8. apr. 2012

Vårropet i meg

Skaresnøen vart mjukare i kantane, den smuldra seg ned i den tèleharde jorda og metta seg rundt små spirekorn. Kvar dag bar nye bòd om sol. Ein kunne ane konturane av den varmen vi visste den ville frigje, men solongt såg vi ikkje noko av den.
Nysnø kom stadig og la seg teppemjukt over den gamle, nonchalant og med ungdomens virilitèt...men den vart aldri lenge. Ein dag, eller to- so forsvann den og lèt den gamle få smelta ifred. Erleridene. Det kom alltid nokre slike før vinterhamen slapp oss heilt, flyktige snølav som ergra oss til bristepunktet der vi venta, utòlmodige.
Morgonane kom tidlegare og dagane varte heilt til natta, kveld var der nesten ikkje tid att til. Ljoset vart klårare og fuglane kom smettande tilbake frå Charterturane sine.
Det nærma seg.
Ein morgon, stod eg i glaset og trykte nasespissen imot. Bles varm morgonpust mot kjøleg glas og såg gamle fingerprint stiga fram, og forsvinna att når andedampen svann. Eg kjeda meg. Eg var lei av snø, vinterjakker, vottar og halvklamme ullstillongs som kraup oppover mot knèhasene og etterlot bar hud mot Cherroxane.
Kvar vart den av, våren? Alt låg til rette for at den berre kunne koma, men den lèt fortsatt vente på seg-sta og stirrig. Nett som eg.
Nede på plenen var der berre nokre halvròtne snøkantar att, dei siste. Og imellom dei, bar mark. Brunt plengras som hadde lege køyvd en heil vinter, og tòlt både snømåking og englar i snøen. Brunt. Daudt. Kjedeleg.
No MÅTTE den forbaska våren koma snart! Eg ville ut, utan tre lag med klè, utan kløande og stikkjande ull mot kropp og med håp om solkyss mot nasen. Ut kunne eg vel visseleg gå no òg, men det var det som var spesielt med våren. Når DEN endeleg fann det for godt å bryta fram frå vinterkåpa si, endeleg spadde fram kriblande varme og yre flòger- DÅ!! ..då kunne livet byrja omatt. Og eg kunne sitja på nygrodd plen og få utslett att, av mose og vekst.
Eg forlot den avtrykkspekka ruta og sukka høglytt på utpust. Skapte meg sopass at eg faktisk fekk marsjordre frå øvste organ, og gjekk ut likevel. Ute på platten stògga eg litt undrande opp. Kva var DÈT??
Noko prikka meg i nakken. Bakerst i den vesla gropa mellom nakkemusklane, under det lysebrune striehåret. Under kanten på den mørkeblå strikkalua, på det ørvesle partiet med bar hud. SOL. Eg snudde meg med det breiaste smilet på denne sida av tannfellinga, og såg. Sola. Ho var koma! Ho hadde smygd seg ut or vinterkåpa si, skrudd opp termostaten og blinka seg ut nakkegropa mi!
Ronja Røverdatter hadde tapt om vi hadde stilt skulder til skulder for å kappast om det høgaste vårropet. Den sigeren hadde eg rodd trygt i hamn denne dagen. Eit inderleg "JAAAAAAAA!!" steig utav meg som ein verbal brakfis, og katten som brukte å liggja i kròpet ovanfor huset vårt, skaut rygg og stod på alle klørne ein augneblunk før han stakk.
No. No var det endeleg tid. Tid for slik uteleik og moro som ein ikkje kunne ta seg til med når vinteren held si kalde hand over oss. Eg hoppa opp og ned på staden, dansa Reinlender med meg sjøl og heiv samtidig frå meg hue, skjerf og jakke i rusa tilstand. Vårrus. Solglede. No!
Fram med gamle ulltepper, som var sletne i kantane og ikkje kunne nyttast til best lengre. Fram med små krakkar, solstolen som var berga frå bòssanlegget, plastkoppar og saftflasker. Kjekspakkar som var sparde til nettop no, og jamvel dokker. Dokker som eg eigentleg ikkje leika med. Berre no. Det var vår.
Det var kaldt endå, tèla åt seg opp i små toppar rundt omkring og fingarne våre var vàlne og kjenslekalde etter leik i småkåte sildrer. Men, vi fekk ikkje skjenn om vi gjekk berrhalsa, og dei fyrste vårgjælene spratt lystne fram over naseryggane. Buksebakane vart gjennombløytte når vi sat for lengje stille, og som alltid kulminerte våren i ei kraftig hostekule og påfylgjande feber.
Om det var verdt dèt?
Gjett om!
Om eg på mine eldre dagar har meir hug i hausten si tristesse og lune uro, so mànar eg alltid fram denne yre kjensla som den aller fyrste kjenninga med vår, gjev meg. Denne kriblinga som eg då hadde etter alt som eg meinte var ugjort under vinteråket, denne higen etter graskjenning og anding i vårkald luft.
Våren er rett rundt nòva, og eg har lada opp til vårropet mitt.
Ronja Røverdatter: -Akta deg berre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar