20. jan. 2012

Kva les du??

Når eg skriv er hjerna "på"-
skapartrongda vàken.
Lesaren skal kunne "sjå-
og å kjenna "smaken".
Orda som kjem ut av meg-
er nok lik dei andre,
dei som ut av alle dreg-
men- eg vil forandre!
Endra litt ditt syn på ord-
gje eit hint av lykke.
Ordverda er magisk stor-
eg kan gje eit stykke..
Flyt og driv i klartekst er-
vanskeleg, men viktig!!
Finn eg rette formel her?
Skriv eg teksten riktig??
Du som les og smakar no-
gje meg kritisk tale.
Då får eg ei større glo-
og mitt verk får hale.
Søte ord, og vonde med!
Det skal eg nok tòle!!
Om du les meg, får eg fred-
på min veg mot målet!

2 kommentarer:

  1. Så herlig dikt Unni! Jeg håper og tror ennå at du en dag kommer med en bok! Jeg skal mase, mase, mase på deg. Til den kommer.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for fin kommentar, Vid@r!! Jada,kjem vel eibok ettekvart...kansje fleire med :O)

      Slett