6. mars 2012

Hoggormar og andre kule kryp

Når vart vi eigentleg redde for småkryp som ormar, rotter og edderkoppar? Når steig desse uskuldige og veltilpassa individa utav rolla som søte og spanande, og glei inn i ei rolle som vederstyggelege og farlege? Då vi var born, var nett desse krypa noko av det argaste ein kunne finna på å studera, leika med og jakte på.

Utallige somrar tok vi inn både musongar, rotter og småfuglar som katten drog heim for å visa stolt fram for matmor. Matmor husja han som regel kontant vekk, og den stakkars fjørkledde bylten vart liggjande forkomen på trappa. Då hende det seg nok at vi ungane tok han med inn, med snøgge kliv opp loftstrappa før Sjefen fekk nyss i det og ba oss kasta kreket utatt. Vi rigga oss til med skoøskjer stappa med mjukt gras, store og nokså reine lommedukar til breid og so venta vi. Venta på at vi skulle ha nok omsut til at kreket overlevde og vart leikekameraten vår. Det skjedde vel aldri, men vi var like sterke i trua kvar einaste gong, vere seg om det var fuglar eller museungar vi drog i hus.tUnder desse seansane sat vi nyfikne og særs vàkne ved sida av krypa og studerte. Såg kor dei skalv, kjempa imot frykta med ein inderligheit som fascinerte og vi undra oss over kor redde dei var desse små. Var dei redde for OSS eller for dei ukjende omgjevnadane dei var komne i? Vi pirka borti dei, vi prøvde å mate dei, vi bar dei, byssa og song til de , klappa og strauk og ba for dei. So begravde vi dei oppe i bytet til naboen, med salmesong, pinnekrossar og andektig falda hender.

Edderkoppar, eller vevkjerringar som vi kalla dei- var overalt og sjølv om vi hadde sett både i bøker og på fjernsynsprogram at somme plassar i verda var der slike som var dødeleg giftige, so kaga vi ikkje på det. Dei var der berre, slik flògene, maurane og raudemakkane var. Dei høyrde til. Og, kor fantastisk kjekt var det ikkje å kunne leggja ei feit kjerring ein plass der ei tenåringsjente kunne råka ut for den?? Hyla desse tenåringsjentene presterte då, låg på bortimot 6, 5 på Richters!

Edderkoppar gjev lykke, seiest det. Lykke og relativt kule og longvarige bèt om ein var heldige nok til å få nokre slike. Dei store og mørkeraude bèta var sjølve symbolet på at ein hadde gått til sengs med fienden, slegest tappert- men tapt. Vi som hadde gard og kunne sova i høystålet, fekk tidleg læra korleis og kvar det svei argast! Men, edderkoppbèt og lyseraude museungar til trass, hoggorm var det aller, aller tøffaste! Slik eg hugsar det, var det ikkje kvardagskost den gongen heller å oppleva slikt på nært hald. Jamvel om vi støtt og stendigt var ute og jòg i busk og kratt sumarstida, var det heller sjeldan vi såg noko av desse longstrekte og glatte krypa. Vi leitte nok ikkje etter dei, men hadde no håpet i hangande snøre på kvar fjelltur. Godt indoktrinerte av forteljingar om folk som vart betne av hoggorm, og måtte bøta med livet eller iallefall ofra ein kroppsdel til fordel for at gifta skulle spreia seg og ta livet av dei- var vi ekstra på alerten på tur. Eg trur vi hadde ei vòn om å verta den aller fyrste som nokon gong hadde fått bèt og likevel stod strak og sterk..Ilive. Javisst hadde vi ei slags age for ormen, men vi var for oppglødde, ivrige etter å få nærkontakt, til å ha verkeleg angst. For vi kunne springja longt raskare vi, enn det ormen kunne bukta seg fram, og sprong vi oppetter bakkane, hadde ikkje ormen sjangs å fylgja etter.Trudde vi.

Vi samla raudemakkar i bokser, tredde dei på skarpe krokar og fiska kræder i elvagjæla, drog i dei til dei sa takk for seg, såg på når dei åt mold tvers igjennom seg sjølve og..kappast om å tore å eta èin!Jauda, nokre av oss ungane tykte rett nok at somme eller alle desse krypa var ekle. Men ikkje skumle. Berre litt ekle.

Men ein eller annan stad , i ei eller anna tid i livet, endra vårt syn på desse levandes små seg. Vi byrja å omtala dei som ufyselege, uapetittelege og farlege. Det var fortsatt dei same krypa, evolusjonen utvikla seg ikkje so snøgt! Edderkoppane hong stadig i taklista, framføre døropningane våra, og kraup stilt under varme sumarsdyner. Nett som før. Men no var dei ekle. Vi grøssa og akka oss, og om vi vart bètne bar det raka vegen til medisinskap og sveittebròt.

Vi snakka om krypdyrår, overformering og kva sprayar som tok kverken på utyskja, og musefeller og hoggormfrie fjellstiar. Vi hadde lest oss opp på informasjon om kor farleg eit hoggormbèt EIGENTLEG var..og visste no at det i høgda var litt vondt, og at vi kom til å overleva.

Likevel vart vi redde. Stengde vindauga sumarstid, sjølv kor varmt det kunne bli under duna vår. Vi la ut rottegift, fòll og passa på at det ikkje låg matrestar utanfor husa våre. Rottekrigen skulle vinnast! Vi korsa oss, svor død over krypdyra og aldri, aldri meir låg vi i søtt og angande turrhøy nattestid.

Eg trur at vi miste ei sunn uskuld. Er vi ottesame og engstar oss for slike som er ein naturleg del av heilskapnaden vår- naturen, har vi mista litt av oss sjølve.

Som born var vi eitt med det rundt oss, vi såg med vidopne auger på det som vart oss til del, anten vi skjøna det eller ikkje. No skjønar vi so mykje, men har mista so mykje meir. Redsle er ikkje det same som respekt.

Respekt er å sjå tinga som dei er, redsle er å late att augo og velga vekk respekta.

Til sumaren skal eg på hoggormjakt, fiske med raudmakk og kansje, om eg er retteleg heldig..få eit saftig edderkoppbèt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar