13. sep. 2012

Korleis kom eg HIT?

Korleis kom eg hit?
Ja, ikkje slik " bia-og blomen"-korleis, men korleis vart det slik at eg havna her?? Hos Diggarane og midt i Litteraturens vakuum?

Bøker.
Alltid bøker. Frå eg var ei butt nevestor fregnepetrine, var bøker det kjæraste eg eigde. Eg las mi fyrste "Gulltopp og vennene"-bok då eg var knappe 6 år. Lèt meg riva med inni orda si verd, og kom vel aldri utatt..
Å kunne stilla opp små krokete teikn og få dei til å laga magi, eventyr- var for meg og er det enno, noko av det finaste på jord. Og frå eg skjøna dette med å skriva sjølv, kor rart og stort det vart når andre kunne tyda det som EG hadde knota isaman- har eg elska ord og orda si magiske makt. Ingen ord er for store, ingen for små til å kunne stå der- samla eller aleine og gje meg alle dei blanda kjenslene: Glede, sorg, frusturasjon, håp, spenning, tristhet, lykke, sinne, kjærleik.
"Det er no berre ORD!" seier somme. Javisst! Men når kvar og ein som les dei, tòrer
å leggja dei inn på smakslaukane sine og lata dei små og store orda smelte seg inn i bevisstheita si. DÅ!! Då er dei ikkje "berre" ord, då er dei heile univers av leik og moro, håp og draumar, visdom og mot.

Eg byrja ikkje å skriva tidleg. Likte nok godt skuleoppgåver der vi fritt fekk setja saman ord, sokalla Skulestil, men skrivelysta låg nok longt inne i meg.
Skulegong vart avløyst av arbeidsliv, forelskingar og born. Innimellom desse viktige livsvàla, låg leiken med ord og ulma. Bles seg sjølv sakte til glør, la sitt røykteppe nesten umerksamt i meg og vaks til eit vamt og levandes lite bål.
Skrivelyst.
Kva skriv ein so om når trongda for å nå UT med det ein brenn inne med, veks seg opp? Er det berre å gyve laus med fynd og klem, slengja ut av seg alle orda ein har der inne? Samla alt i sekkar kalla "Roman", "Novelle" eller "Poesi"? Er det berre å skriva det ned og sende det ut?

Eg starta i det minste romet. Vers. Rim. Dikt.
Somme fekk lesa og likte det denne lett slètne husmora med skrivekløe og publikasjonsvegring skreiv. Av ukjende grunnar, vart Facebook eit interessant medium for mor. Sjølveksponeringa small, og brått var grunnen for å skriva ikkje berre mi eiga glede over ordleiken, men også monge fylgjerar.
So lærer ein longsmed. Tek mot til seg der motet ikkje har feste men spikrast likevel og heng på. Er ein heldig, slik eg- får ein verbale spark i ræva og lyt kasta seg mot avgrunnskantar der fallhøgda er enorm. Då lærer ein å sleppa tanken på sikring. For. Kor longt kan ein eigentleg ramla? Ikkje lengre enn heilt ned. Og der nede? Der er det òg ord. Ord som: Sjølvkjensle. Uredd. Flink.

Blog.
Ja, so var vi DER. Når ut. Strekkjer orda vi har dandert ut til so monge som mogleg. Lèt andre få smaka og meir eller mindre sindig tenkje at: " Javisst! Eg kan skrive! Eg KAN skrive, eg MÅ ikkje- men eg KAN! "
Og slik gjorde vi det. Vi som digga orda, tydinga av teikna som vi lærde for ei æve sidan- vi som berre MÅTTE skrive, fordi vi kunne.

Spør deg sjølv:"Korleis kom eg HIT?"
Eg er ganske viss om at svaret er: "Fordi ord gjer sabla godt!!"

No er eg her ilag med deg. Velbekomme!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar