18. mars 2012

Blått til lyst

So kyssa du meg.

Framfor alt og alle, framfor biesummet og sola som skein. Lett. Slik eg visste.

Eg lente meg berre fram for å sjå kanten av det blå i augo dine. Det blå glimtet i alt det grågrøne. Lik eit glimt av hav lengst inne i villmarka, der ein ikkje forventar å sjå slikt.

Det var dette glimtet eg ville sjå, gleda over havkjenning der ein ikkje ante at det fanst. Augene din gøymde so monge luner. Aldri hadde nokon fått koma inn der, aldri slapp du nokon forbi den magiske porten. Levande og open var du på monge måtar, alltd smilande og med den djupe latteren som velta fram som mjuke toreskrall mot lufta. Latteren som drog dei kvinnelege kollegaene dine mot deg som bier mot syltetøyskåla.

Det var latteren som var varemerkjet ditt, den løyste opp monge litt stivføtte diskusjonar eller situasjonar. Ein slags autoritær men jamvel mild måte å setja strek på. Når det var usemje om eit forslag, lo du berre litt, trakk på skuldrane og det var dèt. Sjarm kan det kansje kallast. Kva det no enn var med deg og den latteren, so virka det. Og biene surra kring skåla, lepja seg so nær dei kunne av det freistande som låg der. Men fekk ikkje koma heilt bortåt.

Som sjef for denne bieflokken hadde du all makt. Makt du kunne brukt, misbrukt om du ville- men gjorde det ikkje. Du gjorde det som gjerast skulle og heldt oss biene på avstand. Immun mot eventuelle stikk få dronningbier som somme av dei var. Ambisiøse dronningar som med eit nikk var vande med å få det nett slik dei ville, med kven dei ville. Ute. I den verkelege biesvermen: utelivet.

Du lèt dei sverme, passa deg vel for å ikkje koma innanfor stikkradiusen og styrde dei dit du trengde dei. Oss. Vi gjorde jobben, og du styrde oss godt.

Men du hadde desse gøymene. Eg såg deg somme tider, når du tykte deg utanfor syne av flokken. Sitjande og berre stire utover byen som låg utanfor kontorvindauget ditt. Kva såg du, kva såg du etter. Kven?

Biene summa og surra rundt deg og gjorde meir eller mindre hissige framstøt, medan dei gjorde jobben slik dei burde. Vinteren slapp taket ute som inne og både vindauga og skjortesnippane stod på gløtt. Denne dagen var det ekstra stor summeaktivitet inne, alle i flokken din skulle på utflukt i det overraskande vårlege vèret. Jobblunsj ute i parken rett ved.

Mat var bestilt, sogar vin og øl. Og summinga eskalerte og traff dei godt isolerte veggane med rimelig stor kraft. Yre. Våryre.

Du følte deg utilpass i slike høve, men skjulte det godt bak latteren og det store smilet. Du var sjef, og visste godt at slike evenement måtte til for å halda arbeidsmoralen oppe iblandt. Flokken sverma ut, trykte seg ihop i heisane og summa høglytt mot parken.

Sola vermde godt, humøret til biene var upåklageleg og sjølv du vart smitta av stemninga.

Eg skjøna det eigentleg godt. At du kvidde litt for å sleppa laust, for å by på deg sjølv midt i ei stri elv av vårkåte og svoltne bier. Men du heldt stand. Ordna tepper, spretta vinkorker og delte ut smørbrød og frukt. Lo når biene fortalde vitsar, drog jamvel eitpar sjølv. Men, du kom ikkje heilt ut. Dei blå kantane var overskya og trekte seg innover mot tryggja. Dette var utanfor komfortsona di.

Eg betrakta deg, sat i utkanten slik eg alltid gjorde- også på jobb. Såg deg sirkulere blandt flokken med tid til alle, eit nikk, eit smil, litt prat her- litt latter der. Du tedde deg som ein sjef. Men du ville helst flykte.

Etterkvart som sola vermde og vinen kjøla ned biestrupene, slappa du litt meir av. Slipset var vekke og du flytte deg bortunder eit tre for å ta en telefon. Dei solhungrige biene hadde anretta seg utover på pledda, mette av maten og ganske døsige av vinen og sola. Det var fred på jord.

Eg sat med nasa mot sola og kika på fuglane som var like våryre som biene, då du skugga for og lurte påom du kunne setja deg ned. Eg smila bak solbrillene og sa ja, klart det.

"Du er alltid so stille, du"- sa du. "Det er so godt med nokon som deg på laget, ei som ikkje må vera fyrst, best...mest synleg..frampå. Men som likevel gjer jobben. Det verdset eg veit du."

Eg nikka. Sa ikkje noko, berre smila og snudde meg mot sola att. Ville ikkje forstyrra deg der du sat og var attoverlent i heile deg.

Ei lita fluge forvilla seg inn i det eine auget ditt, og eg bøygde meg fram og hjalp den ut då du streva med å få det til sjølv. Du lo. Toreskrallet låg liksom nede i magen på vent, dette var meir som varm sjokolade mot hud.Du heldt blikket ditt i meg. Det var då eg såg det blå. Kanten av deg blåna mot meg, og eg kjende noko slo. Slo som bårer mot kvitskurd sand, slo mjukt og taktfast og innover. Du.

Du kyssa meg. Heilt varsamt med fremste del av overleppa, eit mjukt lite møte med deg mot meg. Kanten av det blå opna seg og eg såg utover heile havet!

" Skal vi fortelja biene det no? " sa du. Eg nikka, med blikket låst i det store blå. "Ja" sa eg. " Lat oss få det overstått, lat dei få veta."

Biene hadde fått med seg kysset, det var det ingen tvil om. Summinga stilna litt då vi stod der, men at dei var opphissa..hissige, det var heilt sikkert. Måpande, usikre.

"Slik er det" sa du. " Linn og eg. Slik det alltid har vore, slik det alltid forblir. Dette er mi elskede kone, som ho har vore i over ti år. Vi har berre ikkje utbasunert det. Jobbsituasjonen gjorde det vanskeleg, men no sluttar vi begge- og vi meinte det var på tide de fekk veta."

Eg såg dei vantru blikka, kjende dei som stikk mot huda men eg smilte. Som du gjorde. Smilte mot det blå i deg, det eg visste var sjølve kjerna..Du. Og eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar