13. aug. 2012

Nasedrag

Nasa sanka lukta av turrhøy på ei eng
og fire modne blåbær på eit strå.
Slikt eit lukteminne eg tek fram når eg treng
når dagane vert kortare og grå.

Same nasa drog inn ein snek av nedbrent bål
av pølser-på-eit-spyd og plomesaft.
Lukt av varme dagar og ein som heitte Pål
som spikka sverd av mormors kosteskaft.

Når dag gjekk inn mot natta der nattedufta låg
når kveldsdisen kom skòddetung og kvit.
Då tok mi nase retning mot der mitt auge såg
og åt inn smak av sumar, bit for bit.

I natta fekk ho kvile og låg heilt rolig, ho
fekk kvild for alle luktane av dag.
Men sjølv i drøyme, stille- der i si nattero
kraup eimane i løynde andedrag.

Eit søtleg siv av myrke, eit svartkledd pust av natt
kom virvlande på vindar i ein draum.
Og nasa fanga opp alle streif av slikt, betatt
lèt opp si dør og slapp inn denne straum.

Slik fangast alle bilder, dei som har lukter i
dei setjast inn i ramene vi har.
Vi trekkjer berre pusten og plutseleg er vi
tilbake dit vårt lukteminne var!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar