11. mars 2012

Einsamt håp til evig eige

Han gjekk der, lent opp mot vinden liksom. Håret låg stròke baketter som om nokon drog og nappa i det og han ynskte at han hadde høyrt på mora då han gjekk, og teke på den forhatte strikkalua. Men, som so monge gongar før- hadde han berre sett surt på ho og gått. Utan å seia noko, berre snudd ryggen til og ut døra. Ikkje lèt han den att heller, ville ikkje visa seg so liten som han eigentleg var.
Mora sa aldri noko om desse humørsvingingane lengre, det var mest stille imellom dei to, og faren sat berre i fjernsynskråa og glodde. Glodde på alt og inkje og brydde seg ikkje i det heile. Ingen brydde seg om han.
Sveinar var sint der han gjekk, so sint at han ikkje visste kvar han var- so fortvilande einsam og sint og redd at han berre gjekk. Vinden auka, og øyrene svei og kjendest livlause ut. Jakka var blaut tvers igjennom, den var heilt spildra ny, men kulda han kjende kom like mykje innanifrå som frå vind og vèr.
Han hadde gledd seg slik til at dei skulle flytte, ein ny plass kunne kansje vera ein sjangse til å finna roa, finna vener, finna ut kva som skulle til for å bli glad igjen. Men..alt han fann var einsemda og kulda. Mora og faren var opptekne med å renovera det gamle huset dei hadde kjøpt, finna seg til rette med alle pengane dei hadde arva og oversåg Sveinar. Det var iallefall slik det kjendest ut. Dei forbanna pengane som lova og laug, lokka og brann i lomma på dei to vaksne. Sveinar var òg glad for pengane, fyrst. Før han skjøna at dei berre var kalde og svikefulle og slett ikkje hjalp han. Ikkje gjekk det å kjøpa seg til kameratskap, ikkje at HAN fekk so mykje av desse millionane, berre nok lommepengar til at han heldt kjeft. Nei, det einaste dei var brukandes til var å kjøpa seg litt gløymd- på ølutsalet nede i sentrum.
Sveinar var rett nok litt for ung til å kjøpa øl sjølv, berre 14, men stor for alderen og hadde han hundrelappane klar, var det ingen av kasserarane som såg på han. Dei tok imot pengane, og han gjekk derifrå med posen full.
Bak Riseggkiosken låg eit nedlagt sagbruk. Gamlelageret stod der endå, ein stor stabel med gammalt material låg lagra inne. Sveinar brukte å drikke øla her. Sat med tresmak mot buksebaken og heiv innpå av dei brune små.Slik som før idag. Ikkje var det godt, men det var ei slags beisk trøyst i det at han ikkje likte det- mest som ein metafor for det han sjølv opplevde livet sitt som:- beiskt og lite.
Heim ville han ikkje, men han var smerteleg klar over at om han ikkje snudde no snart, ville natta ta over og han måtte finna ein plass å sova. Vinden auka på og det var vondt både å gå og sjå, regnet som berre var sporadiske dråpar for litt sidan, var no ein stri vegg av vatn. Det small mot andlètet og piska smertefullt hardt. Sinnet var gått over i fortvilig.
Nede frå magen velta det fram ein sår klump, grine hadde han gjort monge gongar men det døyvde ingenting. Gråten opna berre døra inn til det vesle helvetet som no vaks og auka i omfang for kvar time som gjekk.
Kva var galt med han? Kvifor ville ingen sjå han, snakka med han eller vera kompis med han?
Han var ikkje stygg. Ikkje tjukk eller kvisete heller, berre ein sånn heilt vanleg hengslete og litt for høg tenåring som monge andre var. Stakk seg ikkje ut frå mengda anna enn at han hadde fått bart under nasen. Same klèkodeks som dei fleste andre, litt dyrare merkjer kansje, men ikkje noko som var ekstraordinært..Han skjøna det ikkje. Alt han ville var å vera innanfor, ilag, ein av hine. Men. Som på forrige stad dei hadde budt, var han usynleg og einsam.
Øla han hadde tømt i seg, låg uroleg i magen ilag med den såre klumpen, han var kvalm og kald og trøytt til margen.
Om han enda livet her, ute i den store øyda- ville INGEN sakna han, det var han viss om! Han burde faktisk berre finna ein topp og kasta sin ynkelege kropp utfor, då kunne livet sakte og umerkjeleg berre fortsetja og snurre og gå..utan han. Ingen ville sakna han, dèt var han viss om!
Skoltebrua. Han kunne gå til Skoltebrua og kasta seg utfor! I dette vèret var det ingen ute, han hadde ikkje møtt meir enn ein einaste bil på dei timane han hadde gått der. Der kunne han ta siste steget i det miserable livet og ikkje etterlate seg noko anna enn einsemd.
Sveinar kjende på det som steig opp frå magen, det brann sterkare og svei seg oppover mot hals og munn. Alt av mageinnhald kom opp i rekordfart, det berre spruta utav han og slik oppimot den kraftige vinden- var resultatet uungåeleg. Oppkast over heile han. Nyejakka, buksene og andlètet var overspraya av sur galle og Hansa.
No gret Sveinar utan skjemsel. 14 år og kald til det inste, einsam i verd og einsam i hjartet. Han var so utav seg at han berre sette seg ned der han var, bles nesten omkull men vart berga av autovernet. La seg ut og over i vegbana og berre låg.
Redd. Inntil beinet so redd han var! Her låg han og var kaldare enn han nokonsinne hadde vore før, kaldare enn på dei forhatte skieksursjonane på barneskulen, der mora hadde gløymt å senda med ekstra gensar, og sitjeunderlag. Redd for at han skulle frysa ihjel her ute på vegen, utan å finna fram til Skoltebrua. Den store "Planen" frå istad, skremde han òg. Skulle han verkeleg ta sitt eige liv? Henta krefter til å utsletta seg sjølv og berre gjera det?
Dei blåfrosne og oppkastskitne hendene la seg for andlètet, hiksta kom i korte hiv- og vinden brann kaldt i heile han.
Ein uventa gul stråle traff han. Midt i vegen som han låg, var det berre flaks at bilen som den unge mannen køyrde, heldt slik låg fart. Sikta var beint ut lik null, so han hadde gira ned og bevegde seg sakte. Han var ikkje so kjend her, og då han hadde køyrd over den store brua nett, kjende han at han trengde ein stopp snart.
Sveinar såg bilen koma mot seg, men flytte seg ikkje. Kjende berre at ei stor lette seig inn og håpet om ein rask overgong var større enn frykta for smerta. "Kom igjen, bil- gass på!!"
Sjåføren såg han akkurat i tide, for trass i at farta ikkje var stor- låg guten nærast flata ut i vegbana, og det ville ha vore ein samanstøyt som ikkje hadde fere fint åt med hverken gut eller bil. Om ikkje han hadde sett han!
Drivkvit av både sinne over ansvarsløysa til denne personen, og redsle over å ikkje heilt vite om personen levde eller ei- sprong han ut av bilen og bortåt. "Kva i helvete er det du gjer på??Er du ikkje heilt klok?!!"
Sveinar klarde ikkje svara, berre rista av gråt og oppgjedd kulde.
"Du kunne blitt drept, veit du dèt!" Sjåføren av bilen ropa, men stilna då Sveinar tok hendene vekk frå andlètet og såg på han. Aldri hadde han sett eit slikt einsamt blikk, ikkje sidan tenåra då han sjølv var på veg inn i den fasa som nesten tok livet av han- misbruket og avmakta.
Sjåføren sette seg på huk og såg på den andre. Sveinar såg på han med undring, eit par med ukjende auger som tok seg tid der i vindkasta, tid til å sjå. "Vi må få deg i hus, ingen bør vera ute i dette vèret- ikkje eingong ein som luktar øl og spy!- Kom no, so køyrer eg deg heim!"
Utan å ville det, utan ein einaste tanke meir for endelikt og einsemd- sette Sveinar seg inn i bilen. Til ein framand. Ein som hadde sett han rakt i augo i knappe to sekund, men som likevel hadde sett. Og likevel ville ha han med.
Einsemd var iferd med å tapa land, einsemd hadde fått konkurranse. Og nett denne konkurrenten her, heitte HÅP.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar