11. mars 2012

Let`s dance

Det var endeleg tid for bygdadans! Endeleg vaksen nok til å kunne løysa billett i døra på samfunnshuset, der to respatexbord var sette saman og to enda vaksnare sambygdingar sat med mistenksame blikk og tok imot den eine hundrelappen etter den andre.

Lenge hadde vi gledd oss til dette, det var høgdepunktet i livet solongt og forventningane låg øvst på lista. Høgt oppe! No var vi inne i vårt beste år, no skulle vi både få prestehanda på oss, og.. om vi var heldige: eit tafs frå svoltne gutahender òg! På dans, på vaksenlivets arena.

Mor sine obligatoriske protestar og påfylgjande formaningar då ho gav seg, var gjennomførde og no venta vi berre på at det skulle annonserast i lokalpressa kva band som skulle gjera oss ville og galne på dansegolvet. Antrekk skulle setjast samen og frisyrene nøye granskast. Ingenting var tilfeldig, men det aller viktigaste var nok det med alkohol. Skulle vi tòre oss til å tjuvlåne litt frå buda hass far? Eller skulle vi gamble på at nokon av dei mindre kule, men nokså eldre gutane, ville byde på av det lumske stoffet på plastdunkar. Tankane var monge, og vi var so opp i dèt at skulearbeidet vart lagt heilt til sides.

Laurdagen rann, og endeleg var vi pynta etter alle kunstens reglar og føresetnadar. Hårsprayosen låg tjukt på badet og klesskapet såg herja ut, alt var prøvd. Mykje forkasta, og eit antrekk stod att som " THE ONE ". Pastellgrønt og rosa var vinnaren denne gongen, skjørtet var ulovleg kort- her måtte ein passa seg for å mista noko på golvet, for so å måtte plukka det opp! Takk GUD for at stringtrusene ikkje hadde gjort sitt inntog endå då!

Besten stod misbilleg og venta på at vi tausene skulle koma oss inn i Taunusen, han hadde etter mykje overtying gått med på å frakte oss TIL dansen, men heim måtte vi gå. Veit ikkje om han tenkte på konsekvensane av dette utspelet, men slik vart det. Glade og øsne bar det avstad, til synd og fortapelse, lyst og begjær. Og sveitt dansing med ustød fot.

Hundrelappen forsvann i vakta si plastboks på respatexen, etter nøye å ha forsikra ho om at - jauda, eg VAR døtra til John, og- ja.. eg skulle stå for presten om to veker!

Inne i det store forsamlingslokalet var det ikkje stappfullt med folk akkurat, eit tjuetals personar sat rundt borda som var sett ut, nokre hang ved scenekanten og nokre stod ved kiosken og venta på at pølsene skulle verte varme nok. Vi var nok litt skuffa. Trua på at her skulle vi koma rett inn i synda si bule, med fullt trøkk og gitarvreng, forsvann ganske fort. Her var det omtrent like livat som på ein bedehusbaser med åresalg! Vi kjende oss med eitt altfor små. Altfor utspjåka og synlege, vi var ferskingane her og vi tykte at ALLE såg på oss!

Vi stiltra oss bakerst i ein krok, sette oss ned og kika i bordet. Dette var slett ikkje slik vi hadde sett føre oss at det skulle vere! Vi prøvde oss på ei brus kvar, Solo- som hjalp mot tørsten om ikkje anna, og venta. Venta på at noko skulle openbera seg, at Djevelen skulle draga igong sitt forrykande Helvetesshow og ta oss vekk frå dette Himmelparadisiske pinlige. Og, våre bøner vart høyrde! Brått vrengde det seg i alle nervegangane og lys og lyd small i lokalet på full guffe. Bandet kom på scena, og ikkje før hadde lyden nådd oss bortest i kroken, so var lokalet ei jettegryte av hylandes, vrikkandes ungdomar. Yes! No byrja det, NO var livet ein fest der vi var med og skulle ta del. Soloen stod halvlunka att i plastbegera og vi...vi smelta saman med hundrevis av andre i same ærend. Strømpebukser rakna, fomling i garderoba kvar gong ein skulle ha noko i ei jakkelomme, dokø, smugsuping av plastkanner bak i buskene, allsong og taktfast tramp og klapp til kjende refreng, og..alle dei eldre og FINE gutane som for ein gongs skuld såg oss. Og baud opp til sistedans, med rullingsen kjekt i munnvika og altfor mykje Aqua Velva. Alt var slik vi hadde drøymt om, og endå litt til. Vi var vaksne, hadde bestått eksamen og no- no var heile vide verda vår!

8 kalde og sletne kilometrar seinare, snubla vi so stille vi kunne midt i fnisinga, inn dørene heime. Ikkje torde vi å haike, so vi gjekk. I høghæla pumps og med oppteljing av sugemerkjer for kvar mjølkeramp vi passerte. Vi kom heile heim, mor hadde lagt seg men hengt lapp på dospegelen om at der var mat tillaga på kjøkenet, og- hugs å låse ytterdøra. Tillit, kallar vi slikt- ikkje kvardagskost for alle, men slik var det hjå oss.

Om vi sov særleg mykje den natta? Trur ikkje dèt. Vi var nok altfor høge på opplevingane, og hugsar eg rett- var vi litt svimle og småkvalme òg. Slik vi hadde forventa.

Sugemerkja på halsen svann etterkvart, slik æresorda om å ALDRI drikkja heimbrendt gjorde. Men prestehanda tok oss med inn i dei vaksne sine rekkjer, på moralsk vis. Og bygdadansane tok oss med mot same verda, om enn på eit litt meir upretensiøst vis. Vi dansa og vi var endeleg på vèg.

"Let`s dance. Put on your red shoes and dance the blues" - song David Bowie.

Og det gjorde vi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar