24. aug. 2012

Invasjon

Dei glefste etter han, snerra med svarthòla kjeftar med berre avgrunn i. Svart materie, svart avgrunnsdjupn utan ende.

Han pirka på den stadig veksande sårskorpa på olbogen. Det låg grøn puss under, eit sikkert teikn på at han burde lat den vera ifred. Men det å pirke i det, opne opp verken endå ein gong- gav han ei form for tilfredshet. Fred. Kvar gong såret nesten var grodd, nesten fritt for grøn verk...då pirka han på det att, for å forlengja kjensla av fred.
  Kva såret kom ifrå, hugsa han ikkje lengre. Det var utan betydning, no- og han gav dessutan ein blanke noksagt i om det nokon gong grodde! Berre han fekk sitja ifred frå alle krava som kvar dag hagla over han som skarpsmidde taggar. Krav. Oppmodingar. Spørsmål og mas i ein jamn straum som ikkje hadde verken byrjing eller ende. Alle berre gnog og åt og glefste mot han med kjeftar svarthòla av gift.

"Havtor...Værsåsnill..kom ut!!! "
Stemma frå utsida av døra var den same som alle gongane før. Masete. Bydande. Sytande nasal og krevjande svart. Døra stod som silkepapir imellom stemma og han sjøl, der inne i fredens sentrum.
Pirka og pirka på sårskorpa og sende ein klebrig strime puss og blodvatn nedetter underarma.
"Hald kjeft og gå!!!!"
Havtor sa aldri noko, berre tenkte det. Kjeften der utanfor var altfor nær, altfor ràm i eimen til at han turde opna opp for svar. Var viss om at han kom til å bli lynsja, halshøgd- fortært, om han gav seg i kast med dialog. Det var altfor farleg å late opp døra òg. Han gjorde det berre når vibrasjonane frå utsida av silkepapirstengsla stogga og svann. Og når han hadde telt til tusen fire gongar, kroppa på skorpa til den opna seg att og endeleg opna augene..då kunne han puste inn. Då nådde ikkje gifta han lengre, ingenting kunne nå han då.

Augo gløste rundt i det halvmørke romet. Bak i nakken ila det kaldt. Der rann kvite makkar opp og ned longsmed nakkegrop og hårfeste. Det hadde ikkje virka denne gongen! No var sårskorpa vekk, heile såret låg òpe, bart og med ein sakte straum av væske. Dei kvite makkane åt seg innunder nakkehårshuda og rett i nervesenteret. Frykta. No var det for seint å telja!! For seint å gjera dei trygge tinga som gjorde at han kunne gå ut. Fryktknappen var trykt på, av noko utanfor han sjølv- noko eller nokon som ikkje var på hans lag hadde trykt på knappen. Trykt so hardt at noko brast og den ikkje kunne reparerast. Same kor monge gongar han i rasande fart telde til tusen, kraup berre makkane lengre og lengre inn. Inn mot Kommandosentralen, dit ingen skulle koma..berre Havtor.

" Vi fann det naudsynt å gje han sterkare medisin, men det var kome for longt og tvangstrøye og isolat var det sikraste. Denne gongen vart det verkeleg ille, og vi kan ikkje ha slike episoder her. Det har med sikkerheita til både medpasientar og personale og gjera. De kan skriva under på fullmakta her, eller senda inn klage til leiinga. Uansett har vi vårt på det tørre!"

Han kjende kor dei åt seg inn i kommandosentralen. Åt seg feite og svartna på vegen inn. Men han gjorde inga motstand lengre, alt var berre flatt- vakuumisert. Sårskorpa var nesten grodd. Det kunne han kjenne gjennom det stramme lerretsstoffet som tvang armane att og bakom. Ingen sjangse til å pirke laus ein flik ein gong, ikkje ork til å telja til tusen...

Svarthòlskjeftane hadde stilna i bakgrunnen, men dei eingong so kvite makkane byrja å lage lyd, messa sin kvislande song:
"...tusen gongar, tusen glefs. Ingen nåde, berre refs! Tusen kjeftar èt deg no, smakar søtt di indre ro!!!..."

Dei lydisolerte veggane gav knapt frå seg resonnans då han vrengde lydane sine ut..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar