6. aug. 2012

Eg speglast av

So var det oss att, spegelen og eg.

Kvar morgon det same ritualet, kvar dag eit stille nikk og ein stille aksept frå eine sida til hi. Aldri usemje, aldri vonde ord. Berre ei stilletiande avtale om å fara vèl med den andre.
Vi har vokst opp ilag, vi to. Spegelen har nok blitt bytt ut ettersom åra har gått, men eg har nok ikkje vore heilt den same heile tida eg heller...Stendig i endring, nye sveisar, hårfargar, sminka/usminka, trøytt, energisk, smilande, ettertenksam, ung...eldre.
Nett dette siste aspektet har slått i meg som ei rot i det siste. Eg har blitt eldre. Det har eg no jevnt og truttsamt blitt heile tida, men det er som om eg no har skjøna det- akseptert. At eg er eldre, vaksen i min andre del av livet.
Eg har sett endringane so gradvis jevnt at eg somme dagar lyt lata att augo som for å erindre korleis eg såg meg sjølv for ein del år tilbake.Yngre, men likevel eg. No er eg den eldre utgåva. Men likefullt meg.
Skikkelsen der inne i spegelverda, er eldre- ja, men meir MED. Meir heil inni, meir tilfreds, meir meg.
Eldre i skinnet so vel som i sinnet, men nærare spegelbiletet enn før. Eg kan sjå heile meg, alle dei kroppslege, sokalla skavankane. Dei eg før helst ville skjule både for meg, for andre og for spegelvenen min.. No ser eg dei same uopprettelege erfaringssåra. Ser at dagar og år har teke meg med over bratte fjell og ned djupe dalar. Ser gledene og lykka som har laga fine plogfurer longsmed smila mine, desse små forgreiningane av levd liv som sakte grev seg inn under huda og inn i kjerna av ein sjølv: rynkene.
Eg har eit minne om min eigen morfar, han vart ingen svært gamal mann- men levde nok eit fysisk hardare live enn det vi gjer no. Han hadde eit slik vèrbitt andlet, eit andlet med merkjer etter alle turar ute. Merkjer etter sine slag, sitt livslaup. Og eg minnast kor godt det var som lita jente å sitja på morfarfong og ta på desse merkja. Kjenna linjene som sprakk opp kvar gong han smila eller song og undrast på korleis dei hadde kome dit- til andletet hans. Og eg tykte dei var vakre. Uendelig fine, som silketrådar i eit spinn, mjuke ringar på eit stille vatn...
No ser eg slike silketrådar i mitt eige andlet, og istaden for å skjemmes eller prøve å viske dei ut med sparkel, helsar eg dei velkomen. Uansett har dei kome for å bli. Kome for å fortelja meg MI historie sett i ein spegel som heng der, trufast.
Eg er glad i det trufaste. Men eg er òg glad i det å erkjenna endring. Eg veit kva som ligg bak endringane, veit årsaka til linjene, silketrådane og aldringa. Det eg IKKJE veit, det som fortsatt endrast og vil gjera det lenge enno- dèt veit eg mindre om. Men...eg veit at spegelen min vil fortelja meg det etterkvart som dei kjem- endringane. Og saman finn vi ut av det og aksepterar stilt.
Ein dag, monge dagar etter denne- vil berre spegelen stå att. Han vil halde eit stumt minne om ho som alltid stod skulerett framføre, og veta at den siste endringa...er konstant.
..eg innsåg noko anna her ein dag: Eg såg nemleg, der i spegelen min- at eg er eit slags spegelbilete av MI mor...slik HO var av si. Og at mine etterkomerar er spegelbileter av meg. Slik bitt vi på ein måte saman endringane til ei ubryteleg lekkje av endring, arv og framdrift.
Og spegelen kastar bileta fram og tilbake over baderomsvaskar og entrèar...og seier lite, men likevel alt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar