15. mars 2012

Den store smellen

Lyseblå cordfløyelsbukse, høghalsa pologensar med breide stripar på tvers og dei tøffaste av dei tøffe fotballskoa. Svarte, med kvite lisser i.Stig. Stig frå sjette klasse. Stig som hadde ei framtann som låg litt over den andre, og altfor longt hår som krølla seg mjukt bak i nakken. Finaste Stig, uoppnåelige Stig. FotballStig.
Ho hadde elska han heilt sidan ho byrja på skulen i fyrste klasse. No gjekk ho i femte og var stor, men Stig var fortsatt eit år større og like uoppnåeleg. Han såg ikkje på ho, ikkje slik ho ville at han skulle sjå på ho. Ikkje slik han såg på Wenche. Wenche i sjette med små knoppar som strutta mot skjortestoffet- framme, og det svarte englehåret som eit sukkerspinn kring andlètet. Kven kunne unngå å sjå på ho? Alle gutane stod med opne munnar, beint fram sikla når Wenche kom forbi og skulle ha gym. Alle dei andre jentene hadde vanlege joggebukser og t-skjorter, men..Wenche, ho hadde shorts. Og topp! Hestehalen vippa frå side til side når ho sprong og gutane kappast om å ha ho på sitt lag i slåball.
Turid var det ingen som såg på, ikkje anna enn når ho sparka fotball. Der var ho nesten like god som dei største gutane, og dribla dei fleste utan problem. Turid sitt problem var at ho ikkje hadde knoppar framme. Ikkje antydning eingong, og- hadde du ikkje knoppar, men var dritgod i fotball...ja, då var du "kompis", og ikkje sikleobjekt.
Stig spela på Turid sitt lag i friminutta. Dei altfor korte, men ÅH so kjekke friminutta der ho kunne vera nær han og endåtil koma borti han på bana. Turid drog inn den gode lukta av Stig der dei stod side om side og skulle ta ut lag. Tyggislukt. Bugg med jordbærsmak. "Kjæregudihimmelenogtiknivarihjertet,la meg koma på Stig sitt lag!!" Idag høyrde visst ikkje Gud på ho, Stig kom på det andre laget og kampen var igong.
Ballen kom i ei long boge opp mot midtbana der Turid var, men Stig var betre plassert og fekk ballkjenning fyrst. I iveren etter å nå ballen, hadde Turid fått opp litt for mykje fart og greidde ikkje å bremasa opp fort nok. Samanstøytet med Stig var hardt nok til at all luft slogst ut av ho, ein skarp smell var det siste Turid høyrde før alt vart svart.
"Herreguuuud, ho blør!" Longt vekke som om nokon stod og kviskra til ho i enden på ein tunnell, høyrde Turid at nokon snakka. "Blør?" Kven blør, tenkte ho. Men vart so vekke i tunnellen att. Brått vart ho vektlaus og ho tenkte på vengjane til store hegrar som lyfte ho opp og drog ho avgarde over skylaget. Mjukt, lydlaust og longt vekke.
So vakna ho.
Turid glipa med smale auger og ante ikkje kvar ho var. Hovudet kjendest tungt og stort ut og det var veldig lyst der ho var. Låg ho? Ho freista setja seg opp, men hovudet var for tungt, for stort og vondt til det. Ei varm og mjuk hand strauk ho forsiktig på eine kinnet. "Er du vàken, Turid? Går det bra? Har du vondt? Kan du snakke?Det var ikkje meininga!!!" Denne stemma, denne kjende røysta som la seg rundt det tunge hovudet som varm kakao med deilig snerk på. Noko var kjendt med denne røysta. Turid anstrengde seg endå litt og snudde seg med opne auger mot røysta og den varme handa som strauk ho.
Stig. Det var Stig som sat der, på ein stol ved sida av der ho sjølv visstnok låg, Stig med alvorsamt andlèt og det litt for longe håret mjukt krølla i nakken.
Ho klarde ikkje seia noko, berre kjende på forvirringa. Kva hadde skjedd?
Dreiv nokon ap med ho? Kvifor låg ho, og kvifor sat Stig ved sida av ho og såg alvorleg ut?
Ei anna røyst blanda seg inn. "Hallo, unge dame. Du har hatt eit lite uhell, men det skal nok gå bra!Du fekk ei kraftig hjerneskaking då du small ihop med denne unge mannen her, han var heldig og slapp unna med skrekken, men du vart borte ei stund. Og har blødd ein del frå hovudet, so vi måtte ta deg med til lækjaren og sy. Sju sting, det grør fort!"
Turid kjende etter med eine handa. Ja, midt framme i den høgre tinningen- der var det plastra og veldig ømt. Ho hadde also blitt slått umedviten i samanstøyten med Stig? Og dei hadde køyrt ho til lækjaren? Tøft! Iallefall litt, og iallefall når Stig sat der ved sida av!
"Dette er sikkert det næraste ein kan koma Himmelen!"- tenkte Turid. "Om han aldri meir vil ha meg på same lag, skal eg hugsa denne dagen for resten av mitt liv!..håper eg får arr!"
Tre dagar var Turid heime. Vekke frå skulen, frå lekser og friminuttfotball og heile sulamitten.
Alle flokka seg rundt ho då ho kom attende på fredagen. Alle skulle snakke med ho, spørje og sjå. Sjå bandasja over arret, sjå på ho. Sjå ho, sjølv utan knoppar mot skjortestoffet. Stig gjekk litt unna, han hadde ikkje snakka til ho etter turen til lækjaren. Ho såg han, der han gjekk på andre sida av skuleplassen, med henda i bukselommene og med skuldrane litt høgt oppe. Wenche gjekk etter han, det såg ut som om ho snakka til han, men Stig berre gjekk vidare, med hendene som åt seg halvvegs gjennom bukselommene. Wenche rista på det svarte håret og gjekk attende til dei andre.
Det tikka og brann i såret, men det tikka og brann meir i hjartet til Turid. No fekk ho sjå Stig att! Tre dagar heime i ro utan Stig. Endelause timar, tykte ho. Men no var ho her og der var Stig. Sjølv om han ikkje såg på ho igjen.
I matfriminuttet, etter andretimen- samlast alle frå femte og sjette seg utanfor gymsalen. Dei skulle få ha diskotek resten av skuledagen og venta berre på at rektor skulle rigga til musikkanlegget. Dette var gjevt!
Det var sjeldan at dei fekk lov til slikt, og endåtil hadde dei fått vete at dei skulle få pølser og brus òg. Dei klynga seg opp mot døra til gymsalen og venta.
Inne var det nesten heilt myrkt, alle dei tunge og myrkeraude velourgardina var dregne attføre vindauga, so det einaste ljoset var nokre stearinljos på dei fire borda som var sett utover. Musikken kom på og brått vart det mykje knising og skubbing. Jentene rada seg opp longsmed ribbeveggen, og gutane kappast om å vere fyrst i pølsekøa. Ingen dansa. Alle vart brått veldig opptekne av å prate eller gå på toalettet i gangen.
Turid stod ilag med femteklassejentene og berre lytta til musikken. Ho likte godt å danse, ho dansa ofte heime til kassettspelaren som storesystra hadde, den dei kunne taka opp musikk frå Ti-i-skuddet med og spela om og om igjen.
No stod ho og kjende korleis musikken dunka i ho, bassen fylde kvar centimeter i femteklassekroppen, den utan knoppar framme- og ho hadde so gruelig lyst til å danse. Men, ikkje åleine på det tome golvet. Aldri!
"Vil du danse?" Turid kvapp. Der stod Stig og baud HO opp til dans? Kva slags sjukt god draum var dette? Det måtte vera smellen i hovudet som gav ho syner!
Men, neida. Stig stod der, og utan å heilt å vete det, drog ho han ned ut på golvet. Dei dansa. Ilag. Men kvar for seg. Det var som om alle dei andre berre hadde stått og venta på at nokon skulle tore å gå fyrst, for no strøymde dei ti- både gutar og jenter. Golvet bølgja av rytmiske ungar og midt i bølgja..Turid og Stig. Dei såg på kvarandre, smila forsiktig og so..so tok ho mot til seg og la armena kring halsen på Stig. Kjende det mjuke håret leggja seg fint mot handbaken og kitle. Stig smilte. " Du er godt til meir enn å spele fotball, du!" Sa han. "Du er faktisk like god til å danse. Er det andre ting du er god til?" Turid smilte so sårkantane nesten sprakk opp. "Ja" sa ho "eg er god til å kyssa!" Stig såg himmelfallen ut, og Turid måtte le. "Ja, eg TRUR iallefall at eg er det, sjølv om eg aldri har prøvd..."
Ho kjende at det mjuke nakkehåret til Stig krølla seg varmt og uendeleg mjukt mot handbaken, då han raskt bøygde seg frammot ho i myrkret og la leppen sine mot hennar. I to sødmesøte sekund var dei eitt,hjarta banka i takt med musikken og Stig og Turid var ilag.
Wenche kunne berre ha knoppar framme. Ho kunne berre ha toppar og shorts i gymmen og svart englehår. For, det var Turid som var ilag med Stig.
Turid med teft for snøgge oppspel og Turid som stod for ein støyt, jamvel med tur til lækjaren, og det var Turid som var ilag med Stig.
Viss gjer det vondt både før og etter at knoppar brest. Visst gjer det satans so vondt å smelle ihop med ein knottane på ein fotballsko, men..det kjem alltid noko godt òg!

2 kommentarer:

  1. Så utrolig herlig å lese dette Unni :-)

    SvarSlett
  2. Takk, Vidar :) Var tilbake i den mørke gymsalen medan eg skreiv. Og, kjende smaken av Bugg`en med jordbærsmak i munnen...Godt å mimre litt :)

    SvarSlett