4. mars 2012

Rosa & Cowgirl

Rosa heitte ho. Der var ikkje so mykje rosa på ho, berre akkurat framme rundt den alltid våte mulen. Elles var ho ganske alminneleg brun, med nokre få kvite roser spreidd utover den breie baken var vel det som gav ho navnet.

Rosa. Eg likte å kalle ho mi eiga, men eigentleg var ho vel ikkje dèt, ho var- som alle dei andre kyrne, besta og besten si. Tilhøyrande garden, og ein viktig del av mjølke- og kjøtproduksjonen der. Vanlegvis stod ho godt fasttjora side om side med dei andre haleduskviftande og stòngande krøtera i båsen sin nede i gamlefjøsen. Der var det trongt og mørkt, lukta var ikkje heilt frisk, men der var alltid kjekt å vera. Vi ungane sneik oss longsmed dei kvitkalka steinveggane og heldt god klaring til dei på fire. Dei var nemleg litt uforutsigbare med alle desse fire føtene. Fire føter, der dei to bakerste ofte kunne lage solide blåmerkjer på ein spinkel småjentelegg.

Eg sat ofte der innerst i kroken, bak båsradene. Sat og kika på elegansen i dei alltid viftande kurompene, ikkje ei einaste flòge kom ustraffa frå det, men dei var monge og kyrne hadde trass alt berre EI rompe å vifta med!

Besta på den vesle mjølkekrakken, med sinkbøtta imellom to sterke knè, med det store og mørkeblå fjøsforklèet på. Og haudetørklèet! Alltid til punkt og prikke. Inga lefling med kotyme eller kostyme her, nei! Den gode lyden når dei fyrste, varme mjølkestrålane traff botnen på sinkbøtta. Eg vart varm og mjuk inni meg av denne lyden, visste at her var eg med på eit samspel mellom menneskje og dyr, eit nøye rollefordelt samspel som gagna dei begge. Besta var snar med mjølkinga, ikkje noko om og men, berre få det frå seg og so til neste. Nokre gongar fekk vi òg sleppa til, og endåtil prøva vågestykkjet å drikka melka rett frå dei hengande spenene!

Gjett om det var tøft å fortelja på skulen og til venene! Nesten på høgd med det å koma i trongsteg med ein revirpåpasseleg geitebokk. Tøft nok til at nokre gjerne ville vera med heim og få prøva. Men besta sa alltid nei. Fjøsen og dyra var ikkje til offentleg skue, dyra skulle ha ro. Og ro fekk dei. Heilt til våren blømde og dyra skulle på beite.

Rosa var, som dei andre- retteleg våryr dei fyrste dagane i alt dette grøne. Ho rende opp og ned longs elvagjælet og sparka og stonga og hadde vårfest med hine. Vi ungane stod fjetra longsmed gjerda, og var glade for den avstanden dette gav til villskapen.

Når den fyrste kåtskapen hadde rent av dei, gjekk vi inn til dei og det var særskildt dei yngste kalvane det var stas med.Vi nappa gras og bar med iherdige neva, fong på fong med saftig vårgras frå markane som strengt tatt skulle få veksa ifred til vårònna. Ingen sa noko på det, men vi visste det ikkje var lov..trakka ned det graset som besten skulle klippa med den grøne og oransje slåmaskina om ikkje monge vekene!

Ein dag var eg og besten på oppdrag oppe på beitet, vi skulle sjekke kor mykje vatn det var i brunnen for vi måtte ha nok vatn til vi skulle begynne på slåtten. Når vi kasta i silo, breidde vi tausene med høygaffel etter kvart lass som kom på, trakka det beste vi var gode for med spinkle småtauseføter, og so gjekk besten etter med kanna med maursyre i. Skumlaste stoffet som tenkjast kan, vi hadde stor àge for nærkontakt med dette. Og passa oss vèl for ikkje å havne i strålen når han sprøytte. Når siloen var full, la vi presenning på og stor steinar som skulle halda den på plass. So fylde vi på med vatn, tusenvis av liter til det såg ut som et badebasseng, fint dandert med naturstein. Vi lurte oss til å vasse der...

Men, no var also eg og besten på oppdrag. Brunnen var godt full, og vi rusla nedover beitet på Bøen og hadde god tid. Best som det var kom kyrne luntande mot oss, dei var vande med at vi var der men tok sjeldan noko særleg kontakt. Dei gjorde for det meste det dei skulle. Åt, tygde, drøvtygde, skeit og sov. Men no kom to-tre bortåt og ville ha klapp og litt kleiing. Dagen var lummer og flògene beit både krøter og oss.

Rosa var ei roleg kyr, ei som ikkje braut seg mot deg når du kom forbi, men berre stod der og tygde og vifta og såg på meg med dei vakre augene sine. Eg tykte ho var den vakraste av alle, og eg klappa og strauk det eg var god om då besten sa: " Har du lyst å sitja oppå ho?" Kva for noko? Sitja oppå? Oppå ei kyr? Gjekk DÈT an?

Eg stod der med open munn, heilt til eg fekk mumla eit "Ja", og besten hipsa meg oppå den breide ryggen. Der sat eg. Overskrevs på ein brun og varm Rosarygg. I sola på Bøen, med besten ved sida av, longt, longt der nede!At eg var litt redd med det same, erkjennest glatt. Men Rosa berre stod i ro, og tygde og rauta ikkje eingong av det uventa stuntet!

Eg sat faktisk på ryggen til ei kyr! Noko so tøft! Besten heldt ho i grima som ho hadde på, og drog litt i ho for at ho skulle flytta seg framåt. Plutseleg fekk eg oppleva eit eventyr eg berre hadde sett på fjernsyn, og då med hestar..ikkje kyr!Vi bevegde oss i luntetempo bortetter Bøen, over grastustar, tistlar og kuruker. Eg reid Rosa, eg var Cowgirl av fyrste klasse og eg eigde heile verda!

Rumpa var ganske sår etter rideturen , enn so kort den var. Men eg var minst to meter høgare enn før og eg lovde meg sjøl på tru og ære at eg skulle vitja Rosa på beitet kvar einaste dag, og nappa det saftigaste graset nokonsinne. Berre til ho!

No gjekk det ikkje so godt med Rosa mi. Berre nokre dagar etter rideturen, gjekk ho seg i eit stort hòl i markja og braut ein fot so vi laut avliva ho på staden. Eg tok det nok tungt, men det var sumar og vi hadde eit hav av andre eventyr som stod å banka på kvar einaste dag. Sorga gjekk nok fort over, men minna om den aller fyrste rideturen nokonsinne, og det endåtil på ein kurygg!!..dei sit fortsatt i. Kjensla eg fekk av å vera på toppen av verda, eg var stor, sterk og allmektig nokre små straksar av eit liv. Alle burde vakse opp på gard, eller i det minste med natur eit spytt unna og med besteforeldre som var tilstades. Vi var salig uvetande då om kor heldige vi var.

Men, eg veit det no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar