7. sep. 2012

Plass til orda

Ho tok for mykje plass, sa dei. Var for mykje, sa for mykje..gjorde for mykje utav seg.

Maria var.

Maria var heil i seg sjølv på ein måte som syntes innanfrå og ut. Nokre skjøna det, andre såg berre all plassen ho tok opp. Misunnelse vil vel klokskapen seia. Å ikkje unna nokon dèt ein sjølv mest av alt har hug til å vera, eller gjera- dèt er misunnelse.
Men dei såg berre all plassen ho tok opp, og la slett ikkje skjul på at det ikkje vart akseptert.
Ho skulle berre ikkje koma her og tru ho VAR noko! Jantelova hamra mot Maria, men Maria...?

Maria var.

Det var heile tida ein heil haug med ord som måtte ut av den vesle kvinnejentekroppen. Ord og kjensler som låg til brestepunktet i ho og verkte etter å få delast med dei utanfor. Ord som betydde heilt spesifikke ting for Maria sjølv, og som delt med andre òg kansje kunne få betydning for fleire.
So Maria delte orda. Sette tankane kring orda og alle kjenslene knytt opp imot kvart vedunderleg forma ord- i system, og skreiv dei ned. Lot dei få festa seg i kvarandre som små lekkjer av undring, mot, tristesse, lykke..faenskap. La litt av seg sjølv i, og overlèt det so til dei som deltok å summera opp og ta rekneskap over dei.
  Orda var, og Maria var- romfrekke. Slik Maria tok plass med orda sine, lèt ho òg dei aller fleste få ta plass kring ho. Inkluderte fordi ho VILLE inkludera, ikkje fordi ho MÅTTE. Slik ho såg det, var der meir enn nok plass til dei alle.

Likevel tok ho for mykje plass.
  Nokre gongar, når skuggane kraup makkvis framimot ho og stal lyset- gav ho stille frå seg plassen. Då vart orda mindre, og ein og annan gong forsvann dei heilt frå Maria...orda. Skuggane la seg då som seig korrekturlakk over og rundt ho, og køyvde alt ho prøvde å dela.

Skuggane meska seg på slike dagar. Breia seg sjølvsikkert ut og rundt og draup og rann og køyvde. Ingen av orda til Maria ville delast då, ikkje eingong dei stillaste og minst plasstrengjande som: "varsam" og "lojal". Alt berre knyttest innover og la seg som ein uoversikteleg vàse i Maria sitt ord-rom. Ikkje eingong den alltid smittande entusiasma hennar kunne løysa opp knuten då..ho måtte vente til der vart tildelt lys i skuggen att. Slike skuggedagar kom- og dei fòr. Maria hadde eit ordtak ho hadde henta fram innanfrå ein ordleiken krok i seg, eit slags mantra som ho lèt syngja i seg når skuggane tok ho.
"Livets snerk, gjer meg glad og sterk!"
  Ho hadde bestemt seg for at ikkje eingong den svartaste, kaldaste dag skulle berast fram utan eit anstròk av lys og varme. Ingen skulle få ho til å slutta å vera Maria, ingen skulle få ho til å gje frå seg SIN plass til fordel for noko som ikkje kunne delast med glede og lyst.

Maria var. Var fyrst og fremst Maria, men òg ein del av alt det store. Inkluderinga. Orda hennar var rett nok berre ord, men ordet har- som kjent er- makt. Makt kan brukast, eller misbrukast. Maria ville bruka sine til å lata andre finna sine eigne ord. Gje dei smak av sine eigne plassar i livet. Visa at ein har lov til å ta litt plass, lov til å finna sin eigen vèg- og gå den med heva hovud og ha plass. Ikkje ta plassen til andre, men fylla sin eigen plass slik den er meint å fyllast: med heile seg. Heil. Lovfesta plass i livet, rettmessig eigar av eigeverd.

Slik var Maria.
Plassen hennar, er hennar. Orda hennar er eigne, men til allmen bruk.
  "Gje, so skal du få" står ein plass i Skrifta. Gir du litt av plassen din til andre, kan det henda at du, som Maria- får endå større plass. Plass i hjartet til fleire, og viktigast av alt: din eigen plass: DU!!

Dei som tykte at Maria tok for mykje plass har ikkje mindre plass i Maria sitt liv, tvert imot. Ho har skjøna at dei er ei motvekt til all den plassen HO tek, og det treng vi alle. Ei motvekt som kan vera trygga når ein berre skjønar den og slepp taket i illusjonen skuggen i den er.
For..
Maria såg desse skuggane som ein del av ho sjølv, og innsåg at vi ikkje kan skapa skugge utan lys. Og lyset vèl vi sjølve å anten ha PÅ...eller AV.
Maria var ei som tok stor plass. Ho delte av orda som strøymde i ho like sterkt som lyset ho omgav seg med, og orda gjekk frå lys til skugge...til lys igjen. Av og på. Til alle, for alle.

Ord. Som no er delt.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar