest hypnotiserte med rørslene sine. Ikkje den varme sanden mellom små tær, eller spelet til svaleakrobatane høgt, høgt der oppe. Ikkje dèt, men likevel akkurat dèt! For...hadde eg ikkje kunne stått DER, som barn- tatt innover meg desse stundene av ro og salig sommarkveld..då hadde eg vel heller ikkje hatt trygga nok til å kunne gjere nett dèt.
Eg VAR trygg. Vi var trygge. Vi fekk tryggleik og vi har hausta av det sidan. Vi kan gå longs ei lett forureina bygate ein stille morgon og sjå lyset treffa ein murvegg. Sjå kirsebærblomar på vaiande trè bli vermde av ei sol som bryt gjennom blytunge skyar, og koma attende til det tunet- til den trygga.

Sola skifta karaktèr, og dynamikken svann. Eg gjekk vidare i dagen min og kjende meg ufatteleg rik og veldig trygg. Bak meg, i ryggen- har eg alltid tunet heime. Framom meg..nye solfarga filteraugneblikk, klare for å lata seg avfotografera til minnebanken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar