3. juni 2012

Bikube-Sara

Alltid dette ukontrollèrbare sinnet. Svart i magen og stikkjande sint i bringa. Sint bikubesverm som hadde holdt stilt altfor lengje, og no braut ut.
 Sara hadde såre auger av alt det sinte våte som no fløymde over og rann ut. Gadd ikkje tenkja på om dei andre såg at ho gret, no måtte ho berre la det flyta over og gå tomt slik at ingen vart skadd. Ho kjende at ho var redd oppi alt det sinte. Redd for at det skulle være noko gale med ho, at det som gjorde ho so eksplosiv skulle vera noko som var sjukt..noko som ikkje kunne heilast.
  Tårene brann strimar av skuldkjensle på andlètet hennar. La seg tjukt mot fregnene og rubba og skrubba både utanpå og inni. Det gjorde so låkt! So låkt å ha denne bikuba inni seg, og aldri veta når skalet sprakk opp og svermen smatt laus! Slik hadde det vore so lengje ho kunne minnast. Frå ho tok sine fyrste, prøvande stèg over golvet og Merete, storesystra- skubba ho og Sara bikka i kòll. Alt då var svermen der. Jàga opp og ut og fekk ho til å sjå raudt og svart om einannan. Ho hadde ikkje kunna tatt igjen då. Var for lita og for lite mobil. Men, sjøl kor lita ho var, låg dette minnet i ho som ei ulmande glo. Urettferdig, uferdig.
  Hiksta kom i hakkete støt. Ho gøymde andlètet i dei brunbarka nevane og drog pusten inn mellom fingrar, våte av tåreflaumen. Dei andre hadde sikkert gått sin vèg no. Gått knisande avstad for å fortelja fleire om kor teit og snarsint Sara var. Det gjorde vondt. Vondt i det dei vaksne kalla sjela, den staden innom alt det som var kropp, der alle kjenslene låg. Dei andre kunne ikkje forstå ho, kunne aldri skjøna at ho ikkje ville vera sint. Dei berre egla oppunder so snart der var ein sjangs til det, og gjekk derifrå når ho sprakk.
  Lèmen. Det var dèt dei kalla ho. Lèmen. Sint som eit, like snar til å sprekkja når ho vart egla lengje nok. Sinte-Sara, Sinnalusa, Lèmen. Kvifor skjøna dei ikkje at dei skulle halda fred? Kunne dei ikkje berre lata ho få vera? Ikkje hadde ho nokon gong gjort DEI noko, aldri sagt eller gjort noko som dei hadde vondt av. Likevel var dei der stadig og lugga oppunder. Strekte strikken til Sara og sprong når den rauk av.
  Tårene stilna etterkvart og Sara turka kinn og auger halvturre med handflatene. Ho samla all lufta ho trekte inn i lungene og heldt den der til ho såg uklart. So slapp ho pusten fri og kjende på tankane. Kva hadde skjedd denne gongen, kva var det som fekk svermen laus no? Og kvifor klarde ho ikkje å halda att, når ho var so bevisst på korleis det var? Tankane svirra og Sara sette seg ned på autovernet ved sidan av fotballbana og samla seg.
  Dei hadde som vanleg møttest her, ungdomane i bygda. Fem jenter, og tre gutar. Og Sara. Ho hadde følt at ho høyrde litt med denne dagen, og hadde gledd seg stort til å få vera med når dei skulle "henge". Og, det hadde vore fint. Fint å stå ilag med hine og høyra til. Vera ein av dei.  Sommarkvelden held sitt raudgule skin over dei, lufta var tjukk av både varme og andelaus tenåringsflørt. Jentene knisande, gutane brummande karslege. Og dette stod Sara midt i, som ein av hine. Glad. Roleg. Sara.
  Helvetet byrja med P. P for Pia. Pia var bygdas moteikon, og hadde alltid dei hippaste og dyraste klesplagga, tøffaste frisyrane og støtt pengar til snop i bukselommene. Levi`s-bukser sjølvsagt.  No stod ho med hendene i bukselommene og såg verdsvand ut. Kika på Sara med longe mascaravippar og sa: " Gurimalla då, Sara! Du har no på deg dei same kleda som du hadde igår på skulen. Har du ikkje andre klè?"
Dei hine såg på Sara, som vart kald og heit på same tid. Dei andre jentene knisa i fistel bak pastellrosa lipglossmunnar og gutane flira rått. Sara svara ikkje. Ho såg berre ned i grusen og raudna.
"Ja,men so SVAR då di køyse!HAR du ikkje andre klè, eller LIKAR du å gå i skitne klè, kansje?" Pia såg oppbrakt ut, der ho stod med henda no i sida, med ei hånande mine. Sara kjende noko lausna inni ho. Tankane forsvann og ein svart eim av sinne tok plassen der gleda for litt sidan låg. Rundt ho var det fliring og fnising, og stemma til Pia som om den var i enden av ein long tunnell. "Sjå på Skitne-Sara, ho er raud i andlètet!! Snart kjem ho til å sprekkja!!" Dei andre messa med. Sa alle dei orda som berre var ord, men ord som svei. Hausa opp kvarandre med nye kallenavn på Sara, og brått brast det siste skàlet i ho, det som skulle verna ho mot sinnet. Ho brølte! Snerra ut usamanhengjende ord. Lydar som minna om eit såra dyr. Stod der og ropte ut alt det vonde som vart kalla fram av hånorda til gjengen.
  Dei andre vart stille, trakk seg unna og heldt avstand. Sara kjende på Sinte-Saraen i seg. Kjende at Lèmenet i ho ville ta dei, ville sparka, klora, bita og slå. Men, ho gjorde det ikkje. Ho berre stod i raseriets episenter og kjende det var nok no. Nok hån, for ting som ikkje var av stor betydning for dei hine, men som merkte ho sjølv for alltid. Sår som kansje med tida ville gro, men som danna arr. Arr som ikkje var synlege utanpå, men som låg der og gnog inni. I sjelsromet.
  Tårene som kom, gråten og hiksta. Dette vonde, vonde som skulle ha vore ein kjekk kveld med kveldssol og nesten-vaksen-ting. No var det berre tårestrimar og ei tom sårheit att. Sinnet til Sara var lagt lòk på, men for kvar gong sat lòket litt lausare. Og ho var redd. 
..redd for seg sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar