7. mars 2012

Å benke seg i livet

Dei slutta aldri å halda hender.

Jamvel no når dei var komne over middagshøgda si, båe to, gjekk dei alltid skulder ved skulder og heldt hender. Fingrar la seg umerkjeleg vande rundt og imellom og kjærteikna den andre sine med velkjend ro. Dette var det dei vart samde om den gongen, for so monge år sidan. Å alltid vera samde, so ihopgådde og på nett at dei slapp å gå i kald og utilnærmeleg avstand frå kvarandre. Stega var ikkje like lette og spenstige som då dei gjekk slik fyrste gongen, men stega gjekk same vegen og dei var to par føter, to par hender isaman.

Monge gongar hadde ord, kjensler, situasjonar og andre menneskjer prøvd å ta handehaldinga ifrå dei, men like monge gongar hadde dei mildt sett kvarandre i augo- sett frå hjartet og ut, og berre visst at den andre var samd. Dette skulle ingen få ta ifrå dei! Semja gjekk djupt. Dei visste godt når dei fann kvarandre at deira tid ilag var lånt tid, og tid som kansje ikkje vart særskild lett. Men åra gjekk og dei gjekk med og heldt hender og var i den lånte tida.

Kvar laurdag gjekk dei tur i parken og sette seg på ein benk. Like ved det vesle vatnet som låg som ei oase midt inne i det travle bysentrumet, sat dei og kika på forbipasserande. Tok seg ein blås og berre pusta. Dei trong ikkje so monge ord no, som før, orda og det dei stod for låg støypt i dei og dei trong ikkje ta dei ut. Før kunne dei ikkje prata nok. Då var det endelause, samanflytande samtalar i alle døgnets timar, ja- dagane og nettene strakk mest ikkje til! Kjensler skulle delast, hendingar diskuterast og dagen stillast skulerett og dissikerast.

Slik var det ikkje trongd for lengre, dei sat oftast berre stilt ilag og delte tida utan ord som forstyrra. Eit ømt, lite handtrykk var alt som skulle til når noko skulle delast, der dei sat på benken. Eit ungt par med to småborn som hoppa og spratt, gjekk smilande forbi dei to eldre. Dei heldt òg hender, og dei to på benken sukka stille inni seg og dei kjende på det såre stinget som alltid spratt opp og la sårkantane bare. Det vart aldri born for dei. Livet ville ikkje det slik, eller tida, eller samfunnet rundt dei. Der var monge faktorar som spela inn, og temaet var ikkje noko dei lengre lèt opp for, istaden heldt dei hender og gleda seg over dei som gjekk forbi.

Sola vermde ganske godt denne dagen, og fleire kom og gjekk. Det var godt å sitje her å betrakte, å sjå korleis menneskja i sine ulike hàmar kom overeins. Her var representantar frå alle samfunnslag, religionar, hudfarge og fasongar. Unge og gamle, tjukke og tynne, nokre var beint fram vakre og andre litt mindre heldige, sett frå ein samfunnskritisk ståplass.. Ingen var like, alle hadde sine problem, gleder, sorger, historier, løgner og draumar. Men alle var frie til å gå her ilag, halda hender om dei kjende for dèt, springja mot livet og vera seg sjølve på godt og vondt.

Ingen kom og arresterte dei for usømeleg adferd, med mindre dei gjorde slikt åpenlyst.Ingen reagerte med fortrekte miner om to elskande kysste kvarandre under bladverket på den store eika.

Alt dette sat dei to på benken og drog inn. Fylde sjela med inntrykka frå alle dei andre som levde nett slik livet skulle og burde levast, fritt og med løyve til det.

Det hadde ikkje alltid vore slik for dei to, men kampen var ferdig utkjempa for no- for dei. Dei hadde fått si løyve, fått si fred og no skulle dei berre halda ut isaman medan dei heldt hender og nyta det i stille glede.

Det unge paret med dei to små som hoppa og spratt, hadde nettop gått runda rundt vatnet og passerte for andre gong benken der dei to eldre sat.

Den unge kvinna lente seg nærmare mannen sin og kviskra han i øyro då dei hadde passert. "Såg du dei to på benken? Er det ikkje godt å sjå at to sopass gamle fortsatt kan sitja slik, i kjærleik til kvarandre- og visa det for heile verda med å halda hender?"

Mannen nikka og smila, han var samd i det. Og klemte si kvinne litt ekstra godt i handa, der dei gjekk vidare med arvingane yre rundtom.

Karstein og Ola røyste seg. Dei nikka kjærleg til kvarandre idet dei knepte kvar sin brune kamelhårsfrakk, og retta på frakkeskjøtane som hadde krølla seg ørlite då dei kvilte. So gjekk dei same vegen heimover som dei kom, side om side, i same takt som dei hadde gått ilag i dei siste 48 åra..Hendene fann kvarandre like lett som kjærleiken hadde funne veg, og trass alle motbørene var dei fortsatt på veg i tida si. Ilag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar