22. apr. 2012

Ein modig vèg, utan mål- men med meiningsmelodi.

Vegen vart kansje ikkje til medan vi gjekk, nokon hadde alt trakka der før- monge par føter hadde stampa, trakka, hoppa og rusla før oss. Men den var ny og uinnvidd for oss. Vi visste vi var på veg einkvan stad, men ikkje kva som var målet.
Når eg går tur aleine, kretsar tankane kring alt og inkje og eg har alltid ein eller annan idiotisk melodi som går på autorepeat inni meg! Sist var det "Dum og deilig, Juba-Juba"...og same korleis eg prøvde meg på andre låtar.."dum og deilig, Juba.Juba". Håplaust. Men og litt greitt. For eg kjem til å gå i takta til desse melodiane, og er det ein rask melodi..raskt tempo og mor får verkeleg køyrt seg i motbakkane!
Litt verre når det var "De nære ting", men det var ein slik dag der eg hadde god tid, og eg kunne gå i rusletempo.
Denne dagen hadde eg fylgje. Minstemann, Porlen(eg har eigentleg lova han å slutte å kalle han for dèt, han er trass alt over 10..men, for meg er han fortsatt Porlen )var med, og når han er med stilnar den indre melodien til fordel for munter prat. Nokre gongar er han framom meg og eg ser den kjappe smågutkroppen hoppe og slingre, balansera på stubber, klatre i tre og fyke leikent over småbekkar. Med ein smidighet ein oter kunne misunna han.
Skuldrane hans er unge og smale, dei er ikkje stramme av stress eller tidsklemme. Desse tinga som vi tileignar oss når vi veks til og vert vaksne. Enn so lengje er skuldrane hans lause og ledige, og han bèr det som måtte koma med tilforlateleg pågongsmot.
Eg ser. Og eg nyt synet.
Medan han sprett der framom, spør han uavbrutt. Om alt som måtte ramle inn i det unge og friske hovudet hans.
" Donkey Boy, mamma. Den nye songen du veit, den du lika so godt..City Boy. Vil du vi skal spele den i begravelsa di? Sida det e yndlingssongen din?"
Eg stoggar opp. Litt overraska over spørsmålet, og kva bakgrunnen for det er.
"Dei synge no: underneath my skin, there`s an eagle. Handla `kje det om å vere modig? Og det e no du!!"
Eg går etter. Fortsatt i undring over vinklinga og spørsmålet i seg sjølv. Men svarar eigentleg ikkje, berre lèt han få sprette avstad med kropp og tankespinn. Det er dette som er essensen i turen, kjenner eg. Å gå her, utan anna mål enn det som vert til undervegs, kvart augneblikk er eit delmål i seg sjølv- og vi når monge mål på denne turen.
"Men det e` kansje en litt for moderne song for begravelse. Sjølv om ej ikkje he vore i noka..endå. "
Det er fantastisk å kunne få lov til å vera med på slike turar. Turar som let opp døra og slepp meg innanfor i vesenet til han som er ein forlengelse av meg sjølv, eit utspring av meg og faren- ein som snart skal klippe si siste snor til det trygge, men kansje begrensande barnelivet. Og gå inn i det ukjende med sine eigne melodiar både inni, og utanpå.
Turen er ikkje so long. Vi treng ikkje gå dei brattaste fjella, dei høgaste tindane for å kjenne på turgleda. Nokre gongar held det med den turen som berre varar ei kort stund. Ein kan sanse mykje på kort tid, om ein kan få lov å gå bakom byrjinga på livet.
Idag fekk eg ein slik tur. Naturen var rama rundt ein annan og mykje viktigare tur, den vi går ilag i livet. Porlen viste veg og det slo meg at det er nettop slik det bør vera! Ikkje skal vi som er vaksne og "forstandige" alltid vera dei som skal gå føre og leggja opp reiseruta! Nei! La desse som skal få lov å gå monge fleire turar etterkvart, få gå fyrst og trø feil, slik kan vi- jamvel om vi har trødt feil dei same plassane monge gongar før, få oppleva det å sjå turgleda. Trass feilstega, trass usikkerheita kring reiseruta og målet.
"Underneath my skin, there`s an eagle". Ja, eg er kansje modig. Eg er modig nok til å la borna få lov å gå fremst. Stundom.
Og, eg - gjeng alltid der, litt bakom og ser vegen vert til.

2 kommentarer:

  1. Dette er en av dine tekster som motiverer meg til å skrive mer, som tar bort det som sperrer for egne ord. Formen, flyten og fantasien som forløser min egen kreativitet.

    Så godt for alle oss andre at du er til :-)

    Vid@r

    SvarSlett
  2. ..rørt. Av at du takkar meg for å motivera. For det er det eg vil! Alle burde vi faktisk ynskje å bevege og motivere andre. Alle burde vi strekkja oss etter mogligheita til å KUNNE gjere det, om enn berre ein gong. Takk, Vidar- eg tek det til meg :)

    SvarSlett